Persuasion handler om Anne Elliot som i slutten av 20-åra har mista trua på at ho nokon gong blir gift. Faren, Sir Walter Elliot, har brukt penger som gras, storesystera Elizabeth er like glad i penger som faren, medan veslesystera Mary har vore gift eit par år med Charles Musgrove på Uppercross. Nå må familien flytte frå Kellynch Hall, og faren har sett sine auge på Bath. Anne misliker Bath, men faren og Elizabeth har allereie bestemt (over hodet på Anne) at ho skal til Uppercross og bistå Mary. På Kellynch Hall er det svært få som faktisk setter pris på Annes selskap, og Elizabeth inviterer heller med seg ei venninne til Bath istadenfor Anne.
Det viser seg at leigetakerne til Kellynch Hall er admiral Croft og hans kone Sophie. Sistnemnte har tilknytning til stedet frå før då brødrene hennar budde i området for omtrent ti år sidan. Den eine broren, Frederick Wentworth, var sjømann og utan penger då, men Anne og Frederick var hodestups forelska. Ingen i familien såg føre seg at Anne skulle gifte seg med ein pengelens sjømann, og Wentworth reiste tilbake på sjøen utan Anne. Nå er han tilbake i landet etter Napoleonskrigene var over, og Anne møter han igjen på Uppercross. Svigerfamilien til Mary har tilknytning til Wentworth, og han blir ein hyppig gjest på Uppercross. Dei unge i familien Musgrove blir invitert til Lyme, ulukker skjer, nye bekjentskaper og etter nokre månader er Anne i Bath.
Det er her i Bath Anne verkeleg står opp for seg sjølv. Ho pleier vennskapet med ei gammel skulevenninne, krangler med faren, møter farens arving (fordi faren ikkje har sønner er det ein slektning som står som arving av Kellynch Hall) og til slutt blir det ein ende på vår romantiske historie.
Det er ingen hemmelighet at Persuasion er min favoritt blant Austens romaner. Den har i mine auge alt: kjærleik, svik, gode karakterer, humor og spenning. Tenk deg å få ein ny sjanse til å erobre din største kjærleik i livet, og samstundes irritere vettet av dei horrible slektningane dine. I love it! Noko som slår meg når eg leser denne romanen er jo nærmere Austen kjem ein ny litterær periode jo meir interessante blir karakterene. Eg har lest ein del Charles Dickens som publiserte samtlege romaner i viktoria-tiden. I Dickens' romaner er det ofte meget tydeleg hvilke karakterer som er gode og hvilke som er mindre gode. I Persuasion får dei gode karakterene som Anne Elliot, Frederick Wentworth og fleire bikarakterer det godt i livet, medan faren og systera blir lurt av personer dei trudde var allierte. Dette er bare ein tanke eg har hatt, men spennande tenking syns eg. Persuasion var Jane Austens siste fullførte roman, og ho fekk aldri sjå den bli publisert. Den vart utgitt saman med Northanger Abbey i desember 1817, fem månader etter hennar død.
XOXO
| Forfatter: Jane Austen | Utgitt: 1817 | Min utgåve: 2022 | Format: Hefta, 223 sider | Forlag: Arcturus Publishing |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar