Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Aschehoug. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Aschehoug. Vis alle innlegg

søndag 2. februar 2025

"Det åttende livet (til Brilka)" av Nino Haratiscwili

Nino Haratischwili (f. 1983) er ein georgisk-fødd tysk forfatter, dramatiker og teatersjef. Familien flytta til Tyskland i 90-åra etter Sovjetunionens fall, flytta tilbake til Georgia etter to år, og i 2012 vart Haratischwili tysk statsborger. Nino Haratischwili er prisbelønna og romanen The Eighth Life var på langlista til den internasjonale Booker-prisen i 2020 (saman med blant andre Jon Fosse).

Baksideteksten sier: "Det åttende livet er en reise gjennom et Europa i endring og et rystende og rørende flettverk av kjærlighet, krig og tragedier. Og en sjokoladeoppskrift som viser seg å bære med seg både ekstase og fortapelse." Og det oppsummerer romanen på ein overfladisk måte. Opner du romanen vil du først finne eit slekstre som du vil få bruk for, og ein uendelighet av personnamn, familierelasjoner og historie. Sistnemnte hadde eg meget ofte lite snøring på.

Eg syns handlinga er for overveldande til å få ned her, og det er nok ikkje alt eg har fått med meg i farten. Språket er meget godt, og sidene flyr avgårde når du først har satt deg ned med boka. Den er delt inn i 7 (8) korte og etterkvart lengre kapitler og kvart kapittel har namnet til eit familiemedlem som tittel. Det vil ikkje si at det eine kapitlet handler kun om den eine personen, for etterkvart som medlemmane blir fødd inn i familien så er dei med i neste kapittel. Dette med ein uendelighet av personnamn minner meg om dei store romanene som Anna Karenina, Krig og fred og Buddenbrooks. Eg er godt vant til slike romaner og nyter det i fullt monn, men eg er glad for slektstreet som Haratischwili har laga.

Så kvifor skal du lese denne romanen? Kvifor skal du binde deg til 1152 sider i ei bok når du kan lese 3-4 romaner på den stunda det tar å lese mursteinen frå Georgia? Eg har ikkje googla mykje under lesing av boka, men er så heldig å ha lest saman med andre som har googla for meg og skrevet i ein Instagram-chat om ting som er relevant for kapittelet. Hadde det ikkje vore den gruppa hadde eg nok ikkje blitt ferdig. Men kvifor skal du lese den? Fordi den gir deg eit bilete på georgisk historie som du kanskje ikkje får andre stader, og fordi det er ein meget god historie. Ein ting som slo meg då eg las dei siste sidene i går kveld er at det er kvinnene som er dominerande. Det er dei som held familien oppe og i gang, mennene er innom ein gong iblant, men er som regel bortreist på jobb.

Eg skal innrømme at eg likte best dei 500 sidene for eg likte dei personene best. Dei neste 500 sidene er ikkje galne dei heller, men det vart meir skumming utav dei. Eg kjenner meg så godt at hadde eg satt boka inn i bokhylla på side 501 så hadde den blitt der ei god stund, så ferdig vart eg. Eg er ikkje så historie-interessert at eg føler for å lære meir, men historisk fiksjon fungerer.

Varmt anbefalt!

XOXO

| Forfattar: Nino Haratischwili | Originaltittel: Das achte Leben (für Brilka), oversatt til norsk av Ute Neumann | Utgitt: 2014 | Min utgåve: 2024 | Format: Hefta, 1152 sider | Forlag: Aschehoug |

søndag 2. juni 2024

"Kniv - Refleksjoner etter et drapsforsøk" av Salman Rushdie

Salman Rushdie (f. 1947) er ein indisk-fødd forfattar som i 1964 mottok britisk statsborgerskap og i 2016 mottok amerikansk statsborgerskap. Rushdie har publisert 16 romaner, og har fleire sakprosabøker på samvittigheten. Etter utgivelsen av Sataniske vers i 1988 har Rushdie levd med ein trussel frå den iranske Ayatollah Khomeini med påfølgende politibeskyttelse. I august 2022 vart Rushdie knivstukket og livstruande skada under eit arrangement i delstaten New York. Det er denne hendinga Salman Rushdies nyaste bok handler om.
Klokken kvart på elleve 12. august 2022, en solfylt fredag formiddag nord i delstaten New York, ble jeg angrepet og nesten drept av en ung mann med kniv like etter at jeg gikk ut på scenen i amfiteatret i Chautauqua for å snakke om hvor viktig det er å beskytte forfattere. (s. 13)
Salman Rushdie skriver opent og levande om angrepet han vart utsatt for. Då det skjedde var Rushdie meget nærme utgivelsen av romanen Seiersbyen og hadde ein idé om neste roman. Men som han skriver eit stykke uti boka så måtte han bare få denne, Kniv, ut av hodet først. Rushdie liker ikkje termen skriving er terapi, men innrømmer at denne boka måtte ut først før ein eventuell ny roman. 

Skadene var omfattende etter gjerningspersonens 15 knivstikk, og det var usikkert om Rushdie kom til å overleve. I dag, nesten to år seinare, er det meste i orden, men alle som har sett nylege bilete av forfattaren ser at det høgre auge stod ikkje til å redde. Det som fascinerer meg med denne boka er kor grundig den er, og det kjem fram i boka at kona, Rachel Eliza Griffiths, var tidleg ute med å sette opp kamera for å dokumentere skadene og utviklingen. Rushdie skriver på første side at han fortsatt ser øyeblikket for seg i sakte film. Det vitner om eit menneske som ønsker å leve, å gjenfortelle og fortelje sin eigen historie.

Kniv - Refleksjoner etter et drapsforsøk er i to deler: Dødsengelen og Livsengelen. I første del er Salman Rushdie på sjukehus, i andre del er han heime i rekonvalesens. Det er interessant å lese om kor mykje ein tar for gitt om ein til dømes får eit par knivstikk i ei hand. Målet var ein periode å kunne knytte neven, og då eg las om akkurat dette i går så vart eg sitjande og knytte neven. Det var jo null problem for meg, men for Rushdie har det vore ein utfordring. I løpet av rekonvalesens-perioden begynte Rushdie og Rachel Eliza Griffiths å vise seg ute blant folk. Det er ein del andre forfattere som blir nemnt i boka, og det er tydeleg at Rushdie er ein belest mann då fleire romaner og tekster blir nemnt. Boka anbefales på det varmeste, og eg skal definitivt sette Rushdies bøker på leselista!

XOXO

| Originaltittel: Knife: Meditations After an Attempted Murder, omsett av Kirsti Vogt | Utgitt: 2024 | Format: Innbundet, 235 sider | Forlag: Aschehoug |

Andre anmeldelser: Tine

fredag 27. oktober 2023

"Anne-Cath. Vestly. Mye mer enn Mormor" av Anne Helgesen

Anne Helgesen (f. 1955) er ein norsk figurteaterutøver, dramatiker, teaterhistoriker og barnebokforfatter. Anne-Cath. Vestly. Mye mer enn Mormor (2023) er den siste i ei lang rekke bøker frå Helgesen.

Dei fleste som har vokst opp i dette landet har høyrt om eller lest noko frå Anne-Cath. Vestly. Karakterer som Guro, Aurora, Kaos, Ellen Andrea, Ole Aleksander og Mormor i huset i skogen er velkjent frå min barndom. For nokon år sidan las eg alle bøkene til Vestly i kronologisk rekkefølge, og koste meg då dei fleste karakterene dukker opp i den fiktive drabantbyen Tirilltoppen mot slutten av bok-lista. Eg visste derimot lite av kva Anne-Cath. Vestly hadde gjort før ho forfatta barnebøker, og minimalt om barndom og oppvekst.

I 2020 markerte Noreg Vestlys 100-årsdag og Gyldendal ga ut barnebiografien Anne-Cath. Vestly (ført i pennen av Agnes-Margrethe Bjorvand og illustrert av Hans Jørgen Sandnes). Den las eg (og eiger) og syns godt om den. Likevel har det vore noko som mangla sjølv om eg har lest dei sjølvbiografiske bøkene. Lappeteppe fra en barndom (1990), Nesten et helt menneske (2000) og Anne-Cath. Vestly for de voksne (2003) er gode bøker, men eg syns dei bærer preg av at det er hovudpersonen som velger ut kva som skal med.

Eg har venta lenge på denne boka, og det er mykje interessant i den. Anne-Cath. Vestly, fødd Schulerud, flytta ein del i sitt liv. På eit tidspunkt budde ho i nærleiken av Sigrid Undset på Lillehammer og var barndomsvenn med den eine av Undsets sønner. Undset og Vestly var like på eit område: Begge mista sin far i ung alder, og skreiv om det. Det blir og nemnt at mykje av det Vestly opplevde sjølv i barndom, ungdom og vaksenliv hamna i barnebøkene.

Guro mister sin far tidleg i livet, Anne-Cath. Vestly var lillemamma for brorens son, store- og veslebror-forholdet (ho såg sine eine sønner i Lillebror og Philip), småbruket der Ole Aleksander reiser med kameraten Mons vart besøkt av Vestly-familien og sikkert meir eg ikkje husker akkurat nå. Eg satt i alle fall og smilte for meg sjølv fleire gonger då eg las om korleis bøkene vart til. Dette er ting som går igjen i Astrid Lindgrens bøker og, det å bruke eige liv som inspirasjon til barnebøker.

Dessverre satt eg like ofte og kjeda meg med boka. Det er mykje eg ikkje kunne frå før eller ønska å vite. Anne-Cath. Vestly hadde ein utfordrande skodespelar-karriere, ho fekk ikkje gjennomgåande respekt for barnebøkene og det var utfordringer i den utvida familien. Anne-Cath. Vestly utvikla Alzheimer i sine siste år, og det er usikkert når sjukdommen først gjorde seg gjeldande. Det har vore diskusjoner om dei siste bøkene hennar og kvaliteten. Eg personleg har ikkje lagt merke til dalande kvalitet, men eg er meget inhabil (syns eg sjølv), men dei siste bøkene fekk knapt nok spalteplass i mediene og det var ikkje hurra-rop for dei siste bøkene. Eg personleg syns at forlaget burde satt stopp ein stad, men det var kanskje ikkje så enkelt når det var snakk om Anne-Cath. Vestly.

Er du interessert i Anne-Cath. Vestly og ønsker å lære meir om forfatteren så les boka. Min favoritt-karakter frå Vestly-universet er Guro. Har du ein favoritt?

XOXO

| Forfatter: Anne Helgesen | Utgitt: 2023 | Format: Innbundet, 508 sider | Forlag: Aschehoug |

søndag 25. oktober 2020

Bok: "Et liv forbi" av Helga Flatland

Den norske forfatteren Helga Flatland (f. 1984) er ute med si sjette bok. For ti år sidan debuterte ho med første del i romantrilogien Bli hvis du kan. Reis viss du må og har i løpet av dei ti åra vist seg som ein glimrande forfatter. Flatland er ein forfatter eg bare må ha i hylla og som eg reserverer på biblioteket eller kjøper nesten uten å vite kva romanen handler om.

Sigrid er lege, bur i Oslo med sambuaren Aslak og barna Mia og Viljar. Mia er Sigrids barn frå eit tidlegare forhold, men det er Aslak som har vore pappa for ho. Faren til Sigrid, Gustav, vart sjuk tidleg i barndommen til Sigrid og broren Magnus, og det har ført til at Sigrid har eit anstrengt forhold til foreldrene.

Nå er mor til Sigrid, Anne, diagnostisert med kreft og Sigrid må ta stilling til ombytting av roller, og kjensler som ho trudde var begravde. I tillegg til redselen rundt moras sjukdom skal Sigrid vera kjærast, mor og lege, og det er ikkje så enkelt å balansere disse rollene. I den førre romanen En moderne familie veksla hovudpersonane på merksemda, men då var det tydeleg merka kven det var som "snakka." Her veksler Sigrid og Anne i annakvart kapittel, men eg sakner ein tydelegare merking på kven som snakker.

Eg får medlidenhet med Sigrid midt oppi alt, men blir og lettare irritert. Kvifor snakker ho betre med eksen enn med sambuaren, og kvifor går både ho og Aslak som på nåler omkring tenåringsdottera? Nå skal det sies at eg har aldri hatt tenåringsbarn, men det hjelper sjelden på små barn at dei ikkje får tydelig beskjed om kor landet ligger. Eg blir faktisk ikkje reint lite stolt av Aslak då han legger press på Sigrid og kjem til å flytte uansett om ho er med eller ei. Også denne pasienten til Sigrid. Ho har fått eit mykje tettare forhold til ein pasient enn det som eg trur er normalt.

Alt i alt har Helga Flatland skrevet ein meget god roman som eg allerede ser føre meg å ta fram igjen. Språket er førsteklasses, det ligger kjensler mellom linjene og nok ein gong viser Flatland seg som ein kjenner av menneskesinnet. Her ligger det mange timer med finpussing. Anbefales!

XOXO

| Utgitt: 2020 | Format: Innbundet, 263 sider | Forlag: Aschehoug | 

tirsdag 10. desember 2019

Bok: "Alt du ikke ser. Livet med Joachim" av Ellen Arnstad

Den norske journalisten og redaktøren Ellen Arnstad har hatt namnet sitt på bøker tidlegare, men i Alt du ikke ser skriver ho om livet med den multihandikappa sonen Joachim. Arnstad var ansatt i Aller Media i mange år før ho sa opp i 2017. Alt du ikke ser er ei sterk bok på tampen av året.

Alt du ikke ser. Livet med Joachim har blitt til gjennom mange og lange samtaler mellom Ellen Arnstad og medforfatter Kristin M. Hauge, og det har blitt ei godt gjennomført bok. Arnstad skriver om seg sjølv, om familielivet, om jobben og om diagnosen til eldstesonen Joachim. I begynnelsen var det synet Joachim sleit med, men etterkvart vart det klart at det måtte ligge noko meir bak.

Det er ei bok eg las på nokon timar i raskt tempo, med tårene til tider stikkande i augene og ein klump i halsen. Det blir aldri full flaum, men det er ikkje langt i frå. Boka er ikkje kronologisk skrevet, men satt saman av små og store episoder, og det fungerer overraskande bra.

Eg har fulgt Løvemammaene på Snapchat eit godt år nå, og er stadig overraska over både dei sterke ungane som figurerer på snappen, men og over systemet disse foreldrene må gjennom for det kjæraste dei har. Det er ikkje eit unntak i denne historien. I dag bur ikkje 25 år gamle Joachim heime, og eg undrer meg over kor lenge han har igjen. Uansett utfall så er dette ein historie om kjærleik for det mest dyrebare du har, og eit ønske om å skape minner før det er for seint. Anbefales!

XOXO

| Utgitt: 2019 | Format: Innbundet, 187 sider | Forlag: Aschehoug |
Kjelde: Biblioteket |

lørdag 16. juni 2018

Bok: "Drømmen om en baby"

Forfatter: Julianne Nygård og Tone Solberg
Utgitt: 2018
Format: Innbundet, 180 sider
Forlag: Aschehoug

Den norske bloggeren Julianne Nygård har delt opp- og nedturer på bloggen Pilotfrue (ekstern lenke) i fleire år. Det som har stått i fokus dei siste åra er draumen om ein baby. Det har vist seg å ikkje vera så enkelt, og Nygård og mannen, Ulrik, har fått god hjelp på Spiren fertilitetsklinikk i Trondheim. Det har heller ikkje vore bare enkelt, men Julianne Nygård har stått last og brast med draumen sin, og endelig lykkes dei. I skrivande stund er det ikkje lenge før babyen ser dagens lys, og eg gleder meg med dei.

