Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Lucinda Riley. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lucinda Riley. Vis alle innlegg

mandag 29. mai 2023

"Atlas. The Story of Pa Salt" av Lucinda Riley og Harry Whittaker

Lucinda Riley (1965-2021) var ein irsk forfatter som var kjent for serien om D'Apliese-søstrene. For to år sidan las eg den syvende boka, for så eit par veker seinare bli med to av mine venninner til Bergen. Medan me sitter på bussen kjem nyhetsmeldinga om Lucinda Rileys død. Sjokket var massivt over store deler av verda då ho nyleg hadde annonsert at det skulle kome ei åttande bok. Dagen etter nyheten var eg på Troldhaugen, og det var ei spesiell kjensle å sjå igjen Troldhaugen og kjøpe ein slik frosk som var ein stor del av Edvard Grieg. Ein frosk som eg trur Lucinda Riley hadde heime etter besøket på Troldhaugen i forbindelse med bok 2, Stormens søster

Det store spørsmålet "alle" stilte seg: "Kva ville skje med bok 8?" I kulissene hadde Lucinda Riley innvia sin eldste sønn, Harry Whittaker, i prosjektet. Han har fullført si mors prosjekt med bravur, og eg er sikker på at Lucinda Riley smiler.

Eg kjem ikkje til å skrive noko særleg om kva som skjer i boka for det er framleis mange som venter i kø på biblioteket, og som ein ivrig låner på biblioteket hadde eg blitt eitrande sint om nokon hadde avslørt handlinga for meg. Eg har høyrt lydboka, lest inn av Richard Armitage og Tuppence Middleton. Det tok meg eit par dager før eg kom inn i boka, også skaut det fart.

Eg reiste på ferie, og tenkte i utgangspunktet at eg kunne ikkje surre rundt i Stockholm med Atlas i øyrene. Så feil kan ein ta! Det er mykje å huske på, det er mange personer å halde styr på, og eg merka at så fort eg fokuserte på ein spesiell bygning, ei bok i ein bokhandel eller kom til ei gate med mykje som skjedde så kobla eg ut boka. Men det går! Nedover Drottninggatan som eg kjenner godt, midt i folkemylderet høyrte eg om Maia, Ally, Star, Cece, Tiggy, Electra, Merry, Georg, Claudia, Marina og alle historiene om korleis Pa Salt hadde blitt Pa Salt.

Tirsdag førre veke syns eg det gjekk seint. Då hadde eg lagt ut i insta-story at boka muligens vart ferdig den dagen, men dengang ei. Marianne (ebokhyllami) foreslo å skru opp hastigheten og eg la raskt vekk forslaget. Det gjekk seint fordi eg var så utolmodig etter å vite slutten for akkurat då trudde eg at eg visste slutten. Tirsdag kveld høyrte eg eit par timer til, slik at då eg kom til flyplassen onsdag ettermiddag hadde eg ein liten time igjen. Tida på Arlanda vart ikkje brukt til lydbok for der skjedde det for mykje, men på flyet til Stavanger satt eg i transe. Kvar gong flyet lagte for høge lyder, eller serveringen kom skrudde eg av for nå var eg så spent på korleis slutten var. Takk og pris for at flyet var så tomt slik at eg ikkje hadde sideperson for eg er sikker på at eg kviskra til meg sjølv fleire gonger.

Rett før me landa i Stavanger høyrte eg slutten, og visste ærleg talt ikkje kor eg skulle gjera av meg. Skulle eg jubla, skulle eg grina, skulle eg gå direkte til insta-story og si at boka er ferdig. Eg trur eg gjorde litt av alt, og insta-story fekk ein OMG-video. Lydboka på engelsk har to innlesere, og sjølv om begge var meget gode så må Richard Armitage få ein ekstra hyllest. Eg har sett Armitage i TV-serier og på film (Thorin Oakenshield i Hobbiten) og visste at mannen har ein god stemme. I denne lydboka har han overgått seg sjølv då stemma kunne både vera snill og god, og isnande kald og rasende. Magisk!

