Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Utgitt: 1939
Min utgåve: 2007
Format: Eiga bok, heftet, 317 sider
Forlag: Harper
Den britiske forfatteren Agatha Christie er mest kjent for historiene om Hercule Poirot og Jane Marple. And Then There Were None, som originalt heiter Ten Little Niggers, er ein av dei mest kjente utan Poirot og Marple. I morgon og lørdag kjem det ei nyinnspeling av historien på TV2 og i den forbindelse har eg lest boka.
Ti personar har fått kvar sitt brev om å møtes på Soldier Island. Personane er av kvart kjønn, ulike i både veremåte, yrke og korleis dei kjenner brevskrivaren. Soldier Island har vore eit hett tema i mediene den siste tida på grunn av ny eigar, og alle mottakerne har lyst til å sjå øya. Då dei kjem fram til havna venter ein tenar, men eigaren er ikkje å sjå. Det blir opplyst at eigaren er forsinka, men vil kome så fort som mogleg. Alle personane er godt fornøgde med romma sine, og legger merke til at det er ei barneregle innramma på kvart rom:
Middagen blir servert, og rett etterpå medan dei venter på kaffen bryter det ut ein stemme i rommet. Stemmen namngjer alle ti personer, og det viser seg at alle har ein stygg hemmelighet. Ti personer i rommet og alle har vore innblanda i eit mord! Det tar ikkje lang tid før den første av ti er død. I løpet av kort tid skylder alle på kvarandre, og i mens hyler stormen ute. Ingen kjem av øya i første øyeblikk, og dei er overlatt til kvarandre. Kven er mordaren, og vil nokon overleve?
Akkurat slik ein påskekrim skal vere, og det beviser at klassisk krim er vel så bra, om ikkje betre, enn den moderne krimmen som blir publisert i disse dager. Agatha Christie burde finnas i alle bokhyller for makan til fantasi skal ein leite lenge etter. Anbefales!
XOXO
Søk i denne bloggen
Viser innlegg med etiketten Harper. Vis alle innlegg

torsdag 24. mars 2016
lørdag 25. juli 2015
Bok: "Go Set a Watchman"
Forfatter: Harper Lee (f. 1926)
Utgitt: 2015 (opprinneleg skrevet i 1955)
Forlag: Harper
Anna: Kjøpt ebok, 288 sider, kjem på norsk 24. august
Årets store snakkis i bokverda har vore Harper Lee, og hennar mange år som forfatter av ei bok. Plutseleg kom andreboka, 55 år etter suksessen To Kill a Mockingbird, og den nye boka Go Set a Watchman låg på Amazons toppliste fleire månader før publisering 14. juli. Normalt sett pleier ikkje eg å bry meg så veldig om hypa bøker, men denne gongen ynskja eg å sjå kva det gjekk i. Boka ramla inn på Kindle'n 14. juli, men eg venta eit par dager og var ferdig med boka godt 4 dager etter alle andre på Goodreads. Så var det verdt det?
Go Set a Watchman byrjer handlinga godt tjue år etter Atticus Finchs kamp i retten, og Jean Louise er på veg heim til Maycomb frå New York. Ho har budd i New York dei siste fem åra, og reiser heim ein gong i året på sommarferie. Normalt sett pleier ho å ta flyet, men av hensyn til sin 72-årige far har ho denne gongen satt seg på toget. Heime venter faren, tante Alexandra og kjærasten Henry. I løpet av boka må Jean Louise navigere Maycomb på eiga hand - utan broren, utan Calpurnia og utan Dill. Det blir ikkje enkelt, og då ho oppdager at både faren og Henry deltar på eit møte kun for kvite blir Jean Louise opprørt og sjokkert. Avreisen til New York skjer fort og gale, og idola ho hadde som barn blir mindre.
Først og fremst vil eg ikkje karakterisere Go Set a Watchman som verken forløper eller oppfølger til To Kill a Mockingbird. Den handler om dei same folka, bare i ei anna tid og med eit anna perspektiv. Jean Louises forteljarstemme er vekke, og tjue år etter handlinga i To Kill a Mockingbird har muligens sørstatene i USA kome litt lenger. Men var det verdt det? Det er alltid interessant å lese ei bok samtidig som "alle andre" gjer det, og sjølv om eg ikkje er redd for verken spoilere eller anmeldelser før eg har lest ei bok sjølv så er eg glad eg har lest boka.

Abonner på:
Innlegg (Atom)