Forfatter: Julian Barnes (f. 1946)
Utgitt: 2013
Min utgåve: 2014
Format: Heftet, 118 sider
Forlag: Vintage Books
Den britiske forfatteren Julian Barnes er velkjent for sine Booker-nominasjoner, og hans vinnerroman frå 2011, The Sense of an Ending. Han har skrevet eit tyvetalls bøker, både fiksjon og sakprosa. Barnes nyeste roman heiter The Only Story og kan bli nominert til dette årets Man Booker Prize i juli.
Levels of Life gir oss historien om den kjente fotografen og ballongføreren Felix Nadar, historien om oberst Fred Burnaby og hans fiktive forelskelse i Sarah Bernhardt og til slutt Barnes egen subjektive historie om sorgen etter hans kone, Pat Kavanagh. Det er ei bok om ballongflyging, fotografering, kjærlighet, om å sette to ting saman og om å sette to mennesker saman for så å rive dei frå kvarandre. Julian Barnes mista si kone i kreft hausten 2008, og det er hjarteskjærande å lese hans eigne ord om korleis sorgen river og sliter i han. Eg har litt delte meiningar om Julian Barnes' bøker, men denne boka er vel verdt nokre timar.
Det er så langt passert 8 dager i denne månaden, og eg har lest eller høyrt 14 (!) Anne-Cath. Vestly-bøker. Eg skal skrive meir om dette uventa gjenlesingsprosjektet seinare så følg med. For eit par dager sidan etter nok ei Vestly-bok hadde eg eit akutt behov for noko med litt meir substans, litt meir voksent om du kan sei det slik. Bokhylla mi flommer over av lått og løye, og innerst inne fant eg Julian Barnes' Levels of Life. Den trur eg fekk vera med heim frå bokbloggertreff i Oslo for eit par år sidan, og har blitt ståande ulest. Nå er den lest, og eg må nok finne fleire Barnes-bøker. Eg må bare lese ferdig eit par andre bøker først ;-)
XOXO
Har lest to bøker av Barnes og likt dem begge, det var The sense of an ending og Flauberts papaegøye,tenker alltid at jeg skal lese mer av ham jeg også men så blir det aldri. Av og til blir jeg litt for opphengt i de nyeste bøkene sånn generelt og da glemmer jeg liksom forfattere som jeg har lest og likt, må finne litt mer balanse enn det er akkurat nå.
SvarSlettFikk lyst til å lese denne så jeg noterer meg den, tusen takk for tips!
14 bøker allerede og vi har bare kommet til den 8? Wow, der virkelig frem til månedsoppdateringen din!
Eg har lest vel 4 stykker trur eg, og eg syns Barnes er litt ujevn. Eg må finne dei bøkene eg har i bokhylla (evt høyre dei på lydbok), for eg låner altfor mykje på biblioteket også gløymer eg det eg har kjøpt.
SlettDen er oversatt til Livets nivåer (trur det er tittelen).
Anne-Cath. Vestly har ikkje skrevet dei lengste bøkene, og eg leser gjerne to i slengen og då går det unna.
Enig, denne var veldig fin. Jeg klarte å lese den ut på et fly og det sier noe om hvor god den var som klarte å holde på oppmerksomheten til en med flyskrekk på et fly.
SvarSlettSå positivt at den haldt flyskrekken unna, det må vera det greiaste. Eg har ikkje flyskrekk (trur eg), men eg liker ikkje når det når det går opp og ned. Liker best når det er i lufta ;-)
SvarSlett