Eg har fulgt denne serien frå første bok, og det er nokon eg liker betre enn andre. Atlas. The Story of Pa Salt er ein perfekt avslutning og eg kunne ærleg talt ikkje bedd om meir. Anbefales!

XOXO

| Utgitt: 2023 | Format: Lydbok, 25t | Forlag: Pan MacMillan | 
Andre har anmeldt boka: Anita, Ingun, Tine 

mandag 10. mai 2021

Bok: "Den savnede søsteren" av Lucinda Riley

Lucinda Riley (f. 1971) er ein irsk forfattar. Dei siste åra har ho hatt stor suksess med De syv søstre-serien som er basert på gresk mytologi. I tillegg skriver ho gode enkeltståande romanar. Den savnede søsteren er den sjuende boka i serien, og neste år kjem den åttende og siste.

Pa Salt har adoptert seks jenter, og i motsetning til dei føregåande seks bøkene er alle med på sitt vis i denne boka. Det har gått eit år sidan hans død, og planlegginga av tur med yachten for å legge ned krans på hans dødssted er omtrent fullført. Så kjem advokaten Georg Hoffman med nye opplysningar om den savnede søsteren. Maia, Ally, Star, CeCe, Tiggy og Electra har alltid visst at det mangla ei søster i flokken, og Pa Salt har sagt at den sjuende søsteren forsvant. Nå er det nye opplysninger som gjer at søstrene starter eit søk etter si sakna søster.

Samstundes på andre sida av jorda er Mary McDougal på veg frå New Zealand til USA og Europa. Ho veit kva ho er på søken etter, men samstundes er ho livredd. I trettisju år har ho levd i frykt for ein mann som ho ikkje veit om lever eller ikkje. Reisen hennar ender i Irland, og her får ho uventa opplysninger om fortida. Kan sår leges? Og kva med framtida?

Eg fekk denne i hendene fredag ettermiddag, og har nesten ikkje lagt den frå meg. Fredag las eg på senga til eg fekk sting i augene, lørdag las eg på kafé i nærmere tre timar, søndag las eg nokon timar og i ettermiddag las eg dei siste 150 sidene. Og eg har nesten ikkje ord. Eg har nikost meg med alle 768 sidene, og har smilt frå øyra til øyra gjennom fleire sider. Det eg liker best med denne er at alle søstrene har ein større rolle enn dei har hatt i dei føregåande bøkene. Innimellom har det vore små glimt, men i denne er dei der heile tida. Det andre er at Mary McDougal ender i Irland som er eit land eg har lyst til å oppleve. Det einaste eg kjenner eg kan sette fingeren på er at min kronologiske hjerne har ikkje godt av slike bøker som Den savnede søsteren for eg får makk av at dei ulike historiene/forsvunne dagbøker og liknande ikkje kjem kronologisk. Så her gjelder det å halde tunga beint i munnen. Men den anbefales varmt!

XOXO

| Originaltittel: The Missing Sister, omsett av Benedicta Windt-Val | Utgitt: 2021 | Format: Innbundet, 768 sider | Forlag: Cappelen Damm |

fredag 6. mars 2020

Bok: "The Sun Sister" av Lucinda Riley (The Seven Sisters #6)

Den irske forfatteren Lucinda Riley har dei siste åra gjort stor suksess med romanene om søstrene D'Aplièse frå Geneve. I tillegg til denne serien skriver ho og frittståande romaner. The Sun Sister eller Solsøsteren i norsk oversettelse, er den nyaste i rekken.

Electra D'Aplièse ser ut til å ha alt. Ein supermodell-karriere, leilighet på Manhattan, og meir penger enn ho nokon gong kjem til å trenge. Det er kun på overflaten. Under alle laga med sminke og falskt hår lurer det seg ei ung jente som strever med sin eigen tilværelse og undringen etter kor ho kjem frå. For å takle alt dette tyr Electra til rus og alkohol, men alt endrer seg då eit brev frå ei eldre dame ankommer leiligheten. Brevet er frå Stella Jackson, som påstår å vere Electras bestemor. Det er starten på ein reise i tid, tilbake til New York i 1939, via Kenya under krigen, og tilbake til New York. Ulikt fleire av dei andre søstrene så er Electra faktisk fødd bare nokon gatestubber unna sin eigen leilighet.