Eg har vokst opp med ein diger familie som får barn i aust og vest, eg er glad i barn og jobber med barn, men kan ikkje tenke meg sjølv. Eg låner meir enn gjerne, og sitter gjerne barnevakt, men eg har ingen draum om eigne barn. Det er kanskje litt spesielt av meg med disse tankene og lese ei slik bok som Nygård har skrevet, men ein leser vel ikkje bare for å kjenne seg igjen? Tilfeldighetane vil ha det til at eg kjenner to stykker som i skrivande stund er gravide ved hjelp av prøverør. Tanken min bak å lese denne boka er både for meir innsikt i prøverørshistorie og fordi eg leser bloggen til Nygård.

Historien til prøverør er det journalist Tone Solberg som har skrevet, og for meg som har lest dei fleste blogginnlegga til Nygård så er det historien som er mest interessant og ikkje blogginnlegga til Nygård. Likevel er det ikkje heilt negativt for på bloggen kjem innlegga om prøving og feiling innimellom andre innlegg, og ved å samle dei i boka får ein meir heilhet. Boka er lettlest og grei, og det var fint å lese om oppturer i IVF-historien, men og om eit ektepar som aldri fekk oppfylt draumen. Eg diskuterte med ein kollega her om dagen om graviditet og barn og diverse, og me var ganske enige om at me maser ikkje på folk me kjenner om dei skal ha barn snart eller om dei skal ha fleire barn og liknande. Litt fordi eg ikkje vil ha spørsmålet sjølv (det er ikkje så lenge sidan eg fekk det spørsmålet), men og fordi ein kan aldri vite om paret ønsker seg barn eller om dei sliter med å få barn. Det er eit tankekors i vår ellers så opne verden der alt kan diskuteres.

XOXO

søndag 27. mai 2018

Bok: "Når du ser meg"

Forfatter: Siri Hustvedt (f. 1955)
Originaltittel: The Sorrows of an American, omsett av Bodil Engen
Utgitt: 2008
Min utgåve: 2008
Format: Heftet, 316 sider
Forlag: Aschehoug

Den norskamerikanske forfatteren Siri Hustvedt har ei rekke bøker bak seg, og bøkene hennar kjem ut på ei rekke språk. Publikum og lesere er begeistra for Hustvedt, og eg har sjølv ei rekke uleste bøker av ho i bokhylla. I 2014 var hennar roman, Denne flammende verden, på Bookers longlist.

Når du ser meg, eller The Sorrows of an American som eg syns er ein meir passande tittel, handler om søskenparet Erik og Inga Davidsen som etter farens død rydder i farens papirer. Kontoret er fylt til randen av alle moglege ting, men det er nokre brever som vekker nysgjerrighet i søskenparet. Jakten på brevskriveren fører søskenparet, som til dagleg bur i New York, til barndomsheimen og til farens forlatte gård i Minnesota. Underveis i jakten blir me kjent med Ingas datter, Sonia, og me får høyre om Eriks leigebuar og om Ingas kamp mot demonene etter ektemannens død nokre år tidlegare.

Eg har lest eit par romaner av Siri Hustvedt tidlegare, men syns dei var tunge å komme gjennom. Hustvedt kan sitt fag, og bruker mykje kunstreferanser og psykoanalyse i romanane sine, men i Når du ser meg føler eg språket er lettare, litt allemannseie, og historien er interessant. Eg er interessert i slektsforskning, og litt av dette kjem fram i romanen. Kven er den ukjente brevskrivaren, og er mistankene om eit dødsfall reelle? I takketalen bakerst i boka kjem det fram at erindringane som er brukt i boka er virkelige og det same med eit avisutklipp frå 1937. Erindringane er frå Lloyd Hustvedts eigne erindringar, og avisutklippet er om Siri Hustvedts grandonkel. Slikt gjer at romanen får meir dybde, og slektsforskaren i meg jubler. Kvifor eg plukka akkurat denne romanen ut av hylla tidlegare i veka kan eg ikkje forklare, men det er ei stund sidan eg har haldt på med ei bok eg bare måtte ha med i veska på fotballkamp for å kunne lese i pausen. Det er for meg eit tydeleg teikn på god bok. Anbefales!

XOXO

tirsdag 1. mai 2018

Bok: "Den store H.C. Andersen-boka"

Forfatter: Hans Christian Andersen (1805-1875)
Utgitt: 2005
Format: Innbundet, 335 sider
Forlag: Aschehoug

Den danske dikteren og forfatteren Hans Christian Andersen, betre kjent som H.C. Andersen, skreiv i rekke sjangre, men er best kjent for sine eventyr. Eventyra har blitt oversatt til 125 språk, i Andersens heimby Odense er det museum til ære for han, og den internasjonale barnebokdagen blir feira rundt hans fødselsdag. Dette er ikkje mitt første møte med H.C. Andersen, men det er første gong eg har lest hans samla eventyr.

Den store H.C. Andersen-boka er gitt ut av Aschehougs serie De store hvite bøkene, og viss eg har sett riktig etter er det bare han og Asbjørnsen&Moe som har fått ei bok for seg sjølv. Fleire av eventyra er kjent stoff som Tommelise, Den standhaftige tinnsoldaten, Den stygge andungen, Grantreet og Piken med svovelstikkene. Andre som Nissen hos kolonihandleren, Suppe på en pølsepinn og Det far gjør, er alltid det riktige var heilt ukjente for meg.

Nokre av dei har eg sett filmatisert enten som teiknefilm i Barne-TV eller i Ivo Caprinos dukkefilmer. Den standhaftige tinnsoldaten vart lagt av sistnemnte og stemmen i den filmen hang igjen då eg las eventyret. Per Aabel har lest inn tre-fire stykker, og hans sprukne stemme klang i hodet mitt under lesinga av Kjærestefolkene og Piken med svovelstikkene. Sistnemnte er eit av dei kjæraste og såraste eventyra eg veit om.

Mange av eventyra har ein klar moral og eit bodskap til lesaren, både gammel som ung, og eg merka ikkje at det var kjedelig å lese H.C. Andersen som vaksen. Det viser at det er lesbart for alle aldre til alle tider. I denne utgåva er alle eventyra illustrert av til dømes Svend Otto S., Per Dybvig, Lisbeth Zwerger, Sven Nordqvist og Harald Nordberg, og omsett av Kari og Kjell Risvik og Odd Bang-Hansen. Anbefales!

XOXO

tirsdag 27. mars 2018

Bok: "Erik Bye"

Forfatter: Asbjørn Bakke (f. 1961)
Utgitt: 2017
Format: Lydbok lest av Dennis Storhøi, 22t43min31sek
Forlag: Lydbokforlaget

Asbjørn Bakke er vaktsjef i Aftenposten og har i over 30 år vore ein av Noregs dyktigste og mest profilerte rockkritikere, blant anna som redaktør i musikkavisa Nye Takter på 1980-talet. Han har gitt ut sjølv og vore medforfatter på bøker om rockhistorien, og kom i fjor ut med biografien om Erik Bye. I bokas takk frå forfatteren vart det avslørt at han har haldt på denne boka i sju år, og det sier litt om kor mykje stoff det fins om Erik Bye.

