Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Bladkompaniet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bladkompaniet. Vis alle innlegg

tirsdag 28. februar 2012

Bok: "Tre søstre - en trilogi"



Forfatter: Nora Roberts
Originaltitler: Born in Fire, Born in Ice, Born in Shame
Utgitt: 1994 og 1995
Mine utgåver: 2002
Oversettere: Jan Schei og M. Østby
Format: Paperback
Forlag: Bladkompaniet
Frå: Mi bokhylle (10., 11. og 12. bok i 'Off the Shelf')

Baksidetekst: En liten landsby på den irske vestkysten - og tre unge kvinner som prøver å løse fortidens gåte og skape seg en ny fremtid.

Sjølvsagt er baksideteksten lenger enn som så, men her snakker me om tre bøker, og baksideteksten ville tatt halve innlegget. Tre søstre-trilogien handler om Margaret Mary Concannon, Brianna Concannon og Shannon Bodine i Clare County, Irland.

På kvar sin måte er dei sterke kvinner som er fornøgd med livet dei har skapt seg, men når sjansen byr seg for meir, griper dei den. Om ikkje med nebb og klør, så med list og ikkje så reint lite forbannelser.

Rogan Sweeney feier inn i Margararet Marys glasshytte i første bok, og blir umiddelbart hevet ut. Han biter seg imidlertid fast lenge nok til at Margaret Mary innser at ho kan ikkje leve utan ham. Grayson Thane derimot tar ein anna vending i andre bok då han bestiller rom på Briannas vertshus for å skrive den neste spenningsromanen sin. Grayson har aldri følt virkelig kjærlighet, og Brianna får han til å innse at kjærlighet er det meste magiske i verden. Shannon Bodine derimot kjem til Irland for å møte sine ukjente søstre i tredje bok, og naboen, Murphy Muldoon, blir umiddelbart betatt. Ho på si side syns han er ein dust, men blir kjapt og brutalt vendt vekk frå den ideen.

På kvar sitt vis møter dei kjærlighet, stritter imot, men innser at livet er ikkje den same utan den andre ved siden av. Midt oppi det hele treffer me landsbyborgere, Margaret Mary og Briannas mor, Maeve Concannon, og selskapsdamen hennar, Lottie Sullivan. Søstrenes far, Thomas Concannon, lurer og i skyggene, og blir ikkje så reint lite nemnt i bøkene.

Absolutt god tidtrøyte, og tre av mine comfy books!

XOXO

tirsdag 2. mars 2010

Bok: "Carolina Moon"

"When that guy was growing up he didn't wish you'd come back every time he got the long end of the wishing bone. Or blew out his candles on his birthday cake. Or saw the first star in the sky. And that's too bad for him, because he never got to see all of his wishes come true better than he ever hoped. Just let your walls down, Tory. I'm letting mine down." Oliver Hudson to Claire Forlani in "Carolina Moon" (2007)

Victoria 'Tory' Bodeen kjem tilbake til Progress, North Carolina etter nesten 20 år vekke frå byen ho tilbrakte sine første leveår. Etter at venninna Hope vart brutalt voldtatt og myrda tok faren med seg Tory og mora og reiste avgårde. Nå er Tory på vei tilbake. Til spøkelsene og foreldra som bur ikkje så altfor langt vekke frå Progress, for å opne butikk. Enkelte er nok meir glad for dette enn andre, men korleis er det med mordaren? Tory "ser" meir enn andre, og merker at det er noko gale, men har ho tid til å stoppe det? Har Cade dei same kjenslene for Tory som tidlegare?

Det er ikkje lett å få med alle detaljer når ein skal lage film av ei bok på 400 sider. Samtidig trur eg filmskaparar tar seg visse friheter for dei sitata eg er mest glad i når eg ser filmen, er ikkje med i boka, og fullt av folk som er med i boka er heilt kutta ut i filmen. Men! Historien er den same, og den er like bra anten du les boka eller ser filmen.

"Well, I'm going too. To the ends of the earth if that's where you're headed." Oliver Hudson to Claire Forlani in "Carolina Moon" (2007)
XOXO