Hovudpersonen i Det store bildet derimot er det mange meininger om. Kona til Stordalen, legen med det lange lyse håret og grunnlegger og president i EAT Foundation. Gunhild A. Stordalen har vore i medias søkelys i fleire år, og for eit par år sidan slo krigstypane mot folk då det vart avslørt at Stordalen hadde fått sykdommen systemisk sklerodermi. Der og då virka det som om dette var nyoppdaga med heilt ferske symptomer. Etter å ha lest boka får eg nok ein gong bekrefta kvifor eg sjelden betaler for å lese blader og aviser som VG og Se&Hør - overskrifter selger utgåver!
Det var en av de siste morgenene våre i Sveits. Vinduet var åpent, himmelen var blå og sollyset reflekterte i snøen. Da jeg strekte meg over bordet for å ta tekannen, fikk jeg øye på noe av det fineste jeg hadde sett i hele mitt liv. En liten, blå blodåre var i ferd med å bli synlig på underarmen min. (s. 204)Faktum er at Gunhild Stordalen har kjent symptomer på sjukdommen sidan tenåra. Etter å ha jobba seg gjennom store deler av legestudiet treffer ho sin nye nabo, den nyskilte og sytten år eldre hotellkongen Petter Stordalen. Etter ein del fram og tilbake ender dei som gift med Bob Geldof som prest i 2010, men det er lenge sidan Gunhild Stordalen har skjult symptomene for sin nye ektemann. Ekskjærastane har nemleg ikkje sett noko til dette. I 2014 var Stordalen hjå dermatolog for noko så ubetydelig som ei liktorn og ba dermatologen sjekke hudforandringer på brystet. Det satte ballen i gang, og ho ender på sjukehus i Amsterdam for behandling. Det blir nokre tøffe år, og samstundes som eg leser dette svart på kvitt får eg større respekt for Gunhild Stordalen.
Boka er skrevet i samarbeid med Jonas Forsang, og inneheld i tillegg til historien om Gunhild Stordalen ei rekke med faktaopplysninger om det Stordalen er opptatt av - klimaendringsspørsmål, helse og dyrevelferd. Det gir boka meir kjøtt på beinet, men det er først og fremst ein kamp for livet. Og ein hyllest til livet. Og til kjærligheten! Det store bildet er godt skrevet, men om det er noko eg skal sette fingeren på må det vera korleis familien til Gunhild Stordalen hadde det under dottera og søsteras tøffe behandlinger. Om dei har blitt spurt om å delta eller ei står det ingenting om, kun i takketalene blir dei nemnt mot slutten. Det virker litt rart med tanke på at det var heim til mor Gunhild Stordalen reiste då symptoma raste før diagnose. Uansett anbefalt!
| Utgitt: 2018 | Format: Innbundet, 269 sider | Forlag: Pilar |
XOXO