Erik Bye er eit namn og ein mann som eg ikkje er så kjent med. Eg er hakket for ung til å ha opplevd han både i radio og TV, men eg har høyrt mine foreldre snakke om han både før og etter han døydde. Erik Bye vart fødd i Brooklyn i USA på slutten av 20-talet, og hans far var operasanger Erik Ole Bye. Seinare flytta familien til Noreg, og foreldra opna pensjonat. Erik Bye hadde utferdstrang og reiste til USA etter krigen. Etter fleire år kom han heim, men faren såg han aldri igjen. Operasangeren døydde før sonen rakk heim. Bye har gjort mykje i det norske samfunnet og baksideteksten på lydboka lister opp hans mange sider: "programlederen, journalisten, visesangeren, dikteren, samfunnsrefseren, eventyreren og medmennesket" og då århundrets nordmann vart kåra på NRK i 2005 vart Erik Bye kun slått av kong Olav V og Einar Gerhardsen. 

Då eg såg boka første gong i bokhandelen i fjor var det ikkje umiddelbar glede for det var ikkje snakk om at eg skulle gje meg i kast med den 528 siders tjukke boka om ein mann eg såvidt visste kva hadde gjort. For eit par veker sidan fant eg lydboka utstilt på biblioteket, og den vart med heim. Til tider har eg irritert meg grønn over den unge Erik Bye som på sin USA-farting verken hadde orden på penger eller utdannelse. Eg har humra og ledd meg gjennom store deler av boka, og har dei siste dagane høyrt mange timer for å faktisk bli ferdig. I dag var dagen, og mot slutten rant tårene. Eg har det siste året etter min farfars død hatt lettere for å ta til tårene, og i dag fekk dei renne fritt då Erik Byes liv ebba ut i oktober 2004. Det kan ikkje ha vore lett for Tove Billington Bye å vere gift med Erik Bye, men at kjærleiken stod høgast er det ingen tvil om.

Erik Bye er ein meget velskrevet biografi om giganten, og i skrivande stund høyrer eg hans siste plate Støv og stjerner og kan sjå føre meg korleis den vart spilt inn i Byes eiga stove i Asker. Dokumentarfilmen Giganten (2005) har eg bestilt på biblioteket, og ser fram til å sjå den. Til slutt må eg skrive noko om Dennis Storhøi. Hadde det ikkje vore for at det er han som har lest inn boka er det ikkje sikkert den hadde blitt høyrt. Storhøi leser med bravur, og frå nå av burde han lese alle bøker som eg elles finner keisame. Eg har eit par titler som han godt kunne lest framfor andre, men eg skal la ver å skrive det her. Erik Bye anbefales varmt!

XOXO

søndag 6. august 2017

Bok: "En moderne familie"

Forfatter: Helga Flatland (f. 1984)
Utgitt: 2017
Format: Leseeksemplar, 239 sider
Forlag: Aschehoug

Den norske forfatteren Helga Flatland får stadig nye lesere, og eg er av dei som venter i spenning på nye bøker. I 2014 las eg Bli hvis du kan-trilogien på kort tid, og med romanen Vingebelastning året etter vart eg ikkje mindre begeistra.

En moderne familie handler om Liv, Ellen og Håkon som opplever at foreldra gjennom førti år skiljer lag. Barna reagerer på kvar sin måte, og boka har tre ulike forteljerstemmer. Liv har mann og barn, og har alltid trengt foreldra på ein anna måte enn søsknene. Ellen er meir frigjort, men det er ikkje mange som veit at ho sliter med å bli gravid og siste utveg er prøverør. Håkon er den høgt elska og etterlengta lillebroren som vart fødd med hull i hjartet, og har alltid blitt godt tatt vare på av foreldra. Gjennom dei tre stemmene får me høyre om dei ulike reaksjonane, men og om liva til søsknene og deira respektive. Foreldra, Sverre og Torill, er nok dei som er minst berørt av skilsmissen, men dei har nok og fått tenke på den lengst. Er det gifte foreldre med vaksne barn og barnebarn som utgjer ein familie, eller er det den moderne familien med dine, mine og våre barn som er idealet?

En moderne familie befester Helga Flatland sin posisjon som ein forfatter eg liker veldig godt, og hennar styrke er relasjoner mellom mennesker. Det er ein til tider sårbar, til tider morsom og veldig ofte nikker eg anerkjennande til Flatlands setninger. Forteljarstemmene er litt ujevne; eg forstår ikkje heilt kvifor Liv og Ellen får to "kapittel" kvar, medan Håkon får eitt på slutten. Hadde han mindre å si om skilsmissen eller er det fordi han ikkje har eller ønsker seg familie? Samstundes som eg nikker, blir eg oppgitt. Liv føler seg sveket og vurderer sitt eget ekteskap, Ellen forteller ingen om maktesløsheten ho føler over barnløsheten, medan Håkon surrer litt rundt i si eiga verd. Kva om dei faktisk hadde snakka litt meir saman om personlege ting? Alderen mellom barna til Liv er relativt stor, men ingen stiller spørsmål om barnløsheten til Ellen har figurert både i moras og Livs liv. Det spørsmålet kunne eg godt hatt svar på, men samstundes passer den ikkje inn i det som romanen vil formidle.

I A-magasinet forrige fredag (29. juli) snakker Flatland om oppvekst, tosomhet og moglege barn. Ho har ikkje barn sjølv, men eg trur ho forstår tante-rollen:
Min egen glede over å være tante består først og fremst i det å ha tilgang til barn som på en måte er litt mine, uten å ha ansvaret for dem. Ikke minst i det å kunne tillate meg å være så mye kulere og mer avslappet enn Liv, i Agnars øyne, gi ham lov til ting han aldri ville fått lov til av henne, som hun må ta konsekvensene av senere. (s. 72)
Eg har ikkje barn, og ønsker meg heller ikkje barn, men det er ingen hindring for barnevakttjenester og det å vera glad i barn. Skilsmisse har eg ingen erfaring med, men eg kan forstå den tryggheten i det å vera to. Før farfar døydde tidlegare i år så var det ein trygghet i det faktum at farmor og farfar hadde kvarandre i kvardagen. Etter hans dødsfall er det betryggande å vite at farmor ringer om ho trenger hjelp og at min far og søsknene hans har kvarandre som besøker farmor kvar sine dager.
Det har ikke vært en aktuell problemstilling før, men nå blir det plutselig en presserende tanke at de begge er alene og aldrende. Og hva hvis noe alvorlig skjer med en av dem? Tryggheten i at de har vært to , at de har hjulpet hverandre eller i det minste holdt et øye med hverandre, har blitt borte. (s. 86) 
Til tross for sine ujevnheter får den meg til å tenke, og denne anmeldelsen vart til tider ganske personleg. Det tenker eg gjer ingenting, for eg vil heller ha ei bok i tankane i lang tid etter lesing enn legge vekk ei bok som eg umiddelbart gløymer. Romanen er varmt anbefalt!

XOXO

søndag 21. august 2016

1001 bøker/Bookershortlist 1989: "Katteøyet"

Forfatter: Margaret Atwood (f. 1939)
Originaltittel: Cat's Eye, oversatt av Inger Gjelsvik
Utgitt: 1988
Min utgåve: 1989
Format: Innbundet, 439 sider
Forlag: Aschehoug

Den canadiske forfatteren Margaret Atwood har nærmare 35 utgivelser bak seg av poesi, essay, noveller og romaner, og er ein meget populær forfatter. Ho har i årenes løp mottatt ei rekke priser, og med Katteøyet var det andre gong ho var på Bookers shortlist.

I Katteøyet møter me Elaine i ulike stadier av livet. Fram til 8-årsalderen er Elaine vant til å køyre mykje bil då faren som er insektsforsker i felten er på stadig jakt etter insekter. Saman med foreldra og storebroren Stephen er Elaine vant med telt, primus og provisoriske leiker. Etterkvart får faren ein ny stilling ved universitetet i Toronto, og familien kjøper hus. Møtet med skulekvardagen blir til tider vanskeleg då Elaine er meir vant med gutter enn jenter. Foreldra hennar er ikkje som andre foreldre, og Elaine drøymer stadig om jenteting. Venninnene Carol, Grace og spesielt Cordelia er vennlege for det meste, men Elaine blir til stadighet ein hakkekylling, og det tar fleire år før ho tar igjen og slutter simpelthen å vera venner med dei.

