Forfatter: Gaston Leroux (1868-1927)
Originaltittel: Le Fantôme de l'Opéra
Utgitt: 1910
Min utgåve: 2005
Format: Lydbok frå Storytel, lest av Ralph Cosham, 7t46min53sek)
Forlag: Blackstone Audio
Etter ei framsyning på teateret i London av The Phantom of the Opera har eg vore forelska. Dette er 13 år sidan, og eg har gått i gradene frå kassett til CD, innom filmatiseringa og nå sist til boka som inspirerte det heile. Andrew Lloyd Webber satte opp musikalen første gong i 1986, og det ser ut til at den aldri går av moten. På Youtube kan ein finne mange ulike tolkninger av musikken - min favoritt er frå The Royal Variety Show i 2011. Nicole Scherzinger synger i rolla som Christine Daaé med fire spøkelser.
The Phantom of the Opera vart først publisert som avsnitt i ei fransk avis (på lik line som mange Dickens-romanar) før den vart publisert i sin heilhet i 1910. Idag er dessverre ikkje romanen så kjent - det er musikalen til Webber som er mest kjent. Romanen byrjer med at den unge operasangerinna Christine Daaé har stor suksess på scenen under gallamiddagen til den avtroppende teatersjefen. Allereie då går ryktene om eit spøkelse som bur i operabygget, og gir seg til kjenne med brev og onde gjerninger. Denne kvelden treffer ho igjen Raoul, Vicomte de Chagny, ein barndoms- venn og -forelskelse. Operafantomet kidnapper Christine og tar ho med djupt ned i kjelleren i operahuset. Han presenterer seg som Erik (som ikkje er hans verkelege identitet), og planlegger å behalde ho eit par dagar. Då Christine tar av han maska ved eit uhell og får sjå korleis han ser ut nekter han å la ho gå i frykt for at ho ikkje vil elske ham. Likevel etter to veker lar han ho gå med det løftet at ho skal bære hans ring og vera trufast mot ham.
Då Christine fortel Raoul at operafantomet kidnappa ho bestemmer han seg for at dei skal reise langt vekk så fantomet ikkje kan finne ho. Det paret ikkje veit er at Erik har lytta til heile samtalen og blitt ekstremt sjalu. Neste kveld kidnapper han igjen Christine og tvinger ho til å gifte seg med han. Viss ikkje skal han sprenge heile operahuset. På bakgrunn av at Erik har satt Raoul i eit torturkammer går ho med på giftermålet. Erik prøver å drukne Raoul, men då Christine lover å ikkje begå sjølvmord etter bryllaupet avlyser han drukningsforsøket på Raoul. Då Erik og Christine er åleine igjen tar han av seg maska og kysser Christine på pannen kysser ho han tilbake. Han blir overvelda av kjensler og fortel at han aldri er blitt kyssa, ikkje ein gong av si eiga mor. Han lar ho gå med det løftet at ho må kome tilbake på hans dødsdag, begrave ham og informere avisene.
Denne romanen fant eg hjå Storytel, og eg er ikkje mindre glad i The Phantom of the Opera. Det var interessant å høyre den eigentlege historien sjølv om mi oppleving er delvis farga av musikalen/filmen. Det er scener som er endra, men i si heilhet er det ganske likt. Romanen er spennande, den har godt driv og opplesaren var det ingen feil ved. Sjølv om det i dag er ulike adaptasjoner som er mest kjent står romanen som eit flott bidrag til gotisk litteratur og er faktisk mørkere enn dei adaptasjonene eg har sett. Enkelte ting er best i bokform. Anbefales!
XOXO
