Søk i denne bloggen

mandag 10. mai 2021

Bok: "Den savnede søsteren" av Lucinda Riley

Lucinda Riley (f. 1971) er ein irsk forfattar. Dei siste åra har ho hatt stor suksess med De syv søstre-serien som er basert på gresk mytologi. I tillegg skriver ho gode enkeltståande romanar. Den savnede søsteren er den sjuende boka i serien, og neste år kjem den åttende og siste.

Pa Salt har adoptert seks jenter, og i motsetning til dei føregåande seks bøkene er alle med på sitt vis i denne boka. Det har gått eit år sidan hans død, og planlegginga av tur med yachten for å legge ned krans på hans dødssted er omtrent fullført. Så kjem advokaten Georg Hoffman med nye opplysningar om den savnede søsteren. Maia, Ally, Star, CeCe, Tiggy og Electra har alltid visst at det mangla ei søster i flokken, og Pa Salt har sagt at den sjuende søsteren forsvant. Nå er det nye opplysninger som gjer at søstrene starter eit søk etter si sakna søster.

Samstundes på andre sida av jorda er Mary McDougal på veg frå New Zealand til USA og Europa. Ho veit kva ho er på søken etter, men samstundes er ho livredd. I trettisju år har ho levd i frykt for ein mann som ho ikkje veit om lever eller ikkje. Reisen hennar ender i Irland, og her får ho uventa opplysninger om fortida. Kan sår leges? Og kva med framtida?

Eg fekk denne i hendene fredag ettermiddag, og har nesten ikkje lagt den frå meg. Fredag las eg på senga til eg fekk sting i augene, lørdag las eg på kafé i nærmere tre timar, søndag las eg nokon timar og i ettermiddag las eg dei siste 150 sidene. Og eg har nesten ikkje ord. Eg har nikost meg med alle 768 sidene, og har smilt frå øyra til øyra gjennom fleire sider. Det eg liker best med denne er at alle søstrene har ein større rolle enn dei har hatt i dei føregåande bøkene. Innimellom har det vore små glimt, men i denne er dei der heile tida. Det andre er at Mary McDougal ender i Irland som er eit land eg har lyst til å oppleve. Det einaste eg kjenner eg kan sette fingeren på er at min kronologiske hjerne har ikkje godt av slike bøker som Den savnede søsteren for eg får makk av at dei ulike historiene/forsvunne dagbøker og liknande ikkje kjem kronologisk. Så her gjelder det å halde tunga beint i munnen. Men den anbefales varmt!

XOXO

| Originaltittel: The Missing Sister, omsett av Benedicta Windt-Val | Utgitt: 2021 | Format: Innbundet, 768 sider | Forlag: Cappelen Damm |

10 kommentarer:

  1. Så bra at du likte denne boka.:) Har sett frem til den. VG og Dagbladet var heller lunkne, spesielt Krøger som var ganske negativ.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har ikkje lest anmeldelser, men nå fekk eg veldig lyst til å leite opp dei i VG og Dagbladet :-)

      Slett
    2. Ja, dere er ikke eniga. Krøger likte jo Riley før, så det er ikke det det går på..

      Slett
    3. Nå har eg lest begge anmeldelsene. VG sin er heilt grei, men Dagbladet sin er omtrent slakt. I tillegg har ho bomma på hvilken bok Edvard Grieg har ein rolle i (og slikt irriterer meg). Er du bokanmelder burde du i alle fall vite hvilken bok som har dei ulike karakterene.

      Slett
    4. Enig. Hun burde hatt styr på dem.

      Slett
  2. Så gøy at du ga gass og slukte denne, og ikke minst at den ikke satt seg fast i halsen. Jeg har forhåndsbestilt boken for min søster ønsket seg den, men det gjør jeg ikke flere ganger, for jeg har enda ikke fått den i posten. Skal lese den når hun er ferdig, men med så mange sider tar det nok sin tid.
    Etter din omtale kjenner jeg at jeg gleder meg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg legger av i bokhandelen før lansering, og får den på dagen. Skuffande at du ennå ikkje har fått den sidan den kom ut på fredag :-/

      Så jillt at du gler deg etter min anmeldelse :-)

      Slett
  3. Har nettopp startet på denne og ser frem til å lese eller rettere sagt lytte videre på denne,særlig når jeg ser du er begeistret.

    SvarSlett
    Svar
    1. Gler meg til å høyre kva du syns når du er ferdig :-)

      Slett
  4. Jeg har også gledet meg til denne romanen, men ser at flere syns den er noe treig å komme igang med. Fint at du likte den! Jeg vil jo ha med slutten av eventyret om søstrene! Men det tar vel tid før biblioteket kan skaffe meg den.

    SvarSlett