Barndommen ser Elaine tilbake på då ho befinner seg i Toronto for sin eigen kunstutstilling. Dagleglivet hennar er nå i Vancouver med sin andre ektemann og med døtre på college. Etterkvart veks Elaine opp, ser broren dra ut i verda og blir astrofysiker, og Elaine vurderer ein karriere innan biologi. Ein dag går ho lei av dette og ser kunstnardraumen langt framme. Etter ein affære med kunstlæraren blir ho gravid med ein anna mann, gifter seg, skiljer seg, gifter seg på nytt og fortsetter livet med ny mann, mitt, ditt og vårt barn. I fleire tilbakeblikk får me vite korleis det gjekk med Cordelia, og med Stephen og foreldra.


Margaret Atwood er ein meget god forfatter, og ein oppvekst i etterkrigstidens Canada er det få som kan skildre slik som Atwood. Katteøyet er godt skrevet, skildringane er i toppklasse kva angår jentemakt i skulealder, og eg kan levande forestilla meg Elaine som heller vil sitja heime med ei bok enn å vera med venninnene i deira ulike sinnsstemningar. Då eg las Den blinde morderen av same forfatter tidlegare i år var det vanskeleg å leggje den vekk fordi den var så altoppslukande, og den var skrevet på same stillferdige måte som Katteøyet. Katteøyet klarer ikkje å fange meg på same måte, og minner meg om både Elena Ferrante med sine venninneforhold og Siri Hustvedt med sine kunstparagrafer. Ingen innertier, men muligens det nå er på tide og lese MaddAdam-trilogien.

XOXO

fredag 22. juli 2016

Bok: "Invitasjon til mord" (JM #5)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Originaltittel: A Murder is Announced, oversatt av Jan Christensen
Utgitt: 1950
Min utgåve: 2012
Format: Heftet frå bokhylla, 175 sider
Forlag: Aschehoug

Den britiske forfatteren Agatha Christie skreiv rundt 80 kriminalromaner og noveller, og mesteparten hadde Hercule Poirot eller Jane Marple som detektiv. Fleire av romanane er filmatisert, men ved å lese eller høyre dei får ein meir kjøtt på beina.

Ein tidleg morgon i småbyen Chipping Cleghorn er det fleire avislesere som setter frukosten i halsen då det i avisa står "Invitasjon til mord." Åstedet skal vera Little Paddocks, heimen til Letitia Blacklock. Miss Blacklock tar det heile med knusande ro, og då dei fleste vennene dukker opp med den tru at det er ein "mordleik" blir det eit bra selskap - i begynnelsen. Då klokka nærmer seg 18.30 står alle og glor på peisklokka, men leiken blir fort forvandla til eit faktisk mord.

I dagane som kjem prøver politiet med Miss Marple i spissen å løyse mordet som skjedde i miss Blacklocks hus. Det er dog ikkje bare mord som liggjer under overflata i småbyen. Gamle løyndomar, slektskap og muligheten for mykje penger i form av arv kjem sakte, men sikkert opp i overflata.

Invitasjon til mord er ei av mine favoritter frå Agatha Christie. Den er spennande, mystisk og typisk Christie med sin småby full av løyndomar. Filmatiseringa med Geraldine McEwan er god, men karakterane er ikkje som i boka. Likevel er den vel verd timane. Anbefales!

XOXO

tirsdag 28. juni 2016

1001 bøker/Booker-vinner 2000: "Den blinde morderen"

Forfatter: Margaret Atwood (f. 1939)
Originaltittel: The Blind Assassin, oversatt av Inger Gjelsvik
Utgitt: 2000
Min utgåve: 2004
Format: Heftet frå bokhylla, 628 sider
Forlag: Aschehoug

Den canadiske forfattaren Margaret Atwood har skrevet eit titalls romaner og noveller sidan debuten med The Edible Woman i 1969. Atwood har mottatt fleire høgthengande litteraturpriser i karrieren, blant anna Booker-prisen i 2000, og plass på shortlist for same pris i 1986, 1989, 1996 og 2003. Atwood blir ofte nemnt i forbindelse med Nobel-prisen, og håpet mitt er at det blir hennar tur ganske snart. Den blinde morderen er mi tredje Atwood-bok, men det blir neppe den siste.

I Den blinde morderen blir me kjent med Iris Griffen. Ho er i 80-åra, sjuk, einsam og fattig, men på ingen måte utan viljestyrke. I løpet av over 600 sider fortel Iris om sitt og lillesøstra Lauras liv i Ontario, Canada på 30- og 40-talet. Historien fortel om kjærleik og oppbrot, ekteskap, forelskelse, ein velståande heim og familiesagaen. Vevd inn i historien kjem Lauras roman, "Den blinde morderen". Romanen forårsaka sjokk i si samtid, og trådane frå den kan på ekte Atwood-vis trekkas til Iris' beretning. Livet har på ingen måte vore ein dans på roser for Iris, men ho er ikkje klar til å legge inn årene før ho har skrevet sin eigen familiehistorie. Kanskje kjem barnebarnet heim ein dag og les det ho har skrevet. Muligens vil det lette trykket som førte Sabrina ut i den store verda. Iris har håp!


Den blinde morderen tok eg med heim frå bokbordet frå forrige bokbloggtreff, og den har blitt liggande. Eg har eit mål for øyeblikket om å lese meir frå bokhylla, og så langt fungerer det. Boka starta stille og forsiktig, og var det eg trengte akkurat då. Sengelektyren var satt, men så skjedde det ein masse ting i boka, og eg klarte ikkje å legge den frå meg. Sidene føyk avgarde, og eg som vanlegvis les i fleire papirbøker om gongen leste kun denne. Iris Griffen er ei skjønn dame som muligens burde vore på ein aldersheim med dei matvanane, men med Myra i nabolaget er det ingen fare. Familiehistorien hennar er intrikat og på grensa til forsømmelse, og minner ikkje reint lite om Diane Setterfields The Thirteenth Tale.


I oppveksten var søstrene Iris og Laura godt beskytta, muligens ein anelse for mykje, og det ligger mykje mellom linjene i historien. Slutten er på sin måte sjokkerande, men i ekte Atwood-ånd. Den blinde morderen har fått fram mange ulike sinnsstemninger i meg, og eg forstår veldig godt kvifor Margaret Atwood mottok Booker-prisen i 2000. Dei siste åra har eg lest meir og meir på originalspråket, men når eg hadde den norske oversettelsen så las eg den. Eit par gonger har eg stussa over ordvalget til oversettaren, men alt i alt bra jobba. Varmt anbefalt!

XOXO

søndag 19. juni 2016

Bok: "Mord i prestegården" (JM #1)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Originaltittel: Murder at the Vicarage, oversatt av Liv Malling
Utgitt: 1930
Min utgåve: 2012
Format: Hefta, 201 sider
Forlag: Aschehoug

Den britiske forfatteren Agatha Christie er velkjent for sine krimromaner om Hercule Poirot og Miss Jane Marple. Eg har lest fleire bøker om begge heltane, og sett ørten filmatiseringar. Å lese bøkene etter å ha sett den filmatisert er spennande for det gir meir kjøtt på beina, og er ein mulighet til å sjå kva som eventuelt har blitt kutta eller endra på i forhold til historiens originalitet.

