Søk i denne bloggen

tirsdag 10. desember 2019

Bok: "Alt du ikke ser. Livet med Joachim" av Ellen Arnstad

Den norske journalisten og redaktøren Ellen Arnstad har hatt namnet sitt på bøker tidlegare, men i Alt du ikke ser skriver ho om livet med den multihandikappa sonen Joachim. Arnstad var ansatt i Aller Media i mange år før ho sa opp i 2017. Alt du ikke ser er ei sterk bok på tampen av året.

Alt du ikke ser. Livet med Joachim har blitt til gjennom mange og lange samtaler mellom Ellen Arnstad og medforfatter Kristin M. Hauge, og det har blitt ei godt gjennomført bok. Arnstad skriver om seg sjølv, om familielivet, om jobben og om diagnosen til eldstesonen Joachim. I begynnelsen var det synet Joachim sleit med, men etterkvart vart det klart at det måtte ligge noko meir bak.

Det er ei bok eg las på nokon timar i raskt tempo, med tårene til tider stikkande i augene og ein klump i halsen. Det blir aldri full flaum, men det er ikkje langt i frå. Boka er ikkje kronologisk skrevet, men satt saman av små og store episoder, og det fungerer overraskande bra.

Eg har fulgt Løvemammaene på Snapchat eit godt år nå, og er stadig overraska over både dei sterke ungane som figurerer på snappen, men og over systemet disse foreldrene må gjennom for det kjæraste dei har. Det er ikkje eit unntak i denne historien. I dag bur ikkje 25 år gamle Joachim heime, og eg undrer meg over kor lenge han har igjen. Uansett utfall så er dette ein historie om kjærleik for det mest dyrebare du har, og eit ønske om å skape minner før det er for seint. Anbefales!

XOXO

| Utgitt: 2019 | Format: Innbundet, 187 sider | Forlag: Aschehoug |
Kjelde: Biblioteket |

5 kommentarer:

  1. Fikk nettopp denne fra biblioteket i dag. Fin omtale fra deg, så jeg ser fram til lese den.

    SvarSlett
  2. Har sett intervju med Arnstad og det er selvfølgelig sterkt å høre henne fortelle men er høyst usikker på om jeg skal lese boken. Innbiller meg at det blir for "nært" siden yngstemann heter det samme, høres sikkert rart ut men..

    SvarSlett
    Svar
    1. Det høyres ikkje rart ut, og ein skal aldri kimse av slikt som namn eller datoer eller liknande som har med ens eget liv å gjera. Eg las Helene Sandvig si bok om faren i fjor haust, og då det viser seg at far hennar hadde same fødselsdato og fødselsår som min kjære avdøde farfar så knakk eg i hop og tårene rant.

      Slett
  3. Veldig kjekt å lese din omtale av boken, jeg står på vent på den og gleder meg til å lese :)

    SvarSlett