Søk i denne bloggen

mandag 31. mai 2021

Månadsoppteljing #72 | Mai i bøker

Mai var: Med godt vêr store deler av tida har den blitt brukt mykje utandørs, både på jobb og privat. Opplett i restriksjoner har gjort det enklare på jobb, og med mange raude fridagar har det blitt nokon sykkelturar og boklesing ute. Fotballen har og starta opp, og eg er å finne på stadion dei timane Klepp Elite Kvinner speler kamp. 

I mai har eg lest: Ein heil del. Ein kollega sa framføre alle våre kollegaer: "Viss du lurer på kva du kan lese for ungane så gir du Elida nokre stikkord, så finner ho moglege bøker til deg." Det ga meg blod på tann så eg skal bruke våren og sommaren på å finne gode barnebøker som eg kan tipse om viss nokon spør (Veronica Salinas og Kalle Güettler-bøkene er barnebøker eg anbefaler). Elles har eg lest Lucinda Rileys nyaste om søstrene (og skrevet om den) og eg har begynt på George R.R. Martins serie på lydbok. Foreløpig er det spennande, men eg hadde aldri komt gjennom i papirbok.

* Maria Parr: Tonje Glimmerdal L
* Lucinda Riley: Den savnede søsteren OTS
* David Diop: Om natten er alt blod svart B IBP
* Taylor Jenkins Reid: Evelyn Hugos syv ektemenn B
* Sylvia Plath: Tre kvinner B
* Olga Ravn: Eg et meg sjølv som lyng B
* Veronica Salinas: Reisen B
* Veronica Salinas: Slem B
* Veronica Salinas: Skyggen B
* Veronica Salinas: Sulten B
* Kalle Güettler, Rakel Helmsdal og Áslaug Jónsdóttir: Nei! sa Veslemonster B
* Kalle Güettler, Rakel Helmsdal og Áslaug Jónsdóttir: Monster i mørket B
* Kalle Güettler, Rakel Helmsdal og Áslaug Jónsdóttir: Monsterbesøk B
* Kalle Güettler, Rakel Helmsdal og Áslaug Jónsdóttir: Monsterpest B
* Kalle Güettler, Rakel Helmsdal og Áslaug Jónsdóttir: Monsterknipe B
* Kalle Güettler, Rakel Helmsdal og Áslaug Jónsdóttir: Store monster græt ikkje B
* Kalle Güettler, Rakel Helmsdal og Áslaug Jónsdóttir: Monsterbråk B
* George R.R. Martin: A Game of Thrones (A Song of Ice and Fire #1) L
* Rakel Solstad m.fl.: Og alle ting vert nye. Nye nynorske noveller B

I mai fullføre eg ikkje: Eg har alltid fleire bøker eg les samstundes, og det er alltid fleire som sniker i køen. Akkurat nå har eg ei bunke på 8 bøker som eg har lånt på biblioteket, og dei burde eg prioritere.

I juni skal eg: Eg skal faktisk ut av fylket! Ein liten helgetur til Bergen saman med to venninner, og eg gler meg. Du skal ikkje sjå vekk frå at eg greier å lokke den eine venninna mi (den andre skal ta eksamener på ein privatistskule) til Troldhaugen. Der har ikkje eg vore sidan eg var tenåring. Elles har eg ingen planer.

XOXO

7 kommentarer:

  1. Skal si du har gitt deg en gøy hjemmelekse i forhold til barnebøker. Game of Thrones hadde jeg aldri orket å lese, men lurt med lyd.
    Kos deg i Bergen, håper finværet holder til dere skal på tur :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg syns sånt er kjempeartig! Eg liker å gå på biblioteket utanom opningstid (elsker meirope bibliotek) og kikke i barnebok-kassene bare for å sjå om dei har noko eg ikkje har høyrt om. Salinas visste eg om for den eine boka har me hatt i bibliotek-kassen på jobb, men bøkene om Vesle- og Storemonster var heilt nye for meg.

      Eg hadde aldri komt gjennom Game of Thrones i papir/kindle eg heller, men med lyd går det framover.

      Takk for det. Satser på at finveret held eit par veker til :-)

      Slett
  2. Det er over 20 år siden jeg hadde små barn- men fortsatt leser jeg barnebøker innimellom. Bra med tips :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Barnebøker går aldri av moten, ein må bare passe på at ein introduserer litt nytt innimellom og ikkje bare gamle favoritter :-)

      Slett
  3. Kult at du tar deg en Bergentur:) Jeg var i Lillehammer i helga, med godvær og festival var det som å komme til et annet land:)
    Kos deg i juni:)

    SvarSlett
    Svar
    1. PS: Ser du har Den savnede søsteren som OTS. Har du hatt den lenge?

      Slett
  4. Hei!
    Jeg har lest desemberboka i 1001 bøker, du finner den her: https://kleppanrova.blogspot.com/2021/06/gertrude-stein-alice-b-toklas.html

    SvarSlett