Historien om Electra er ulik dei andre søstrene sin, og med krigen som bakteppe, og President-elect Obama i horisonten er den fascinerande. Eg har brukt lang tid på denne romanen, ulikt dei andre søster-bøkene. Eg begynte friskt i november, det stoppa opp, livet skjedde, og eg har høyrt den ferdig via Storytel. Sistnemnte viste seg å vera eit sjakktrekk då innleserne passa så godt til historien. Anbefales!

XOXO

| Utgitt: 2019 | Format: Kindle, 400 sider | Forlag: Macmillan |

lørdag 26. november 2016

Bok: "The Shadow Sister" (The Seven Sisters #3)

Det norske omslaget frå
Cappelen Damm.
Forfatter: Lucinda Riley (f. 1971)
Utgitt: 2016, den norske oversettelsen kjem 2. januar 2017
Format: Ebok, 673 sider
Forlag: Macmillan

Den irske forfatteren Lucinda Riley er velkjent over store deler av verda for sine historiske romaner. I tillegg til sin serie med D'Aplièse-søstrene har ho skrevet enkeltståande romaner som Orkideens hemmelighet, Midnattsrosen og den siste av dei enkeltståande, Helenas hemmelighet.

I dei to første romanane om D'Aplièse-søstrene har me fulgt Maia og Ally på sine reiser til Brasil og Noreg. I Skyggesøsteren er det Asterope, eller Star som ho svarer på, som er hovudpersonen. I dei føregåande bøkene har fleire familiemedlemmer uttrykt bekymring for forholdet mellom Star og CeCe, og det faktum at Star seier så lite. I barndommen fant CeCe og Star opp sitt eige språk godt hjulpet av fransk teiknspråk, og det blir framleis mykje brukt sjølv om dei har kome i slutten av 20-åra.

Star får sitt brev frå advokaten, men vel å gøyme det då ho og CeCe kjem tilbake til London. Etter mange år med vagabond-tilværelse har søstrene leid leilighet i storbyen, men CeCe er på ivrig jakt etter ein større og meir permanent. Då det skjer og leiligheten er kjøpt og betalt for, er ikkje Star så glad for den då ho kunne tenkt seg noko heilt anna. Star leser omsider brevet sitt som Pa Salt har formidla på ein måte der Star får eit namn og ein adresse ho må forholde seg til. Pa Salt kjente dottera si godt, og under ein busstur til matlagingskurset sitt køyrer ho forbi adressen og bokhandelen Pa Salt skriver om i brevet. I bokhandelen treffer ho Orlando, og gjennom sine samtaler og turer med han ender ho opp som ein karakter i ei fortid som inneheld Alice Keppel, Beatrix Potter og ein heilt ny familie som er kun hennar.

Lucinda Rileys romaner er veldig handlingsbasert, og eg vel å ikkje avsløre for mykje då eg kjenner mange, både bokbloggere, venner og kolleger, som venter spent på den norske oversettelsen. Då eg las Stormens søster i fjor klarte eg ikkje å skilje fakta og fiksjon då eg kan for mykje om Edvard Grieg til å få det til å stemme som fiksjon. I Skyggesøsteren er det og verkelege personer som har fått ei rolle i boka, men det var på ein heilt anna måte. Det var så mykje eg likte med denne boka, og den antikvariske bokhandelen til Orlando var verkeleg prikken over i'en.
I couldn't see a single thing beyond the display - the day was bright outside, but the interior was as dark as any Dickensian bookshop I'd read about. (...) It reminded me of an old library, with its dark wooden floor and a marble-topped fireplace halfway along one wall, forming the centrepiece around which two leather winged chairs were arranged. Between them stood a low coffee table piled high with books. (s. 62) 
Tre dager vart brukt på boka, og sjansen for at eg les den norske oversettelsen i januar er stor. Dei litterære referansane er meget interessante, og eg blir nødt til å lese den om igjen bare for å notere ned titler og forfattere. Her har Lucinda Riley gjort sin research verdig! Varmt anbefalt!

