Søk i denne bloggen

mandag 2. april 2018

Den internasjonale barnebokdagen 2018

Sidan 1967 har den internasjonale barnebokdagen (ekstern lenke) blitt feira. Den blir som regel lagt på eller rundt Hans Christian Andersens fødselsdag 2. april, og blir markert som ein hyllest til det å lese og vere glad i barnebøker.

Eg er veldig glad i barnebøker, og gjenhøyrer Anne-Cath. Vestly om dagen. Storytel har ikkje så veldig mange, men dei siste vekene har eg høyrt første boka om Aurora, fem bøker om Mormor og dei åtte ungene, tre bøker om Ole Aleksander og nå er eg på tredje boka om Lillebror og Knerten. Lillesøstra mi fekk Lillebror og Knerten på kassetter på 90-talet, men det var ikkje alltid storesøstra syns det var like festlig når Vestlys stemme leste seint og tidleg i eit hus med litt tynne vegger ;-)

Barnebøker er finfint, og seinast i dag las eg om Lisa Aisatos nyeste bok, Snokeboka, i Stavanger Aftenblad.
"Norge er i front med eksperimentelle og annerledes barnebøker fordi vi får lov til å gjøre mye her. Kulturstøtte gjør at forlagene har råd til å trykke opp disse rare, snodige barnebøkene, sier Aisato." (SA 02.04.18) 
Den forrige boka som Lisa Aisato illustrerte var Tor Åge Bringsværds Jenta som ville redde bøkene, og i følge samme artikkel er den solgt til 21 land. Det er bra for ei lita barnebok!

I dag skulle eg helst ha vore på jobb og bada ungane mine i barnebøker, men eg får ta igjen utover i veka. Håper du får ein fin barnebokdag, og legg gjerne igjen ein kommentar om du har tips til gode barnebøker eller du leser ei fin barnebok i dag!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Bare vent til jeg blir bestemor, så blir det nok barneboklesing igjen :) Håper dog det blir noen år til... ;) God barnebokdag! Det ser ut som du har lest en god del av de gamle favorittene mine.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det tviler eg ikkje på. God barnebokdag til deg og!

      Slett