I St. Mary Mead bur det fleire nysgjerrige eldre damer, det bur ein sogneprest og hans unge kone, og oberst Protheroe med familie. Obersten er ikkje godt likt i landsbyen, og då han blir funnet drept på sogneprestens kontor er det ikkje mindre enn sju mistenkte i saken. Politiet med kriminalbetjent Slack i spissen kjem ingen veg, men miss Marple veit råd. Den dama lar seg ikkje stoppe så lett!

Eg syns Agatha Christies krimromaner såpass handlingsbasert at eg lar det vere med dette innblikket i historien. Mord i prestegården er den første romanen om Jane Marple, men det blir nemnt at miss Marple har hatt nesen sin i saker tidlegare i St. Mary Mead. Det er ein interessant samling av karakterer i romanen, frå sognepresten og obersten til deira familier og andre landsbybeboere. Det som er ekstra interessant med denne romanen er at det er sognepresten som fortel, og det er han alle går til når dei har opplysningar i saken. Miss Marple er omtrent som ein morsom bifigur som til slutt har løysinga. Eg blir sjelden skuffa av ein Christie-roman, og denne er intet unntak. Eg har sett filmatiseringa med Geraldine McEwan, og er glad for at det er ei god stund sidan for då kunne eg lettare leve meg inn i handlinga og gjette meg fram til kven mordaren var. Anbefales!

XOXO

søndag 5. juni 2016

1001-sirkel: "Det jeg elsket"

Forfatter: Siri Hustvedt (f. 1955)
Originaltittel: What I Loved, oversatt av Bodil Engen
Utgitt: 2002
Min utgåve: 2012
Format: Heftet, 411 sider
Forlag: Aschehoug

Den amerikanske forfatteren Siri Hustvedt er fødd og oppvokst i USA med norske foreldre. Hennar seinaste roman, Denne flammende verden, var på Bookers liste i 2014. Mi første Hustvedt-bok var essaysamlinga Livet, tanken, blikket i januar 2014, og det frista til meir og dei to første bøkene, Med bind for øynene og Lily Dahls fortryllelse vart lest same sommar. Romanen er lest i forbindelse med Lines lesesirkel og kategorien Nålevende amerikanere.

I Det jeg elsket er me i New York, og i løpet av boka følger me to familier gjennom tjuefem år. Familiene bur i kvar sin etasje i det same huset i Soho, dei er kunstnere på kvar sine plan, intellektuelle mennesker og begge parene får ein son nesten på same dag. Lukka er komplett! I fleire år ferierer dei saman, og lærer meir om kvarandre enn naudsynt, men dei lever tett i utgangspunktet så det går helst greit. Så skjer det som ikkje skal skje, og ein av familiane mister sonen sin. Verda faller i grus for alle, og korleis går ein vidare frå når livet går ein imot? Dei fem som står igjen reagerer på kvar sin måte, og sakte, men sikkert detter grunnmuren ut under samholdet. Til slutt står det ein standhaftig igjen.

Siri Hustvedt kan skrive - det er ingen tvil om det, men i denne romanen har eg hatt store problem med å lese vidare og fullføre. Ikkje fortvil, Det jeg elsket er fullført, men det var ikkje utan ein viss lettelse. Då eg las dei to føregåande romanane føyk sidene avgarde, men her kvidde eg meg for å opne den. Historien om familiane fenga meg ikkje, det var for mykje utanomsnakk eg ikkje bryr meg om, og i det heile ingen god oppleving. Eg veit at Siri Hustvedt kan trollbinde meg til boksidene, og heldigvis har eg fleire romanar av norskamerikaneren.

XOXO

søndag 27. mars 2016

Back to the Classics #4: "Den nemeiske løve" (Poirot #26)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Originaltittel: The Labours of Hercules, oversatt av Kitty Havers
Utgitt: 1947
Min utgåve: 2012
Format: Eiga bok, heftet, 255 sider
Forlag: Aschehoug

Den britiske forfatteren Agatha Christie er mest kjent for sine historier om Hercule Poirot og Jane Marple. Begge detektiver har gått sin seiersgang som påskekrim i årevis, men Christie skreiv ikkje bare romaner om sine helter. Den nemeiske løve er ei samling noveller og passa perfekt i Back to the Classics-kategorien A Volume of Classic Short Stories.

I innledninga har Hercule Poirot besøk av ein gammel venn, doktor Burton, og dei diskuterer etter kvart namn. Doktoren meiner at Poirots mor og Sherlock Holmes' mor burde ha satt seg ned og diskutert kva dei meinte med å kalle sine barn Hercule og Achille Poirot, og Sherlock og Mycroft Holmes. Poirot ser ikkje noko morsomt med denne imaginære samtalen:
- Mener de med dette å si at mitt fysiske ytre ikke har noe til felles med sagnhelten Herkules? Doktor Burton lot blikket gli over Poirots pertentlige lille skikkelse. Fra de skinnende blanke lakkskoene via de stripete, velpressede buksene og den korrekte svarte jakken og tversoversløyfen - opp til det eggeformede hodet og den enorme, svarte mustasjen. - Nei, skal jeg være ærlig, Poirot, så har det ikke det.
Poirot sier adjø til sin venn etter ei stund, og dermed forsvinner han ut av denne boka. Doktor Burton har ingen rolle i boka utenom at han nå har satt Poirot på ein idé. Han har nemleg tenkt å pensjonere seg, men nå vil han først utføre tolv bedrifter lik dei sagnhelten Herkules utførte, og dermed overføre klassiske greske legender til vår tids mysterier. Som sagt så gjort!
Kjelde: Pinterest
Å finne tolv mysterier som likner på Herkules' tolv bedrifter er ikkje alltid enkelt, men med god hjelp av sekretæren, Miss Lemon, tenaren George og til tider inspektør Japp ved Scotland Yard lykkes det Poirot å utføre tolv bedrifter. Det involverer ein del reising (som oftast med tog), eit par skumle typer, møter med eit utall mennesker og ein del narkotika. Det er ikkje alle bedriftene som er like spennende, men som regel har eg ikkje peiling på kven forbrytaren er før Poirot avslører det. Akkurat det vitner om god fantasi frå Agatha Christies side, og er hovedårsaken til at dama blir lest den dag i dag. Anbefales!

XOXO

søndag 4. oktober 2015

Bok: "Vingebelastning"

Forfatter: Helga Flatland (f. 1984)
Utgitt: 2015
Format: Innbundet, 268 sider
Forlag: Aschehoug

Den norske forfatteren Helga Flatland tok landet med storm med trilogien som tar utgangspunkt i barndomsvenene Tarjei, Trygve og Kristian i romanane Bli hvis du kan. Reis viss du må, Alle vil hjem. Ingen vil tilbake og Det finnes ingen helhet. Sistnemnte var på bokbloggerprisens langliste 2013, og det vart sagt på bokbloggertreffet førre månad at har du først vore på lista så held bloggerne eit auge med deg. Det er tilfelle for meg, for eg er ikkje sikker på om Flatland hadde blitt plukka opp viss ikkje.

Vingebelastning går føre seg i fleire ulike år. Hovudhistoria er i 2014, og hovudpersonen Andreas går i samtaleterapi hjå Bjørnar. Etter eit ublidt møte med ein bil blir Andreas som ved ein tilfeldighet plukka opp av psykiatrien. Det viser seg at utan å tenkje over det har Andreas slitt med tvangstanker gjennom store deler av livet, og blir etter ulukka sjukemeldt på ubestemt tid. Romanen veksler mellom ulike perioder av Andreas' liv etter som han fortel til Bjørnar kva som kan vera årsaker til tvangstankane.