XOXO

søndag 22. november 2015

Bok: "The Storm Sister" (The Seven Sisters #2)

Forfatter: Lucinda Riley (f. 1971)
Utgitt: 2015
Format: Kjøpt ebok, 704 sider
Forlag: Macmillan

Den irske forfatteren Lucinda Riley er etterkvart velkjent i Noreg for sine romaner, og ho produserer romaner på høgt nivå sidan ho både gir ut nyskrevne og reutgir romaner utgitt med sitt gamle etternamn. I disse dager er romanen Engletreet ute på norsk, og det er ein uavhengig roman som anbefales. 2. januar kjem andre del av De syv søstre ut på norsk, men eg kunne ikkje dy meg då den tidlegare denne månaden vart gitt ut på engelsk. Vegen frå Amazon til Kindle er relativt kort!

The Storm Sister er andre del i bøkene om De syv søstre, og handler om Alcyone 'Ally' D'Apliése som blir kalt heim av sine søstre etter farens brå død. Og for dei som har lest den første boka så er dette kjent stoff. Eg har skrevet om boka her. Mangemillionæren Pa Salt har bygd opp sitt imperium på ei lita øy i Genèvesjøen, og dei seks døtrene er alle adoptert. Etter Pa Salts død og hemmelege gravlegging, som Ally utan å vite det er vitne til, får alle døtrene eit brev med koordinater til kvar dei vart funne.

Allys ledetråd fører ho til til Noreg, etter eit lengre opphald i England. Den viltre og spenningssøkande Ally er seiler, men gjekk mange år på musikkskole i Sveits. Etter ei ulukke gir ho opp seilerkarrieren, reiser til Noreg og får hjelp til ledetrådane sine. Det blir ei reise i fortid, og med Lucinda Rileys fascinasjon for Noreg speler Edvard Grieg og musikken hans ei sentral rolle i fortida til Ally. Det er ein del som skjer, og i fare for å røpe for mykje så seier eg heller for lite.

The Storm Sister er annleis enn sin forgjenger. Eg oppfatter den som meir historisk og omfattande, men det kan godt vera fordi eg har vokst opp med Edvard Grieg og var ikkje meir enn sju år første gongen eg besøkte Troldhaugen i Bergen. Lucinda Riley har som i forgjengeren blanda fiksjon og verkelegheit, men som norsk kjeda eg meg til tider. Eg trur den er meir spennande for lesere utanfor Noreg. Lucinda Riley skriver godt og har gjort sin research, og fleire ledetråder til kven Pa Salt var og korleis han fant sine døtre kjem fram etterkvart. Det er eit stort prosjekt Riley har tatt på seg, men eg har tru på at ho ror det i land. Anbefales!

XOXO

fredag 1. mai 2015

Bok: "De syv søstre" (The Seven Sisters #1)

Forfatter: Lucinda Riley (f. 1971)
Originaltittel: The Seven Sisters, oversatt av Benedicta Windt-Val
Utgitt: 2014
Min utgåve: 2015
Format: Innbundet, 540 sider
Forlag: Cappelen Damm

Lucinda Riley seilte for få år sidan opp som suksessrik forfatter med debuten Orkideens hemmelighet. Sidan har ho skrevet fleire gode bøker, og gjenutgitt bøker skrevet tidlegare. Riley er ei av dei få "dameromanforfatterne" eg liker, og gler meg stort over at De syv søstre ikkje er slutten, men byrjinga på ein storslått serie over sju bøker. Neste bok kjem på norsk i januar!

