Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Margareta Strömstedt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Margareta Strömstedt. Vis alle innlegg

torsdag 15. august 2013

Lesesirkelbok: "Astrid Lindgren - En livsskildring

Forfatter: Margareta Strömstedt
Originaltittel: Astrid Lindgren - En levnadsteckning
Utgitt: 1977 og 1999 (omarbeidet og utvidet utgave)
Denne utgåva: 2001
Oversetter: Olaf Coucheron og Agnes-Margrethe Bjorvand
Format: Innbundet, 382 sider
Forlag: Damm

I forordet skriver Margareta Strömstedt om at ho i slutten av 1960-åra vart spurt av forlagssjef Hans Rabèn i Rabèn & Sjögren om ikkje ho kunne skriva ein enkel liten biografi om Astrid Lindgren. Den skulle handla om hennar barndom i Småland og vera rikt illustrert med fortografier. Som sagt så gjort! Biografien vart gitt ut i 1977, og vart ein klassiker. Men etterpå skjedde det mykje. Ronja Røverdatter vart gitt ut i 1981, ho vart ein viktig stemme i samfunnet, mottatt priser i aust og vest, og vore gjenstand for ei rekkje studier og diskusjon. På grunn av dette vart biografien gitt ut på ny 22 år seinare, og Strömstedt fortel ein historie ingen anna kunne fortalt.

Biografien fortel om Astrids liv i Småland. Ein liten familie med mor, far, storebror, Astrid sjølv og to småsøstre. Ho vart fødd 14. november 1907 som Astrid Anna Emilia Ericsson. Faren forpakta prestegarden Näs i Vimmerby. Barndommen var lukkeleg og fredfull, med foreldre som ikkje var redde for å vise kva dei følte for kvarandre. Då ho var 18 år og journalistlærling i Vimmerby vart ho gravid, og barnefaren var sjefredaktør i avisa. Skamfull reiste ho til Stockholm, og i desember 1926 fekk ho sonen Lars i København. Rigshospitalet var på den tida det einaste sjukehuset i Skandinavia som tok imot fødande utan å gi beskjed til offentlege instanser og dei slapp å oppgi namnet på barnefaren. Han vart sett i fosterheim i København, og Astrid tok utdannelse i Stockholm. I 1929 kom Lars til Stockholm, då fostermora hans vart sjuk, og året etter flytta han til besteforeldrene på Näs. I 1931 gifta ho seg med Sture Lindgren (1898-1952), dei flytta inn i Vulcanusgata i Stockholm med Lars og fekk dottera Karin i mai 1934. I 1941 flytta familien til Dalagatan tvers overfor Vasaparken, og resten av sitt liv budde Astrid Lindgren i den leiligheten.

Du kjem ikkje utanom barndommen og familien til Astrid Lindgren når du les bøkene ho har gitt ut. Fleire av karakterene er basert på familien; det kan vera kun utsjånad eller enkelte særtrekk. Bøkene om Pippi, Emil, Madicken, Ronja, Bakkebygrenda, Kalle Blomkvist og alle dei andre har blitt lest av fleire generasjoner, og det kan virke som om heile verda har eit forhold til den svenske barnebokforfatteren. Faktum er at eg trur Astrid Lindgren ikkje går av moten med det første, og det er glad for. Biografien var ei fryd å lese, og sjølv om det var ein del eg visste frå før så var det interessant å lese det på ny. Eg har faktisk vore i Vimmerby på grava til Astrid Lindgren, og på Näs i huset og det var ei oppleving eg ikkje ville vore foruten. Biografien anbefales!

Boka er lest i forbindelse med Moshonistas lesesirkel!

XOXO