
Forfatter: Robert Seethaler (f. 1966)
Originaltittel: Ein ganzes Leben, oversatt av Charlotte Collins
Utgitt: 2014
Min utgåve: 2015
Format: Kindle, 149 sider
Forlag: Picador
Den østerrikske forfattaren Robert Seethaler er eit ukjent namn for meg, men han har fire tidlegare romanar på samvittigheten, bur i Berlin og er skodespelar i tillegg til forfattar. Med romanen A Whole Life debuterer han i Booker-samanheng.
A Whole Life handler om Andreas Egger som heile livet bur i dei østerrikske alper. Som barn vart han foreldrelaus, og kjem til onkelen og familien hans. Onkelen er bonde og ein brutal mann, men det tar ikkje lang tid før Andreas blir sterk av alt arbeidet. Då han forlet onkelen får han jobb innan ingeniørfaget og hjelper til med montering av kabelvogner som skal frakte folk til fjells. Ved eit besøk på det lokale vertshuset treffer han Marie og ho blir hans store kjærleik. Livet farer ikkje lett hen for Andreas, og i løpet av 149 sider er det både glede og sorg, tunge tider og malende landskapsbilete.
A Whole Life er på knappe 149 sider (i andre utgåver har eg sett 160 sider), men Robert Seethaler skriver verkeleg eit heilt liv inn i disse sidene. Det er lågmælt og går ikkje fort avgårde, men det passer hovudpersonen utmerka. Romanen blir samanlikna med Ernest Hemingways The Old Man and the Sea og John Williams' Stoner, og eg er samd i dette. Eg har god lyst til å finne fleire Seethaler-romaner for å sjå om hans tidlegare bøker er like gode. Kan ein slik liten roman hevde seg i Booker-samanheng, og mot forfattere som Orhan Pamuk og Kenzaburõ õe? Tida vil vise. Anbefales!Les gjerne anmeldelsen til Beathe.
XOXO