I De syv søstre blir me kjent med Maia D'Apliése som i byrjinga av boka er samla i barndomsheimen med søstrene etter farens brå død. Den sky mangemillionæren, Pa Salt, har adoptert alle sine seks døtre, og dei har levd eit skjerma liv i eit tilbaketrukket slott ved Genèvesjøen. Utanom Maia har dei fem andre jentene reist ut i verda for det dei trur på. Maia har budd i eit gjestehus på eigedomen, og først etter at faren døydde sprer ho vingene sine og reiser ut. Pa Salt var ein mystisk mann, og nå har lagt igjen spor som skal føre døtrene tilbake til opphavet sitt. Maias ledetråd fører ho til den andre sida av kloden, Rio Janeiro i Brasil.

I Brasil finner ho eit gammalt og forfallent herskapshus, og ein historie om ei dotter som blir nøydd til å gifte seg med den faren har vald ut for ho. Izabela Bonifacio hadde ein far som ville opp og fram i Brasils aristokrati. Då arkitekten, Heitor da Silva Costa, skal til Paris for undersøkelser til den berømte Kristusstatuen får Izabela vera med som selskapsdame og kompanjong for dottera til Heitor. Det blir ein tur utan sidestykke, og den lidenskapelege Izabela møter kjærleiken for fyrste gong. Livet blir aldri det same for ho.

I vår tid er Maia som kjent ute på tur for fyrste gong, og med ein mental bagasje som innehalder litt av kvart møter og ho kjærleiken.

De syv søstre ein underhaldande og interessant roman. Samtidig som historien er fiksjon er arkitektens namn ekte, og Lucinda Riley fletter dermed inn verkelege historiske hendingar inn i historien. Det gjer at det blir meir ekte. Karakterene er inspirert av stjernene, og hovedsakeleg stjernehopen Pleiadene, og kalt De syv søstre. Det blir spennande å fylgje søstrene i dei neste bøkene. Anbefales!

Tusen takk til Cappelen Damm for leseeksemplar.

XOXO

mandag 20. mai 2013

Bok: "Lavendelhagen"

Forfatter: Lucinda Riley
Originaltittel: The Light Behind the Window
Utgitt: 2012
Min utgåve: 2013
Oversetter: Elisabeth Sætvedt
Format: Innbundet, 435 sider
Forlag: Cappelen Damm

Lucinda Riley er ei av damene bak den nye dameromanen. Første gong eg høyrte om ho var i forbindelse med debutboka Orkideens hemmelighet. Det var ein flott historie, men eg vart skuffa over andreboka Jenta på klippen. Rileys tredje roman veksler mellom slutten av 90-talet, og krigsåra 1943-44. Det er ei oppskrift som fungerer bra, og Riley takler det meget bra i denne boka. Det er ein raud tråd gjennom boka, og historien frå krigsåra blir fortalt til hovudpersonen. Den australske forfatteren Tamara McKinley har og god suksess med denne formen for veksling.

Emilie de la Martinières har akkurat mista mor si i ein alder av 30 år. Valerie var i 40-åra då ho fekk sitt einaste barn, og har, kombinert med faktorer som at Emilie likner faren sin og at ho er jente, aldri vore ei god mor. Emilie er usikker på om skal le eller gråte av moras dødsfall, og gjer ingen av delene. Nå er ho einaste gjenlevande i den ærefylte de la Martinières-familien, og står som eineeigar av huset i Paris, og châteauet i Sør-Frankrike. Emilie har ingen forstand for økonomi, men får hjelp frå familieadvokaten Gerard Flavier. Han er ikkje videre overbevist om at Emilie klarer å forvalte familien på eiga hand. Eit par veker etter moras dødsfall møter Emilie ein engel i skinnande rustning, og engelen hjelper Emilie med å taksere malerier og smykker og få dei solgt på auksjon. Ved salg av huset i Paris, og auksjonspengene klarer Emilie å behalde chateauet. Engelen, briten Sebastian Carruthers, frir eit års tid seinare og då Emilie fortel det til vingårdens bestyrer, Jean Benoit, fortel hans far Jacques om den gongen han kjente Sebastians mormor.