Helga Flatland har nok ein gong levert ei solid skrevet bok, og når du les 100 sider utan å leggje merke til det så er det i mitt hovud ei bra bok. Flatland går inn i Andreas' indre og skriver godt om psykiske lidingar, korleis det påverkar hans liv og livet til kjærasten Hanna. Ho prøver så godt ho kan å forstå, medan foreldra og søskena til Andreas blir haldt utanfor. Då Andreas prøver å forklare situasjonen sin vil dei eigentleg ikkje forstå. Psykiske lidingar var og eit overhengande tema i trilogien, og Flatland har fått skryt tidlegare for sin innsikt. Anbefales!

XOXO

lørdag 26. september 2015

Bok: "Bienes historie"

Forfatter: Maja Lunde (f. 1975)
Utgitt: 2015
Format: Innbundet, 455 sider
Forlag: Aschehoug

Den norske forfatteren Maja Lunde har skrevet barne- og ungdomsbøker, og skrevet manus for TV. I år er ho aktuell med sin første roman for vaksne, Bienes historie.

Bienes historie blir fortalt av tre ulike stemmer i kvart sitt år. Familiefaren og frøhandleren William bur i England på 1800-talet. Han har mistet all vilje til å leve, men etter å ha lest ei bok om bier står han opp frå senga og byggjer ei heilt ny bikube som skal sette standarden for bikuber. Birøkteren George bur i USA med familien i 2007. Han har ein liten gard, men ynskjer å utvide og håper at sonen ein dag skal bli meir interessert i biene enn i sine eigne studier. I framtidas Kina i året 2098 arbeider Tao med handpollinering. Verda slik me kjenner den er vekke, og Tao strever med arbeidet sitt og den evige dårlege samvittigheten overfor sonen som ho kun får ein time med kvar dag. Ho ynskjer at han skal få eit anna utgangspunkt enn det som er framtida nå, men med ein time kvar dag er det ikkje så enkelt.

Det er lenge sidan eg har lest ein så drivande roman som Bienes historie. Før eg visste ordet av det var halve boka lest, og den andre halvparten vart lest neste dag. I mitt hovud vitner det om godt skrevet bok. Maja Lunde har gjort sin research (som viser igjen på takkelista bakerst i boka), og med gode setninger og cliffhangere mellom stemmene så må du bare lese vidare for å vite meir om dei ulike personane. Samtidig som det handler om bier i ulike tider er det sterke historier om relasjoner mellom foreldre og barn, og forventninger frå ein generasjon til ein anna. Maja Lunde klarer på elegant vis å balansere tre stemmer i ei bok, og samtidig trekkje tråder mellom stemmene. Denne kan eg godt sjå på bokbloggerprisens liste neste år. Anbefales!

XOXO

mandag 13. juli 2015

Bok: "Moralsk forvirring. Fortellinger"

Forfatter: Margaret Atwood (f. 1939)
Originaltittel: Moral Disorder
Utgitt: 2006
Min utgåve: 2008
Format: Innbundet, oversatt av Inger Gjelsvik, 259 sider
Forlag: Aschehoug

I dag er den canadiske forfatteren Margaret Atwood mest kjent for trilogien om MaddAddam, men ho meistrer og novellekunsten. I tillegg til nemnte trilogi har Atwood skrevet den glitrande The Handmaid's Tale og har vore på Booker-lista fleire gonger (vinner 2000, shortlist 1986, 1989, 1996, 2003).

Novellesamlinga Moralsk forvirring består av 11 noveller som fylgjer éi kvinnes liv frå 1930-åra til nåtiden. Novellene er på mellom 11 og 29 sider, og det går litt fram og tilbake mellom kor gammal hovudpersonen er.

I første novelle, De dårlige nyhetene, held vår kvinnelege hovudperson til i Frankrike med mannen Gilbert, populært kalt Tig. Hans måte å formidle avisnyheter er å rope dei opp til ho som framleis ligg i senga, medan ho helst ville hatt både kaffe og frukost før nyhetene. Medan ho kler seg tenkjer ho på livet, dottera som bur ein anna stad i verda, kattane dei har hatt og korleis det vil bli når ho eventuelt blir åleine.

I andre novelle, Matlavning og servering, er hovudpersonen nesten 12 år, og mora venter barn til hausten. I eit par sommarveker er ho og mora åleine på ei øy der hovudpersonen strikker hentesett til babyen og leser dei to første kapitla i ei kokebok. Hovudpersonen er sjokkert over moras tilstand, og ynskjer at det skulle vore slik det var før ho vart gravid. Då  veslesystera blir fødd tar hovudpersonen mykje av ansvaret for babyen som er uroleg av seg, men ein kveld ca to år seinare blir det hett mellom mor og dotter. Meget god novelle om tidleg ansvar og forventningane til store sysken.

I tredje novelle, Den hodeløse rytter, er hovudpersonen 14 år og kler seg ut som Den hodeløse rytter på Halloween. Undervegs i novella går det fram og tilbake frå fortid til framtid, og på ein biltur for å besøke den aldrande mora snakker systrene om barndommen. Veslesystera beretter at ho følte det iblant som å ha to sett med foreldre, og det er ei god novelle om ein litt underleg barndom.

I fjerde novelle, Min siste hertuginne, er hovudpersonen i ungdomsåra. På skulen har dei engelsk litteratur, og novelletittelen henspeiler på eit dikt av Robert Browning. Hovudpersonen hjelper sin nåverande kjærast, Bill, med faget og det er mykje snakk om nemnte dikt og blant anna forfattaren Thomas Hardy.

I femte novelle, Det andre stedet, erindrer hovudpersonen det omflakkande livet sitt før ho møter Tig. Novella handler i stor grad om ein leigd loftsleilighet i Toronto med avlagte møbler, grønt sengeteppe og draumen om kvite rysjegardiner.

I sjette novelle, Monopol, har hovudpersonen fått namnet Nell, ho har truffet den gifte Tig med kone og to gutter. Tig har leigd ein gård på landet, og i vekene er Tig der med Nell. Ekteskapet hans med Oona er over, og guttene tilbringer tid på gården i helgene. Etterkvart får og Nell vera der saman med guttane, og dei speler ein del monopol. Nell underviser i engelsk litteratur, og gjer ein del konsulentarbeid og det er slik ho treffer Oona og Tig. Fin novelle om ein familie i oppbrudd, og korleis ei ny kone kan kome inn i ein familie.

I syvende novelle, Moralsk forvirring, kjøper Nell og Tig ein gård og fyller den med stadig fleire dyr og ein diger grønnsakshage. Guttane er meir på landet enn i byen hjå mora fordi Oona visstnok har problemer. I slutten av novella bryter Nell saman etter eit besøk på slakteriet og utbryter til Tig at han ikkje vil at ho skal få barn. Eg humra godt av denne om byfolk på bondegård.

I åttende novelle, Hvit hest, er det andre året på gården og Nell blir påprakka ein hest av ei venninne. Nells veslesyster, Lizzie, kjem på besøk med sine problem, Nell er gravid, og det er ei sår novelle om systerforholdet.

I niende novelle, Åndene, skal dottera til Nell og Tig byrje på skulen og dei bestemmer seg for å flytte til byen. Eigedomsmeklaren, Lillie, blir hyra og ho blir sett på som ei driftig dame som kan fikse det meste. Ekskona til Tig, Oona, trenger ein ny plass å bu og Nell hjelper til så godt ho kan. Då Oona plutseleg døyr mister Lillie sitt pågangsmot fordi ho er overbevist om at det er onde ånder i Oonas leilighet.

I tiende novelle, Labrador-fiaskoen, er Nell på besøk hjå sine aldrande foreldre. Faren har hatt slag og mora leser for han om Wallace og Hubbards ekspedisjon i 1903.

I ellevte novelle, Gutta på lab'en, er Nell igjen hjå foreldra, og minrer til då faren hadde lab i hagen og korleis enkelte gonger hjelperne hans sov i telt og åt middag med dei. Undervegs i novella døyr faren, Nell finner ein masse fotoalbum og gjer ei forsøk på å få mora til å fortelje om sin barndom.

