Søk i denne bloggen

onsdag 23. juli 2025

"Under the Greenwood Tree" av Thomas Hardy

Thomas Hardy (1840-1928) var ein britisk forfatter som debuterte med sin første roman i 1871, og er mest kjent for romaner som Tess of the D'Urbervilles, Jude the Obscure and The Mayor of Casterbridge. Han identifiserte seg imidlertid som poet og skreiv romaner i hovudsak for penger.

Under the Greenwood Tree handler om Dick Dewey og Fancy Days veg til ekteskapet. Dewey er saman med faren og bestefaren medlem av ei gruppe kyrkjemusikanter, og Fancy Day er den nyansatte lærerinna i landsbyen Mellstock. Då presten Maybold hyrer Fancy Day som organist i kyrkja istadenfor den tradisjonelle gruppa blir det opprør. Dick Dewey har falt hodestups for Fancy Day, men han er ikkje den einaste beilaren. Presten Maybold og den rike bonden, Shinar, er begge interessert i lærerinna. Fancy Days far syns ikkje dottera skal gifte seg med Dick Dewey, men etter ei tid må til og med han innsjå at ekteskap og lykke kjem frå kjærleik.

Dette er Thomas Hardys andre roman, og ein av to eg har lest tidlegare. Eg valgte lydbok denne gongen, slik som med Desperate Remedies, og Thomas Hardy fungerer overraskande bra kombinert med luking i hagen. Under the Greenwood Tree blir sett på som den mest elska av hans romanar, og den mest idylliske. Hardy gir eit meget godt portrett av tidleg viktoriansk landsbyliv, og eg liker den meget godt.

Eg er med i ei Discord-gruppe leda av youtuberen Jen the Librarian, og skal lese Thomas Hardys romaner i publisert rekkefylgje dei neste 14 månadane. Eg gler meg då eg tidlegare kun har lest to av romanane hans før denne readalongen (Under the Greenwood Tree og The Mayor of Casterbridge).

XOXO

| Forfattar: Thomas Hardy | Utgitt: 1872 | Min utgåve: 2019 | Format: Lydbok, lest av Margaret Hilton, 6t37min | Forlag: Recorded Books Inc. |

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar