Northanger Abbey er romanen som vart "written first, published last". Den er ein parodi på gotiske romaner, og Austen skriver ein del om faren ved å lese romaner og korleis bli ei heltinne i eige liv. Vår kvinnelege hovudperson er Catherine Morland, ei 18-årig jente frå landet, som blir bedd med til Bath av naboene. Her møter ho søsknene Thorpe og søsknene Tilney, og blir dratt mellom to ulike måter å leve livet. John og Isabella Thorpe er opptatt av fart og spenning, av penger og korleis kome seg opp i livet. Henry og Eleanor Tilney har penger, men dei har i tillegg ein kontrollerande far og ein levemann/sjømann av ein bror. Catherine Morland er til tider uskyldig og naiv, men mot slutten viser ho kven ho helst vil tilbringa tid med og kvifor.
Catherine Morland blir invitert til Tilney-familiens gods, Northanger Abbey, og her blir ho nesten overbevist om at ho ser spøkelser på høylys dag. Ho er sterkt påverka av Ann Radcliffes The Mysteries of Udolpho og allerede her før 1800 viser Jane Austen korleis forfattere namnedropper andre forfattere dei har ein tilknytning til. Radcliffe er nemnt, det same med Frances Burney samt romaner som står nemnt utan forfatter, men som eg må sjekke opp. Catherine er gjest ei tid på godset heilt til ho må reise heim i ein fart. Ho er overbevist om at ho har gjort noko galt overfor General Tilney (Henry og Eleanors far) og i film-adaptasjonen frå 2007 kaster ho Udolpho i peisen. Gotiske romaner var tydeligvis for meget for vår heltinne.
Dette er min tredje gong i Catherine Morland-universet, og endeleg syns eg det er ein god roman. Då eg las den første gong likte eg den ikkje. Eg syns den var distansert og annleis enn dei andre Austen-romanane. Min meining er at bakhistorien til Northanger Abbey har vore viktig for min interesse for denne romanen. Den er skrevet før dei meir hylla romanane som Pride and Prejudice og det var meininga at den skulle publiseres så tidleg som i 1804. Det skjedde ikkje, og manuskriptet vart kjøpt tilbake av Austens bror og publisert saman med Persuasion etter Jane Austens død. Jane Austens skreiv romantiske romanar, og som i alle Austen-romaner blir det romantikk mot slutten. Det viser at romanse-bøker er ikkje ein ny sjanger.
XOXO
| Forfatter: Jane Austen | Utgitt: 1818 (først skrevet i 1798) | Min utgåve: 2022 | Format: Hefta, 220 sider | Forlag: Arcturus Publishing |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar