Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Jan Mehlum. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jan Mehlum. Vis alle innlegg

torsdag 10. oktober 2013

Bok: "Det annet kinn" (Svend Foyn #3)

Forfatter: Jan Mehlum
Utgitt: 2007
Format: Lydbok, lest av Nicolai Cleve Broch, 7t12min6sek
Forlag: Lydbokforlaget

Per idag har Jan Mehlum tretten romaner om Svend Foyn på samvittigheten. Det annet kinn er den tredje og ifølge Turid Larsen i Dagsavisen befester Jan Mehlum sin etter hvert trygge plass som habil spenningssnekker med den siste romanen (frå omslaget til lydboka). Den andre romanen mottok han Rivertonprisen for, og eg er ikkje ferdig med denne forfatteren.

Tønsberg-advokaten har komt seg etter strabaset i forrige bok, og er nå klar for nye utfordringar. Då han blir oppsøkt av sin tidlegare flamme, Anna Löwe, har ikkje Foyn så veldig lyst til å ta saken. Gunnar Staalesens romankarakter Varg Veum hadde alltid som prinsippsak (så vist eg husker) å ikkje ta saker med forsvunne ektemenn. I Veums tilfelle trenger han penger; Foyn har ikkje det problemet. Foyn tar likevel saken, og skal nå leite opp overlege Sten Löwe. Det vil vise seg at Löwe er ein damemagnet, og eg humra godt då Foyn i sitt stille sinn utbryter:
"Var det min skyld at hun hadde endt opp med lokalutgaven av Casanova?"
Löwe har hatt sine svin på skogen, både her i landet, og lenger ut i Europa. Då Svend Foyn slår seg ihop med politiet kjem det fram at Löwe er ikkje det einaste forsvinningsnummeret i Tønsberg dei siste åra, og heller ikkje det siste. Foyn klarer som alltid å rote seg oppi skumle menn og vakre damer, men lander som regel med beina på bakken.

Korleis ein advokat klarer å rote seg oppi slike saker gong etter gong er eit spørsmål, men det er spennande å fylgje med. Det går til tider i ein heseblesande fart, og det er få kvelder Foyn kan sette seg ned i godstolen med Backe-Gabrielsen og sjakkbrikkene. Det annet kinn er mindre intens enn Kalde hender, men den er ikkje mindre spennande. Nicolai Cleve Broch gjer ein god figur for opplesinga, og eg har ingenting å utsette på han. Anbefales!

XOXO

onsdag 17. juli 2013

Rivertonvinner: "Kalde hender" (Svend Foyn #2)

Forfatter: Jan Mehlum
Utgitt: 1998
Format: Innbundet, 220 sider
Forlag: Gyldendal
Mål/utfordringar: Riverton/Glassnøkkelen

Eg var ikkje spesielt fornøgd med Jan Mehlums debutbok, Gylne tider, men på to år har Mehlum kome seg veldig. Det er ingen tvil om at Kalde hender fortjener sin plass på Riverton-lista.

Tønsberg-advokaten Svend Foyn er igjen ute og snuser. Ein sein ettermiddag får Foyn besøk på kontoret av ein sekstenåring med millimeterkort hår, metallkjede rundt halsen og ein dolk i beltet. Han ytrer ikkje eit ord, og sekunder seinare er han ute av døra. Då guten nokon timar seinare blir funnen overkøyrt av toget, kan ikkje Foyn slå seg til ro med at det heile var eit uhell. Han begynner å undersøke forholda rundt guten, og finner både tråder til fortida, og dagens organiserte kriminalitet. Det skjer veldig mykje på kort tid så for å ikkje avsløra noko så blir det med dette.

Kalde hender var uhyggelig, ekkel og akkurat så ubehagelig som ein god krimroman skal vera. Den fekk meg ikkje i seng, og måtte lesas ferdig der og då. Eg lurer fælt på kor Jan Mehlum tar det frå, men på den andre sida vil eg eigentleg ikkje vite det. Du forstår den tanken om du les boka. Nå er eg spent på neste bok om Svend Foyn, Det annet kinn. Anbefales på det sterkaste, men ikkje for sarte sjeler!

XOXO

onsdag 10. juli 2013

Bok: "Gylne tider" (Svend Foyn #1)

Forfatter: Jan Mehlum
Utgitt: 1996
Denne utgåva: 2008
Format: Lydbok, lest av Ove Christian Owe, 9t5min14sek
Forlag: Lydbokforlaget

Gylne tider er Jan Mehlums debutbok, og me blir kjent med advokaten Svend Foyn frå Tønsberg. Foyn er den klassiske privatdetektiven; drikker litt, har forhold til damer i alle aldre, roter rundt i bakgater og blir banka opp av dei slemme gutta. Han har ei dotter på 9 år som kvar onsdag og annakvar helg prøver å få faren til å ta tran og eta riktig.

I Gylne tider får Svend Foyn sitt første etterforskeroppdrag då ein gammal flamme ringer og ber han om å finna Cecilie. Ho blir funnen død med ein overdose heroin i blodet, og politiet henlegger saken med diagnosen overdosedødsfall. Som alle andre privatetterforskere trur Foyn det ligger noko meir bak enn ein simpel overdose, og etterforsker saken på eiga hand etter at ein slektning av Cecilie tilbyr han påskjønnelse for arbeidet. Foyn snuser rundt hit og dit, treffer på eit par uheldige typer, men finner til slutt ut sanninga.

Krimromanen byr på god underhaldning, men det er omtrent det einaste. Mehlums debutbok er tidvis rotete utan ein bestemt plan. Foyn virrer mellom Tønsberg og Oslo, og tar ein tur til København på jakt. Bonus til Mehlum at det er Tønsberg, og ikkje Oslo, som er hovudbasen, men det er for mykje anna som skurrer til at romanen får toppkarakter. Det er første gongen eg høyrer Ove Christian Owe som leser, og han gjer ein god figur.

XOXO