Taylor Jenkins Reid er ein amerikansk forfatter og essayist. Ho har skrevet fleire romanar inkludert Daisy Jones and the Six og Evelyn Hugos syv ektemenn.
Den fiktive Old Hollywood-stjerna Evelyn Hugo har bestemt seg for å skrive sine memoarer, og ansetter reporteren Monique Grant. Sistnemnte har det ikkje så lett for tida då karriereren går i stå og ektemannen har forlatt ho. Det undres på kvifor Evelyn Hugo har valgt nettopp ho, men Grant møter opp.
Evelyn Hugo fortel om det glamorøse livet frå 50-talet i Los Angeles til valget om å forlate rampelyset på slutten av 80-talet. Det innebærer filminnspelinger, ektemenn på rekke og rad, graviditet, gode venner og ein forbudt kjærleik som kan ødelegge heile karrieren. Etterkvart som historien skrider fram får Monique Grant ein større forståelse for den aldrende Hollywood-stjerna, men noko ulmer i det fjerne. Kvifor har Hugo valgt Monique?
Evelyn Hugos syv ektemenn syns eg blir lansert som ein dame-roman, men har fleire lag enn som så. Den inneheld ikkje bare romantikk, men hardt arbeid, hardtslående ektemenn, metoo, tunge tanker og skjulte kjensler for det same kjønn. Hollywood-livet kan virke glamorøst, men med denne romanen som bakteppe leser ein muligens sladreblader annleis i framtida. Det første som slo meg då eg las denne romanen var at Evelyn Hugo minner om Elizabeth Taylor med sine mange ekteskap og til tider skandaliserte oppslag i bladene.
Eg har lest denne saman med andre i Bokklubb med Marte og Malin (søk det opp på Facebook) og hadde det ikkje vore for bokklubben er eg usikker på om eg hadde lest den i det heile tatt. Nå er eg glad for at eg har gjort det. Skal eg sette fingeren på noko må det vera hemmeligheten som Evelyn Hugo skjuler for Monique Grant. Eg syns det vart litt for enkelt skrevet heilt mot slutten då hemmeligheten vart avslørt, men eg er glad for at den kom fram. Med Evelyn Hugos syv ektemenn på leselista har eg lyst til å lese fleire av denne forfattaren. Anbefales!
XOXO
| Originaltittel: The Seven Husbands of Evelyn Hugo, omsett av Heidi B. Johannessen | Utgitt: 2017 | Min utgåve: 2021 | Format: Heftet, 480 sider | Forlag: Cappelen Damm |
Husker jeg hadde lyst til å lese Daisy Jones når "alle" andre gjorde det men det ble aldri til. Skal notere meg denne også så tusen takk for tips! :-)
SvarSlettØnsker deg en fin 17-mai i morgen, Elida :-)
Daisy Jones har nyleg kome på norsk, så den skal eg lese når biblioteket får den inn. God 17. mai, Beathe!
SlettTror ikke jeg hadde valgt meg denne, bare ved å se på coveret, så det var kjekt å lese omtalen din. Håper du hadde en fin 17-mai :)
SvarSlett(Jeg har lest Robinson Crusoe for mai og Trekkoppfuglen for august)
Fint å lese slike romaner nå og da. Vi trenger litt eventyr og glamour i hverdagen for tida! Og når den er seriøs i tillegg, er det jo bra.
SvarSlett