Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Michael Ondaatje. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Michael Ondaatje. Vis alle innlegg

tirsdag 17. juli 2018

Booker-longlist 2018: "Warlight"

Forfatter: Michael Ondaatje (f. 1943)
Utgitt: 2018
Format: Lydbok, 7t 32min 58sek
Forlag: Random House

Den asiatiskfødde canadiske forfatteren Michael Ondaatje er mest kjent for sin roman The English Patient som han nyleg mottok The Golden Man Booker Prize for. I tillegg til den romanen har han skrevet ei rekke andre romaner, men og skrevet memoarer, poesi og film. Warlight er hans sist utgitte roman, og kan stå på Man Bookers langliste neste veke.
In 1945 our parents went away and left us in the care of two men who may have been criminals.
Slik starter Warlight, og i løpet av dei neste sju timane blir du kjent med Nathaniel som i ein alder av fjorten år blir forlatt av sine foreldre. Han blir som søstera Rachel på seksten år, sendt på kostskule og skal i feriene bli ivaretatt av ein mann dei kaller The Moth. Søskenparet blir ikkje lenge på kostskulen, og blir etterkvart meir og meir heime hjå The Moth og hans merkelige krets av bekjente. Dei mistenker tidleg at The Moth og hans bekjente er kriminelle, og det er ikkje før Nathaniel blir vaksen at han finner ut det motsatte. Eit par veker etter at foreldrene angivelig har reist til Singapore gjer søskenparet ein oppdagelse som gjer at dei heretter ikkje aner kor foreldrene har tatt vegen. Eit toneskifte i romanen og ein blir kjent med Nathaniels mor, og hennar historie. Mange år seinare nøster Nathaniel opp tråder frå sin barndom og gjer oppdagelser som i hans sinn frikjenner The Moth og 'Darter' frå den kriminelle løpebane. Spørsmåla er mange og svara er få for Nathaniel, men enkelte gonger er det muligens best å akseptere at fortiden er eit mysterium.

Denne høyrte eg store deler av på toget frå Kristiansand til Stavanger. Eg blir lett reisesjuk og om denne hjalp er eg usikker på. Eg trur eg har gått glipp av ein del, og kjem nok til å lese den om igjen på papir ein dag. Då eg las Ondaatjes The English Patient for nokre år sidan vart eg umiddelbart fascinert av hans skrivemåte, og den fascinasjonen blir ikkje svekka med Warlight. Det som imidlertid irriterer meg ved Warlight er måten Rachel bare "forsvinner" så snart barndommen er over. Eit lite glimt då Nathaniel besøker ho, men ho får ikkje anledning til å fortelje sin historie om korleis det var å miste sine foreldre på den måten dei gjorde. Om romanen hadde blitt ein anelse lengre då hadde ikkje gjort så mykje, men eg sakner ein forklaring frå Rachel. Romanen er vel verdt å lese!

XOXO

mandag 9. desember 2013

Bok: "The English Patient"

Forfatter: Michael Ondaatje
Utgitt: 1992
Format: Lydbok, lest av Christopher Cazenove, 8t27min
Forlag: Books on Tape
Mål/utfordringar: 1001 bøker

Michael Ondaatje er fødd i Sri Lanka, men bur idag i Canada. Hans fjerde roman, The English Patient, var ein av to vinnere av Man Booker Prize i 1992. I 2007 var han nominert til den internasjonale Booker-prisen. Hans foreløpig siste roman er The Cat's Table frå 2011.

The English Patient fokuserer rundt ein forbrent mann som ligger på eit tidlegare militærsjukehus i Italia. Pasienten kan ikkje seie kva han heiter, men han fortel ein fascinerande historie om eit tidlegare liv, og ein kjærleikshistorie som andre kan misunne ham for. Historien blir fortalt i bolker til sjukesystera Hana, som nekta å forlate pasienten. Etterkvart kjem to andre menn til syne i det forlatte sjukehuset. Caravaggio er ikkje redd for å stjele det han trenger, han har deltatt i krigen, og kjem til Italia på leiting etter Hana. Kip er ein indisk soldat som blir igjen på sjukehuset for å passe på ei bombe. Alle fire blir etterkvart dratt inn i historien som inneheld forboden kjærleik, bedrag og svik.

Det er ikkje lett å skrive anmeldelse to månader etter at romanen var ferdighøyrt, men hederlege forsøk er gull verdt. For fleire år sidan såg eg filmen som er basert på romanen, og den gjer ære på Michael Ondaatjes roman. The English Patient har eit nydeleg språk, drivande historie, og interessante karakterer. Dette er ein roman eg godt kan lese om igjen. Anbefales!

XOXO