Constance Carruthers har på grunn av sin halvt franske bakgrunn blitt trukket inn i motstandsarbeidet, og blir sendt frå London til Paris i 1943. Det første oppdraget som hemmelig agent blir sabotert på grunn av tyskernes razzia mot dekkleiligheten, og Constance havner i leiligheten til Edouard de la Martinières. Her treffer ho hans yngre søster, Sophia som er blind, og sidan Constance treffer fleire høgtståande tyske offiserer den første kvelden kan ho ikkje lenger arbeide for motstandsbevegelsen.

Det er blitt vinter i 1999, og Emilie ser Sebastians familiegods på nært hald for første gong.
Emilie snudde seg for å få et inntrykk av Blackmoor Hall for første gang. Det hun så, var et skremmende dystert, gotisk herskapshus i rød teglstein. Fra toppen av buen over inngangen stirret et fabeldyr av stein truende på verden med en lue av snø på hodet. Elementenes herjinger hadde gjort grinet tannløst. (s. 160)
Møtet med godset kunne ha vore betre då det viser seg at ingenting er gjort klart til dei nygifte og den aldrende hushaldersken har slutta for n-te gong. Då Sebastian fortel om broren Alex som sit i rullestol, og bur i ein del av godset får Emilie frysninger. Ifølge ektemannen er ikkje Alex mors beste barn, og brødrene har ingen god tone seg imellom. Då hushaldersken fortel Emilie at ho slutta på grunn av forholda i huset undrer Emilie seg over kva ho eigentleg har begitt seg ut på. Sebastian reiser ein del mellom London og Yorkshire, og sidan Emilie ikkje får vera med begynner ho å pusse opp godset ved hjelp av litt maling. Alex viser seg å vera meir medgjørleg enn broren vil ha det til, og Emilie og Alex innleier ei form for våpenkvile. Då Emilie reiser til Frankrike for å sjå til restaureringen av châteauet, og pakke ned farens bibliotek får ho høyre at Sebastian har vore der omgitt av bøker.

Via Jacques får Emilie servert meir krigshistorie om Constance Carruthers, og etterkvart historien om sin eigen far. Edouard de la Martinières var seksti år då Emilie vart fødd, og sidan han døydde fjorten år seinare er det mykje ho ikkje veit om ham. Den mystiske tante Sophia får og sin historie fortalt, og Emilie får endeleg svar på det faren aldri ville ut med: Korleis døydde hans kjære litlesyster? Då Jacques har kome til slutten av historien reiser Emilie tilbake til England, og bestemmer seg for å gjera eit siste forsøk på å redde det allereie skrantande ekteskapet. Emilie erfarer at overraskelser lønner seg sjeldan, og reiser kort tid seinare tilbake til Frankrike, og hyrer skilsmisseadvokat. Ho held kontakten med Alex som har stått mellom barken og veden, og som visste meir om broren enn han ville innrømme med det første. Emilie undrer seg over om ho har gifta seg med feil bror. Det viser seg at Emilie er ikkje heilt åleine i verda, som ho har trudd, og ein hemmelighet som har vore gøymt i fleire tiår kjem for ein dag.

Lavendelhagen er ein flott historie om familiehemmeligheter, begjær, krigshistorie og nære bånd. Emilie veks i takt med sine oppgåver, og finn ut at ho er sterkare enn ho hadde trudd i møte med konflikter og mennesker. Det einaste eg har å utsette på romanen har ingenting med forfatteren å gjera, men med forlaget. Eg ser på Goodreads at romanen er utgitt under både originaltittelen The Light Behind the Window, men og som The Lavender Garden. Eg finn ingenting i boka om ein lavendelhage, men Sophia skriv dikt og eit av dei heiter 'Lyset i ruta' (norsk oversettelse). Er det ein kjedeleg tittel ifølge norske forleggere? Eg leste boka på halvanna dag give or take, og anbefaler den på det varmeste!

