Søk i denne bloggen

tirsdag 1. mai 2018

Bok: "Den store H.C. Andersen-boka"

Forfatter: Hans Christian Andersen (1805-1875)
Utgitt: 2005
Format: Innbundet, 335 sider
Forlag: Aschehoug

Den danske dikteren og forfatteren Hans Christian Andersen, betre kjent som H.C. Andersen, skreiv i rekke sjangre, men er best kjent for sine eventyr. Eventyra har blitt oversatt til 125 språk, i Andersens heimby Odense er det museum til ære for han, og den internasjonale barnebokdagen blir feira rundt hans fødselsdag. Dette er ikkje mitt første møte med H.C. Andersen, men det er første gong eg har lest hans samla eventyr.

Den store H.C. Andersen-boka er gitt ut av Aschehougs serie De store hvite bøkene, og viss eg har sett riktig etter er det bare han og Asbjørnsen&Moe som har fått ei bok for seg sjølv. Fleire av eventyra er kjent stoff som Tommelise, Den standhaftige tinnsoldaten, Den stygge andungen, Grantreet og Piken med svovelstikkene. Andre som Nissen hos kolonihandleren, Suppe på en pølsepinn og Det far gjør, er alltid det riktige var heilt ukjente for meg.

Nokre av dei har eg sett filmatisert enten som teiknefilm i Barne-TV eller i Ivo Caprinos dukkefilmer. Den standhaftige tinnsoldaten vart lagt av sistnemnte og stemmen i den filmen hang igjen då eg las eventyret. Per Aabel har lest inn tre-fire stykker, og hans sprukne stemme klang i hodet mitt under lesinga av Kjærestefolkene og Piken med svovelstikkene. Sistnemnte er eit av dei kjæraste og såraste eventyra eg veit om.

Mange av eventyra har ein klar moral og eit bodskap til lesaren, både gammel som ung, og eg merka ikkje at det var kjedelig å lese H.C. Andersen som vaksen. Det viser at det er lesbart for alle aldre til alle tider. I denne utgåva er alle eventyra illustrert av til dømes Svend Otto S., Per Dybvig, Lisbeth Zwerger, Sven Nordqvist og Harald Nordberg, og omsett av Kari og Kjell Risvik og Odd Bang-Hansen. Anbefales!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar