Søk i denne bloggen

lørdag 4. mars 2023

"Pierre og Jean" av Guy de Maupassant

Guy de Maupassant (1850-1893) var ein fransk forfatter. Livet hans var kort, men meget produktivt. Han debuterte allerede i 1875, og fram til hans død produserte han over 300 noveller, 6 romaner, 4 skodespel, fleire reiseskildringer og ein diktsamling. Pierre og Jean var hans fjerde roman.

Pierre og Jean handler om brødrene frå tittelen. Dei vokser opp i Le Havre i Normandie i Frankrike. Dei har lite til felles, både i utsjånad og personlegdom. Pierre er nyleg utdanna lege, medan Jean er jurist. Nå er begge heime i barndomsheimen på sommerferie, og romanen spenner seg over ein liten månad. Eit par dager inn i ferien kjem det bod om at ein nær ven av familien har gått bort, og etterlatt heile sin formue til Jean. Sjalusien brer seg blant brødrene, og Pierre kjenner seg forbigått då Jean starter med planlegging av ny leilighet og eit mogleg ekteskap. Noko murrer i bakgrunnen, og Pierre husker eit gammalt bilete av den døde familievenen. Då Pierre spør etter det svarer mora unnvikende, men då det kjem fram i lyset blir familien aldri den same igjen.


Nå leser ikkje eg fransk, men eg stusser litt over to ord som omsetjaren har valt å bruke. I ein setning skriver han at personen tar seg ein hikkas etter kaffen. Hikkas måtte eg google, og er eit synonym til blant anna ein dram. Er dette eit ord som brukes i dag (eller i 2015 då boka vart omsett)? Det andre ordet er n....konge (og eg velger bevisst å ikkje skrive n-ordet). I 2023 er eg usikker på om det brukes i bøker, og eg må innrømme eg skvatt då eg las det. Eg er mot å endre for mykje av språket i bøker (ref. Roald Dahl-debatten) og eg veit ikkje kva som står i originalteksten til Maupassant. Eg reagerte på det, men kva tenker du?

Pierre og Jean var ein god kortroman. I etterordet skriver Kjell Helgheim at romanen har ein dramaturgi som langt på veg imøtekommer teatrets krav. Den har få roller, er sentrert på få steder, ein enkel historie og god dialog. Som leser kjenner eg romanen har godt driv, du ønsker å lese vidare for å få vite kva som skjer. Blir det forsoning mellom brødrene eller går dei kvar sin veg? Romanen vart lest i to strekk, og krysses på 1001-lista. Anbefales!

XOXO

| Utgitt: 1888 | Min utgåve: 2015 | Format: Innbundet, 240 sider, omsett av Kjell Helgheim | Forlag: Solum |

2 kommentarer:

  1. To-strekks-roman kan jeg like, noterer meg tittelen. Når det kommer til hikkas, så kan jeg si at det ordet bruker min far fremdeles, og siden jeg er oppvokst med ordet, kunne jeg nok komme til å bruke det selv også. N-ordet ville vi aldri oversatt til nå, men hvis konteksten legger opp til det, ville sikkert ordet bli brukt for 8 år siden, tror jeg...
    Takk for supert lesetips!

    SvarSlett
    Svar
    1. Du har eit poeng med hikkas. Eg har aldri brukt det, ei heller høyrt nokon bruke det. Kan det vera dialekt-prega? Min jærbu-oppvekst kontra din bergenser-oppvekst?

      Det står i den norske omsetjinga at personen åt middag med ein negerkonge, men igjen eg har ikkje lest den franske originalteksten så kven veit.

      Slett