Margaret Atwood kan fortelje, og dette var ein interessant måte å bli kjent med eit menneske på. Atwood må eg lese meir av. Anbefales!

XOXO

søndag 5. juli 2015

Mummitrollbøkene


Originaltitler: Småtrollen och den stora översvämningen, Kometen kommer, Trollkarlens hatt, Muminpappans bravader, Farlig midsommar, Trollvinter, Det osynliga barnet och andra berättelser, Pappan och havet, Sent i november
Oversetter: Gunnel Malmstrøm
Format: Alle innbundet bortsett frå bok 8, frå 52 til 223 sider
Forlag: Aschehoug

Som barn leste eg ikkje Tove Janssons bøker om Mummitrollet. Då gjekk det i Anne Cath. Vestly og Astrid Lindgren, men eg har sett samtlige episoder av den animerte serien basert på Janssons fortellinger. Min fascinasjon for Mummiverda har strukket seg til serien og Mummihuset, og det var ein gledens dag då kjøkkenbutikken Kitch'n fekk inn Mummikopp med huset på. Nå er eg hekta på Mummiverda, og det kjem garantert fleire Mummikopper i mitt hus.

I første bok, Småtrollene og den store oversvømmelsen (1945, norsk 1993), møter me for fyrste gong mummitrollet og hans mamma. Dei er på leiting etter mummipappa som er forsvunnet, og i løpet av leiteaksjonen møter dei Sniff, kjem utfor eit hus fullstappa med snop, dei møter hattifnattene og finner til slutt mummipappa etter ein diger oversvømmelse. Då har det fine kakkelovnhuset flytta på seg og satt seg ned i ein vakker dal. Denne boka er ein morsom introduksjon om mummifamilien.

I andre bok, Kometen kommer (1946, bearbeida utgåve 1968, norsk 1970), får mummifamilien besøk av ei bisamrotte. Denne bisamrotta er filosof og varsler at jorda kjem til å gå under på grunn av ein komet som er på veg mot jorda. Mummitrollet og Sniff bestemmer seg for å reise til eit observatorium for å høyre om det stemmer, og på vegen møter dei for fyrste gong Snusmumrikken, Snorken, Snorkfrøken og den frimerkesamlende Hemulen. I slutten av boka søker mummifamilien og alle vennene deira ly i ei hule på stranda i påvente av at jorda skal gå under. Dette er den einaste boka om Mummitrollet eg har funnet i barndommens bokhylle. Den har garantert stått der i ganske mange år, men eg kan ikkje huske å ha lest den.
"Det er av gull, sa han. Sa du ikke at denne snorkfrøkenen hadde en ring av gull rundt venstre ben? Jo, svarte Snusmumrikken bedrøvet. Og hun som var så pen. Hun skulle alltid gi seg ut på farlige steder for å plukke blomster. Hun er nok bare mos nå, sa Sniff." (Kometen kommer s. 51)
I tredje bok, Trollmannens hatt (1948, norsk 1960), finner Mummitrollet, Sniff og Snusmumrikken ein flosshatt. Då dei bruker den som papirkurv og gøymeplass byrjer merkelege ting å skje og den fredelege sommeridyllen blir brått farleg og spennande. Me får høyre om den fyrste båtturen med den nye båten til Mummipappa, om hemulens nye hobby, og om to nye venner som kjem innom. Tufsla og Vifsla dukker opp for fyrste gong med den mystiske kofferten, og i slutten av boka får trollmannen tilbake hatten sin og han får noko verdifullt som han har lett etter i mange hundre år.

I fjerde bok, Mummipappa på eventyr (1950, norsk 1961), er det Mummipappas erindringer me får høyre om. Han skriver om sin uforståtte barndom der han vaks opp på eit barnehjem som han seinere rømte frå, om hans første venn, Fredriksen, om møtene med Fjomsedyret og Jokseren, om den første båten til Mummipappa og om hans litt dramatiske møte med Mummimamma. I denne boka dukker for fyste gong Mymlen og lille My opp, og Sniff og Snusmumrikken møter foreldrene sine.
Jeg likte godt å avløse Fredriksen ved roret av og til om kvelden. Stillheten og bølgene gav meg en behagelig og spennende følelse av å være samtidig forferdelig betydelig og forferdelig liten. (Kanskje mest betydelig, tross alt.) (Mummipappa på eventyr s. 52)
Og så stod solen opp. Mild og vennlig skinte den på min kalde mage, og jeg kjente hvordan livslysten strømmet helt ut i ørene og halespissen. Jeg husket hvordan det var da solen stod opp på min første dag i frihet etter rømmingen, og hvordan den skinte den morgenen da jeg våknet i skogen. Jeg elsket solen! (Mummipappa på eventyr s. 59)
I femte bok, Farlig Midtsommer (1954, norsk 1959), blir det jordskjelv og oversvømmelse. Mummifamilien, Lille My og dei nye venene deira, Misa og Homsen, redder seg i land i eit gammalt teater der dei blir kjent med teaterrrotta Emma. Snusmumrikken er ute på oppdrag og redder 24 små barn, og Filifjonka dukker opp for fyrste gong. Høgdepunktet i boka er Mummifamiliens teateroppsetning der Misa speler primadonna.


I sjette bok, Trollvinter (1957, norsk 1958), våkner Mummitrollet midt på vinteren. Mummifamilien går i hi om vinteren, men ein gong våkna Mummitrollet og fekk ikkje sova. Han opplever vinteren for fyrste gong, og syns det er rart og fremmed med snø, mørke, kulde, og alle dei rare vesena som høyrer vinteren til. I denne boka møter me Too-tikki, som er veldig snill under det barske ytre, og lille My er på farten med Mummimammas sølvbrett som akebrett. Sjølv med alt som føregår i boka var dette den av dei seks første bøkene som tok lengst tid å lese.

I syvende bok, Det usynlige barnet (1962, norsk 1963), fins det 9 noveller som i større eller mindre grad har med Mummifamilien å gjere. Tittelnovella er den eg kjenner best og handler om Ninni som har budd hos ei tante som behandla ho dårleg. Som resultat vart ho usynleg og Too-tikki tar ho med til Mummifamilien. Sakte, men sikkert blir Ninni synleg og viser at ho kan både leike, le og bli sint. Eg har bladd ein del i denne boka, og lest litt her og der, og så langt er det denne eg liker minst.

I åttende bok, Pappaen og havet (1966, norsk 1966), handler om då Mummifamilien reiste ut på eventyr med båten og hamna ved eit forlatt fyr. Mummipappa er sint fordi fyret ikkje lyser, og bestemmer seg for at øya og fyret er hans. Utanom Mummifamilien og lille My er det kun ein mystisk fisker i boka, og eg fant den kjedeleg.

I niande bok, Sent i november (1970, norsk 1971) , handler om då Mummifamilien reiser til fyret og fullt av folk kjem til Mummihuset. Filifjonka, Hemulen og homsen Tofte er blant dei som kjem til Mummihuset ein sein haustkveld. Snusmumrikken har dratt, og Mummifamilien har reist med båten til fyret. Gjestene tar seg til rette i Mummihuset så godt dei kan, men det det blir ikkje det same utan Mummifamilien.

Etter 5 veker og 9 Mummibøker er eg ganske ferdig med Mummi i bokform for ei stund. Det har vore ytterst interessant å få eit større innblikk i Mummiverda, og litt kjøtt på teiknefilmkikkinga mi. Undervegs i lesinga har eg notert litt om kvar bok, og det er eg glad for. I min oppvekst har eg lest mykje Anne Cath. Vestly og Astrid Lindgren, men aldri Tove Jansson, men det er aldri for seint å gjera noko med slikt.

XOXO