Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Elena Ferrante. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Elena Ferrante. Vis alle innlegg

lørdag 16. februar 2019

Lesesirkel 1001 bøker: "Kvelande kjærleik" av Elena Ferrante

Det italienske forfatternamnet Elena Ferrante er eit pseudonym og det er svært få i verda som veit kven som eigentleg skriver om Napoli, og dei etterkvart meget kjente bøkene om Elena og Lila. Før Napoli-kvartetten skreiv Ferrante enkeltståande romaner, og det som er gitt ut i Noreg blir publisert av Samlaget. Nynorsk fungerer veldig godt for Ferrante, men som eg skal sei meir om lenger nede får eg ikkje Ferrante til å fungere for meg.

Kvelande kjærleik er debutromanen til Ferrante og her møter me Delia som er midten av 40-åra, og romanen beskriver eit trøblete forhold mellom mor og dotter. Delia bur åleine, og får mora på besøk innimellom. Det irriterer Delia grenselaust då mora ikkje sitter stille på besøk, men rydder og vasker overalt. Ikkje lenge etter siste besøk forsvinner mora sporlaust og dukker etterkvart opp i sjøen iført undertøy Delia aldri kunne tenkt seg at mora eigte. For å komme til bunns i saken om mora blir Delia nødt til å rekonstruere moras siste dager, og reiser til heimbyen Napoli på jakt etter svar.

Eg innrømmer først som sist at eg har skumma store deler av boka, og det same gjorde eg med forrige enkeltståande roman, Svikne dagar, og med siste bok i Napoli-kvartetten. Elena Ferrante har godt språk og gode setningar, men eg får det ikkje til. Eg leser kun for å lese, kun for å få kryss og det stemmer ikkje for meg. Temaene, som her om forholdet mellom mor og dotter, interesserer meg ikkje og eg undrer meg over om det kan vera fordi eg ikkje har eit slik forhold til mi mor. Når ein forfatter er så bejubla er det litt sårt å ikkje like bøkene og ikkje juble når det kjem ei ny bok.


Kvelande kjærleik er i 1001 bøker, og ubesluttsomme meg har lagt denne til i januar-kategorien i lesesirkelen min (eg har sikkert endra bokvalg 3 gonger for den månaden). Har du problemer med enkelte forfattere som andre elsker?

| Originaltittel: L'amore molesto, oversatt av Kristin Sørsdal | Utgitt: 1992 | Min utgåve: 2018 | Format: Innbundet, 171 sider | Forlag: Samlaget |

XOXO

lørdag 28. mai 2016

Bok: "Dei som flyktar og dei som blir" (Napoli #3)

Forfatter: Elena Ferrante
Originaltittel: Storia di chi fugge e di chi resta, frå italiensk ved Kristin Sørsdal
Utgitt: 2013
Min utgåve: 2016
Format: Innbundet, 501 sider
Forlag: Samlaget

Den italienske forfattaren Elena Ferrante er framleis eit mysterium i bokverda, og eg undrer meg om ho hadde tatt steget ut viss ho hadde vunnet den internasjonale Booker-prisen. Den fjerde boka, Historia om det tapte barnet, kjem på norsk til hausten. Eg hadde den heime frå biblioteket før vinnaren av nemnte Booker-pris vart annonsert, men for mange bøker og for liten tid gjorde at den vart levert tilbake ulest.

I Dei som flyktar og dei som blir går me direkte frå hendingane i førre bok. Elena giftar seg med ein akademikar, blir mor og husmor i Firenze, men er ikkje fornøgd med livet. Lila kjempar for å overleve som fabrikkarbeidar samtidig som ho skal vere mor, og tar ivrig del i 70-åras kamp for betre arbeidsvilkår. Begge to har med nebb og klør forsøkt å sleppe unna barndommens slit, men er fortida i ferd med å innhente dei? Mellom familiane og generasjonane i Napoli ulmar gammalt nag og uvennskap, og til tider er det vanskeleg å halde rede på kven som er kven. Då er det greit at det er karakterliste i starten av boka. Boka er såpass fylt av handling at eg vil ikkje avsløre for mykje, men Elena Ferrante er verkeleg god på skildringar og kvinnene held ofte på tradisjonar dei eigentleg har avfeid som gammaldags.

Romanen er spennande og interessant, og det er fleire hendingar som eg både smiler over og som irriterer meg. Samtidig undrer eg meg over om eg hadde lest disse bøkene om dei hadde vore på bokmål. Er det min kjærleik til nynorsk som gjer at eg kaster meg over Napoli-bøkene, eller er det genuin interesse? Dei som flyktar og dei som blir er tredjeboka, og eg kjem til å lese den siste, men eg har mine tvil om at dette blir verkeleg stor litteraturglede for meg. Anbefales likevel!

XOXO

PS. Tine har skrevet HER!

lørdag 19. mars 2016

Bok: "Historia om det nye namnet" (Napoli #2)

Forfatter: Elena Ferrante
Originaltittel: Storia del nuovo cognome
Utgitt: 2012
Min utgåve: 2015
Format: Eiga bok, innbundet, 574 sider
Forlag: Samlaget, frå italiensk ved Kristin Sørsdal

Ingen andre enn det italienske forlaget kjenner Elena Ferrantes identitet, men bøkene om Napoli har gitt Ferrante eit internasjonalt gjennombrot. Tredje bok i kvartetten, Dei som flyktar og dei som blir har akkurat kome ut på norsk, og den fjerde vart heidra med plass på den internasjonale bookerprisens langliste.

I Historia om det nye namnet er me framleis i Napoli, og går direkte frå hendingane i Mi briljante venninne. Lila har gifta seg med Stefano, og flytta til nybydelen medan Elena går på gymnaset. Samlivet mellom Lila og Stefano er ikkje rosenraudt, og det tar ikkje lang tid før Lila forstår at ho har valgt feil. Elena er kjærast med Antonio, men heller ikkje det er utan skjær i sjøen. Venninnene er ikkje perlevenner heile tida, og eg syns det er ein slags maktkamp mellom dei. Då sommaren kjem blir Elena invitert med på ferie saman med Lila, mor hennar og svigerinna Pinuccia mot at Lila betaler ho kva Elena ville tent på ein sommarjobb. Ferien blir eit vendepunkt i historien, og med mennene vekke heile veka har Lila, Elena og Pinuccia klar bane til all moro. Strandturer og bading blir meir interessant med gamle og nye venner på besøk, og meir enn noko anna lærer Lila at Stefano verkeleg ikkje er mannen for ho.

Ved gymnastidas slutt får Elena ein mulighet til å studere vidare i Pisa, medan Lila er på god veg inn i barndommens fattigdom for å redde seg sjølv. I denne perioden ser venninnene kvarandre lite, men med Elenas besøk i Napoli får ho høyre nytt om alle dei gamle vennene sine. Ingen av dei gjer det på langt nær så bra som Elena, men likevel klarer Lila på sin måte å forpurre tankane til Elena. Akkurat det irriterte meg i denne boka. Misunnelse ligger tjukt utanpå i denne boka, og det er ikkje bare i forholdet mellom dei to venninnene. Det er fleire som seier at Historia om det nye namnet er betre enn Mi briljante venninne, men eg syns det var vel mykje syt og styr i denne boka. Mogleg det blir betre i tredje som ligger klar. Hadde eg syns det same om eg ikkje visste at det var fleire bøker? Spennande spørsmål i alle fall. Anbefales, om ikkje anna så for nynorskens del!

XOXO

søndag 30. august 2015

Bok: "Mi briljante venninne" (Napoli #1)

Forfatter: Elena Ferrante
Originaltittel: L'amica geniale
Utgitt: 2011
Min utgåve: 2015
Format: Innbundet, 404 sider
Forlag: Samlaget, frå italiensk ved Kristin Sørsdal

Ingen andre enn det italienske forlaget kjenner til Elena Ferrantes eigentlege identitet, men det hindrer ikkje lesere i å kaste seg over den første boka i Napoli-kvartetten. Bøkene er i sal i Noreg på engelsk, og den fjerde på engelsk er rett rundt hjørnet, men med min forkjærlighet for nynorsk (og absolutt ingen ekstra-tid akkurat nå) så rekner eg med å vente til oktober for bok 2.

Mi briljante venninne går føre seg i Napoli på slutten av 1950-talet. Historia blir fortalt av Elena som i fyrste kapittel får vite at venninna gjennom mange år er sporlaust vekke. Sonen kan fortelje at ingenting er igjen etter mora. Elena går i tankane tilbake i tid, og bestemmer seg for å skrive ned historia om seg sjølv og Lila, og vender tilbake til eit Napoli i endring.

I første bok går venninnene frå 11 til 16 år, og på fem år skjer det ein heil del. Dei bur i ein bygård med familiane sine, og har mange venner og i starten er dei ikkje venninner. Det tar ei tid før dei blir fortrulege, og i perioder kan dei nesten ikkje vera frå kvarandre. Lila og Elena er veldig ulike, og ynskjer i utgangspunktet forskjellige oppgåver i livet. Likevel kan eg ikkje leggje frå meg at dei begge ynskjer det den andre får: Lila blir gift som sekstenåring, og Elena får gå på gymnaset. Sidan det er Elena som fortel får me høyre mykje om misunninga hennar overfor Lila, men kva med misunninga Lila har overfor Elenas skulegong? Korleis hadde romanen blitt om dei begge hadde gått på gymnaset? Dette er spørsmål som har hengt over meg gjennom store deler av boka, og som muligens blir besvart i dei neste bøkene.

Mi briljante venninne er ein meget god roman, og den gir eit innblikk i eit Italia i endring i dei neste årtiene. På same tid som den er meget god, finner eg den tidvis irriterande på grunn av måten Elena higer etter å vere som Lila, og korleis ho bekymrer seg for ting som Lila gjer eller ikkje gjer. I dei øyeblikka blir det eit ungdomsromanpreg over den, men eg satser på at den irritasjonen går litt vekk i bok 2. Som ihuga nynorskbruker fryder eg meg over at det er Samlaget som gir ut alle bøkene i kvartetten, og eg håper det vil gi eit løft for nynorsk. Anbefales!

XOXO