Far from the Madding Crowd handler om den sjølvstendige og spirituelle Bathsheba Everdeen som har kome til den fiktive Weatherbury for å bli gardbruker på den største garden i området. Hennar opne tilstedeværelse tiltrekker seg tre ulike beilere: gardbrukeren Boldwood, soldaten/forføreren Sergeant Troy og sauegjeteren Gabriel Oak. Kvar beiler setter Batsheba Everdeen ut av spel, og får ho til å tvile på sine livsval. Romanen er den første som er satt til Hardys fiktive Wessex fylke, og inneheld blant anna hans direkte ærlighet om seksuelle forhold.
Den fjerde i rekka av Thomas Hardy-romaner, og må innrømme at her har eg ikkje haldt tritt i det heile tatt. Det kan ha mange årsaker, men eg trur på den at viss ikkje handlinga fenger så høyrer eg ikkje etter. det kan bare gå oppover i min Hardy-lesing, og neste roman er straks i gang.
Eg er med i ei Discord-gruppe leda av youtuberen Jen the Librarian, og skal lese Thomas Hardys romaner i publisert rekkefylgje dei neste 14 månadane. Eg gler meg då eg tidlegare kun har lest to av romanane hans tidlegare (Under the Greenwood Tree og The Mayor of Casterbridge).
XOXO
| Forfatter: Thomas Hardy | Utgitt: 1874 | Min utgåve: 2019 | Format: Lydbok, lest av Jamie Parker, 14t58min | Forlag: Naxos Audiobooks |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar