Utgitt: 2015
Forlag: Vintage Digital
Anna: Kjøpt ebok, 312 sider
Den irske forfatteren Anne Enright mottok i 2007 Man Booker Prize for The Gathering. Den boka las eg fem år seinare, og den dag i dag har eg eit horn i sida til Enright. Eg likte ikkje boka i det heile tatt, men eg byrjer å lure på om det kan vera den norske oversettinga det er noko gale med. Anne Enright skriver både romaner og noveller, og er publisert i begge sjangre.
The Green Road handler om ein syskenflokk på fire som alle har forlatt opphavet sitt for å søke lukka andre stader av verda. Dei har alle sine problem, men då mora, Rosaleen, skriver i julekorta til barna sine at ho skal selgje huset blir dei tvungne til å kome heim for å feire jul.
Romanen er delt inn i to deler: Leaving og Coming Home. I første del har syskena og mora kvar sitt kapittel, Hanna, Dan, Constance, Emmet og Rosaleen, men årstala er ikkje dei same. Det spenner seg frå 1980 til 2005, og fortel i brokker om hovudpersonen og små drypp om kva dei andre syskena gjer. I første del får me høyre om Hannas liv då ho blir med faren til farmora, om då Dan vil bli prest og om då ho besøker Dan på college i Galway. Elleve år seinare treffer me Dan i New York der han har budd nokre år saman med kjærasten Isabelle. I løpet av eit ferieopphald har han eit homofilt forhold til Billy. Seks år seinare er den eldste av syskena, Constance, på sjukehuset for å finne ut om ho har brystkreft. Ho mimrer tilbake til ungpikedagene då ho sparte for å flytte til Amerika med venninnene, men endte i staden opp som gift husmor med tre unger. Fem år seinare treffer me Emmet i Mali der ha sannsynligvis arbeider som lege. Tre år seinare skriver Rosaleen julekort med annonseringa om at ho vil selgje huset. I andre del er ungane på veg heim for å feire jul, og med fire veldig ulike sysken under same tak oppstår det litt av kvart. Samtaleemner går i taket, og det heile kulminerer i at Rosaleen forlater huset utan å seie frå til nokon. Etter nokre nervepirrande timar med søk etter ho blir ho funnet, huset blir solgt og alle er lukkelege. Eller?Anne Enright skriver bra i denne romanen, eg har nesten gitt opp det hornet i sida. Likevel er det noko som skurrer. Eg syns det mangler noko på slutten, den er litt for open for min del. Kva kjem til å skje med Rosaleen og barna. Blir dei lukkelege og kan snakke med kvarandre på eit normalt vis, eller vil dei alltid leve i kvar sitt område av verda? Den dysfunksjonelle familien er eit emne mange forfattere har skrevet om, og det ser ikkje ut til å gå tomt. Alt i alt er det ein god roman, og om den kjem på longlist i morgon så jubler eg av fleire årsaker.
XOXO
Andre anmeldelser: Ann Helen, Linn og Stine.



