Søk i denne bloggen

søndag 24. februar 2013

Lesesirkelbok: "Storm i juni"

Forfatter: Irene Nemirovsky
Originaltittel: Suite Francaise
Utgitt: 2004
Min utgåve: 2006
Oversetter: Kjell Olaf Jensen
Format: Heftet, 507 sider
Forlag. Arneberg
Mål/utfordringer: 1001 bøker, Off the shelf

I dette tilfellet er det ikkje romanen i seg sjølv som er det mest interessante, det er snarere livet til den ukrainskfødde forfatteren Irene Nemirovsky. Då andre verdskrig braut ut var ho ei av Frankrikes mest kjente forfattere, men på grunn av sin jødiske herkomst vart det vanskeleg å sleppe unna den tyske invasjonen. Hausten 1942 vart ho arrestert og deportert til Auschwitz og drept i gasskammerne. Etter ektemannens same skjebne levde døtrene på flukt med barnepiken, og ein av tinga dei hadde med seg var ein koffert med familiepapirer, fotografier og eit manuskript. Mange år seinare klarte døtrene å sjå på manuskriptet, og det dei trodde var moras dagboksnotater viste seg å vera eit mesterverk.

Det var meininga at verket skulle bestå av fem deler, men Nemirovsky rakk bare å skrive ferdig to, Storm i juni og Dolce. I Nemirovskys eigne notater i slutten av denne boka kjem det fram at dei siste tre delene skulle ha titlane Fangenskap, Kamper og Freden. Dei to delene foregår mellom juni 1940 og juli 1941, då tyskerne invaderte Paris.

Første del, Storm i juni, beskriver parisernes flukt frå dei tyske troppene. Andre del, Dolce, handler om livet på den franske landsbygda under okkupasjonen. Irene Nemirovsky er ikkje så opptatt av krigen, ho er meir opptatt av menneskeskjebner. Ho legger ikkje skjul på sin forakt for de høgare klasser, som bekymrer seg meir for sølvtøy, broderier og møbler, enn for sine medborgere som sulter i hjel langs vegene. Det som er mest interessant med romanen er det forfatteren ikkje veit. Nemirovsky har ingen anelse om kva krigen fører til, og kva det fører til for ho.


Som regel er romaner frå andre verdskrig skrevet etter krigens slutt, og då har forfatteren og opplevd slutten. I dette tilfellet er det merkelig å lese om okkupasjonen og plutselig er romanen slutt fordi forfatteren sjølv døydde som følge av krigen. Romanen er spesiell på grunn av forfatterens manglande informasjon om krigen i ettertid, og forfatterens eigen tragiske skjebne. Eg finner romanen vanskelig å lese fordi den ikkje er ferdig, og eg venter på eit høgdepunkt som aldri kjem. Kanskje hadde det kommet viss romanen hadde blitt ferdigskrevet? Likevel er det ei viktig bok å lese fordi Nemirovsky var på rett sted til rett tid, og visste å bruke sine skrivegaver.

Boka inneheld i slutten Nemirovskys eigne notater og korrespondanse, og eit sted står det om tankane for dei resterande delene:
La oss altså si det slik: Storm 80 sider, Dolce 60 sider, Fangenskap 100 sider, De to andre 50 sider. 390, la oss si 400 sider, ganget med 4. Herregud! Det blir 1600 maskinskrevne sider! Well, well, if I live in it! Vel, hvis de som har lovet det, kommer 14. juli, blir det blant annet to deler - eller i hvert fall en del mindre.
13. juli vart Irene Nemirovsky tatt til fange, og mesterverket vart ståande igjen med kun to deler. Romanen vart tilføyd på 1001-lista i 2008, men eg syns ikkje at den er blant bøkene ein må lese før ein dør. Det hadde vore ein heilt anna sak om romanen var ferdigskrevet.

Kikk gjerne innom Lines bibliotek for fleire omtaler av februars lesesirkelbok!

XOXO

8 kommentarer:

  1. Du har heilt rett i at det er noko spesielt med at verket ikkje er ferdig, men eg synes det er positivt på den måten at det ikkje ligg noko etterpåklokskap mellom linjene, og slutten er på ein måte "open", noko eg alltid har sakna i andre krigsromanar! Veldig god omtale :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takker! Det er sant det med manglande etterpåklokskap. Det kjem og fram at manuskriptet er lite endra då det vart utgitt, og det er positivt:-)

      Slett
  2. Nå gleder jeg meg veldig til å lese notatene der hun planlegger resten av prosjektet! Så langt har jeg ikke syntes at boken virker ufullstendig eller dårlig gjennomført, men det virker kanskje annerledes når man har satt seg inn i planene hennes for det videre arbeidet. Det er litt andre grunner til at innholdet i romanen ikke har gjort det helt sterke inntrykket på meg, blant annet at distansen til karakterene er for stor. Synd at du måtte skumlese andre halvdel av boken, for så langt liker jeg den best!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg likte faktisk første del best, så det gjer ikkje så mykje. Du har rett i forhold til distanse, eg syns det var for mange karakterer på liten tid og det skifta fort. Notatene bakerst er veldig gode, og du får eit godt innblikk i det videre arbeidet Nemirovsky hadde tenkt for verket:-)

      Slett
  3. Notatene er veldig interessant synes jeg, og der antyder hun tanker om fortsettelsen.. Selv så jeg for meg at figuren i del 1 kommer mer ferm i de senere ukjente delene...
    Fin omtale.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er min tanke også:-) Takk for ros!

      Slett
  4. Bra omtale, Elida, bare synd at du måtte stresslese den. Jeg tror at en av grunnene til at jeg likte den så godt var fordi den krøp inni meg mens jeg jobbet meg igjennom :-).

    SvarSlett
    Svar
    1. Takker og bukker! Eg likte best første del, og leste dei første femti sidene av andre del før eg skumme resten. "Storm i juni" kan eg godt lese om igjen, og DÅ skal eg ha gooood tid:-)

      Slett