Søk i denne bloggen

fredag 27. oktober 2023

"Anne-Cath. Vestly. Mye mer enn Mormor" av Anne Helgesen

Anne Helgesen (f. 1955) er ein norsk figurteaterutøver, dramatiker, teaterhistoriker og barnebokforfatter. Anne-Cath. Vestly. Mye mer enn Mormor (2023) er den siste i ei lang rekke bøker frå Helgesen.

Dei fleste som har vokst opp i dette landet har høyrt om eller lest noko frå Anne-Cath. Vestly. Karakterer som Guro, Aurora, Kaos, Ellen Andrea, Ole Aleksander og Mormor i huset i skogen er velkjent frå min barndom. For nokon år sidan las eg alle bøkene til Vestly i kronologisk rekkefølge, og koste meg då dei fleste karakterene dukker opp i den fiktive drabantbyen Tirilltoppen mot slutten av bok-lista. Eg visste derimot lite av kva Anne-Cath. Vestly hadde gjort før ho forfatta barnebøker, og minimalt om barndom og oppvekst.

I 2020 markerte Noreg Vestlys 100-årsdag og Gyldendal ga ut barnebiografien Anne-Cath. Vestly (ført i pennen av Agnes-Margrethe Bjorvand og illustrert av Hans Jørgen Sandnes). Den las eg (og eiger) og syns godt om den. Likevel har det vore noko som mangla sjølv om eg har lest dei sjølvbiografiske bøkene. Lappeteppe fra en barndom (1990), Nesten et helt menneske (2000) og Anne-Cath. Vestly for de voksne (2003) er gode bøker, men eg syns dei bærer preg av at det er hovudpersonen som velger ut kva som skal med.

Eg har venta lenge på denne boka, og det er mykje interessant i den. Anne-Cath. Vestly, fødd Schulerud, flytta ein del i sitt liv. På eit tidspunkt budde ho i nærleiken av Sigrid Undset på Lillehammer og var barndomsvenn med den eine av Undsets sønner. Undset og Vestly var like på eit område: Begge mista sin far i ung alder, og skreiv om det. Det blir og nemnt at mykje av det Vestly opplevde sjølv i barndom, ungdom og vaksenliv hamna i barnebøkene.

Guro mister sin far tidleg i livet, Anne-Cath. Vestly var lillemamma for brorens son, store- og veslebror-forholdet (ho såg sine eine sønner i Lillebror og Philip), småbruket der Ole Aleksander reiser med kameraten Mons vart besøkt av Vestly-familien og sikkert meir eg ikkje husker akkurat nå. Eg satt i alle fall og smilte for meg sjølv fleire gonger då eg las om korleis bøkene vart til. Dette er ting som går igjen i Astrid Lindgrens bøker og, det å bruke eige liv som inspirasjon til barnebøker.

Dessverre satt eg like ofte og kjeda meg med boka. Det er mykje eg ikkje kunne frå før eller ønska å vite. Anne-Cath. Vestly hadde ein utfordrande skodespelar-karriere, ho fekk ikkje gjennomgåande respekt for barnebøkene og det var utfordringer i den utvida familien. Anne-Cath. Vestly utvikla Alzheimer i sine siste år, og det er usikkert når sjukdommen først gjorde seg gjeldande. Det har vore diskusjoner om dei siste bøkene hennar og kvaliteten. Eg personleg har ikkje lagt merke til dalande kvalitet, men eg er meget inhabil (syns eg sjølv), men dei siste bøkene fekk knapt nok spalteplass i mediene og det var ikkje hurra-rop for dei siste bøkene. Eg personleg syns at forlaget burde satt stopp ein stad, men det var kanskje ikkje så enkelt når det var snakk om Anne-Cath. Vestly.

Er du interessert i Anne-Cath. Vestly og ønsker å lære meir om forfatteren så les boka. Min favoritt-karakter frå Vestly-universet er Guro. Har du ein favoritt?

XOXO

| Forfatter: Anne Helgesen | Utgitt: 2023 | Format: Innbundet, 508 sider | Forlag: Aschehoug |

2 kommentarer:

  1. Veldig spent på å lese denne boka. Eg har også eit veldig sterkt forhold til Anne-Cath Vestly og hennar bøker. Eg har også lest dei kronologisk fleire gongar i ungdomstid og vaksen tid. Ingen forfattar som har gjort det samme som ho, med å flette bøker inn i kvarandre på den måten. Trur det er få som har satt seg inn i det ordentleg. Eg skreiv særemne om ho på ungdomsskolen, og nyter framleis bøkene hennar.

    SvarSlett
  2. Kjekt å lese din omtale av denne boken, som har gått under min radar. Jeg har lest masse Vestly for de to eldste barna mine, men ikke så mye for han som nå er 22 (merkelig nok)
    Har ikke et voksent forhold til forfatteren, men det skulle jeg gjerne hatt, så jeg noterer meg denne tittelen.
    God helg Elida!

    SvarSlett