XOXO

tirsdag 20. desember 2011

Bok: "The Girl on the Cliff"

Forfatter: Lucinda Riley
Utgitt: 2011
Forlag: Penguin
Format: Kindle

Frå Goodreads: A tiny figure stands at the cliff edge - hair flying in the breeze. Grania Ryan is hypnotised by the enchanting vision, unaware this young girl, Aurora Lisle, will change her life in countless ways. For Grania is suffering and has returned to Ireland and the arms of her loving family, in the hope her wounds might heal. As their paths begin to entwine, Grania's mother becomes deeply troubled … because almost a century of entanglement has brought nothing but terrible tragedy to their two families. The past is set to repeat its sorrows. A suitcase hidden in the attic of a magnificent house in London during the First World War is where it all began, but could it now hold the key to ending the heartbreak that has beset the Lisles and the Ryans for so long?

I sommar leste eg den gode debutboka til Lucinda Riley, og den er verdt å lesa. På bloggen til Knirk fant eg ut at forfatteren har skreve den vanskelige andreboka. Eg lasta den straks ned til Kindle, fordi eg likte Hothouse Flower, og ville gjerne vera uenig med Knirk. Men dengang ei! Eg er for sta til å gi meg midt i boka, men det er lenge sidan eg har kjeda meg når eg har lest.

The Girl on the Cliff er full av unnskyldninger, klisjeer, og dette-kunne-ha-skjedd-viss-bla-bla-bla. Karakterene er syltynne, plottet likeså og kjærlighetsdramaet er irriterande opplagt.

XOXO

søndag 17. juli 2011

Bok: "Hothouse Flower"

Forfatter: Lucinda Riley
Utgitt: 2010
Forlag i Noreg: Cappelen Damm
Format: Kindle

Baksidetekst: A heart-rending page turner which sweeps from war-torn Europe to Thailand and back again . . . As a child Julia Forrester spent many idyllic hours in the hothouse of Wharton Park estate, where her grandfather tended the exotic flowers. So when a family tragedy strikes, Julia returns to the tranquility of Wharton Park and its hothouse. Recently inherited by charismatic Kit Crawford, the estate is undergoing renovation. This leads to the discovery of an old diary, prompting the pair to seek out Julia's grandmother to learn the truth behind a love affair that almost destroyed Wharton Park. Julia is taken back to the 1940s where the fortunes of young couple Olivia and Harry Crawford will have terrible consequences on generations to come. For as war breaks out Olivia and Harry are cruelly separated...

Lucinda Rileys Hothouse Flower er ei av bøkene du bare må lese denne sommaren, saman med Kate Morton, Lori Lansens og Cecilia Samartin. Den blir samanlikna med Kate Mortons bøker, og sjølv om eg er aldri så glad i Mortons bøker er eg tilbøyelig til å vera litt uenig. Lucinda Rileys bok har litt meir troverdighet i forhold til historie. Eg er fan av Kennedy-familien, og då namnet Kathleen "Kick" Kennedy dukka opp i boka måtte eg slå det opp, og kom fram til at Kick Kennedy er ein virkelig person. Det er eit pluss i boka! Eg liker veldig godt bøker som veksler mellom nåtid og fortid, og det var interessant at det var bestemora til Julia som fortalte historien, og ho fortalte den frå to synspunkt; Olivias og Harrys. I begynnelsen måtte eg halde hjernen i tømmer for å huske kor namna høyrte heime, men midveis i boka hadde eg ikkje problem.

Eg syns det var finfin lesing, og eg likte veldig godt denne boka. Til tider kan den virke som ein dameroman, men eg har inntrykk av at den betegnelsen har komt for å bli på bøker som denne. Eg anbefaler den sterkt!

Andre som har lest boka er Annemarie, Knirk, Jorid, Knutepunktet, Solgunn og Ellikken. Viss det er andre som har lest den, skrik gjerne ut så kan eg legga deg til. Etter at eg har lest omtalene eg har linka til, forstår eg at det er ei elsk/hat-bok, men alle kan ikkje like dei same bøkene. Då ville det vore kjedelig å vera bokblogger.

XOXO