Utgitt: 2004
Format: Innbundet
Forlag: Cappelen
Frå: Biblioteket
Baksidetekst: FOLKET danner det dramatiske høydepunkt i historien om det moderne Norges første kongepar. Det andre selvstendige bindet om kong Haakon og dronning Maud begynner i 1896 da det nygifte paret må forlate sitt drømmeslott Appleton i England og flytte inn som leietagere i København. En bitter familiestrid ender ni år senere med at de holder inntog på på et ubebodd slott i et kongerike hvor de hverken har familie, slekt eller venner. Bare et folk som jubler dem imøte. Leseren trekkes inn i en beretning der menneskelige utviklingslinjer veves sammen med kampen om ideologisk og militært verdensherredømme, der monarker av Guds nåde slåss på vikende front mot folkenes krav om demokrati. Sommeren 1905 blir en ung familiefar tilbudt rollen som redningsmann for en liten nasjon på randen av krig.
I forrige bok, Kongstanken, handla det om forløperne til vårt første moderne kongepar. I Bomann-Larsens andre bok handler det om familieliv (eller mangel på sådan) og prosessen framover mot konge- og dronninggjerning i eit framandt land. Boka dekker såvidt 10 år, frå 1896 til 1905, men i det tidsrommet skjedde det mykje med prins Carl og prinsesse Maud. Dei vart gift, var i søkelyset for sin manglende tilstedeværelse i kongeriket Danmark og for sin årelange barnløshet.
I omtalen for forrige bok skreiv eg om påstandene til Tor Bomann-Larsen, og i denne boka har han via eit heilt kapittel til mistankene om at kong Haakon ikkje var biologisk far til kong Olav. Istedet trekker Bomann-Larsen fram livlegen Sir Francis Laking, og det faktum at hans sønn, Guy Laking, likner ein god del på vår framtidige kong Olav. Eg trur ikkje på påstandene, men eg trur at hadde det vore idag så hadde det vore mulig og sjekka det ved hjelp av DNA-testing. I 1902 fantes det ikkje mulighet (så langt eg veit) for den slags. Det som imidlertid var befriande var bildene av dronning Maud gravid. Ho hadde ein fanatisk smal midje, 50 cm, og eg kjenne at eg er ikkje misunnelig i det heile. Eg vil mykje heller ha den midjen eg har, og vera fornøgd med det. Mor til dronning Maud, dronning Alexandra av Storbritannia, hadde og det same hysteriet for å bli eldre, og ho var usedvanlig vakker heilt til det siste.
På forhånd var eg klar over at dronning Maud foretrakk Storbritannia og Appleton House framfor Norge og Oslo, men at ho og mislikte Danmark var nytt for meg. Ho kunne vera vekke i store perioder, og både den danske kongefamilien og det danske folk mislikte henne for det. Når eg leste boka, og spesielt fleire av kapitla før ho vart gravid, så var ho ein sutrekopp. Eg har ikkje nokon anna måte å sei det på! Alt i København var galt, og Storbritannia var sjølve juvelen. Det blir spennande å lese neste bok med den innstillinga Maud hadde.
At hustruen beholdt sitt navn, ble et talende uttrykk for de grunnleggende forskjeller i prins Carl og prinsesse Mauds motivasjon for å bli konge og dronning av Norge. Mens han reiste til Norge, reiste hun fra Danmark. I sitt hjerte ville hun alltid være engelsk. (s. 463)Prosessen for å bli konge var lang, men dei som bestemte hadde minst to årsaker for å velge prins Carl til konge: 1. Han var gift med den engelske kongens dotter; 2. Arverekkefølgen var sikra. Kong Haakons svoger (gift med Haakons søster Ingeborg og far til vår framtidige kronprinsesse Märtha) stod høgt oppe på lista over mulig konge av Norge. Alt som trengtes var ein mannleg etterfølger, men då Ingeborg fødte dotter nr 3 i 1905 brast håpet om kongegjerning i Norge. Kong Christian IX's yngste son, sjømannen Waldemar, (som allereie hadde sagt nei til Bulgarias trone) vart og spurt, men han kunne ikkje forstå kvifor ein skulle sitte på ei vaklande trone i ukjent land når ein hadde fast plass i offisersmessa. Snodig type!
Eg hadde aldri trudd at eg skulle kose meg så mykje med denne boka, og ikkje minst den forrige, som eg har gjort. I tillegg til Haakon og Maud får ein lese historier frå det danske, engelske, russiske, svenske og tyske fyrstehusa, og ikkje minst om prosessen mellom statsmenn i Stockholm og Kristiania. Russerne går ei ublid tid i møte då namnet Rasputin er annonsert, og det tyske fyrstehuset Hannover kjem aldri til makta igjen enda Christian IX's yngste dotter, Thyra, ønsker det så gjerne då ho er gift prinsen av Hannover. Gler meg til neste bok, Vintertronen!
XOXO
Strålende omtale =)
SvarSlettJeg hadde tenkt å ta en pause mellom bøkene i serien, men nå fikk jeg veldig lyst til å lese videre.
Tusen takk, Ann Helen! Eg har ingen planer om å ta ein pause, eg er så gira nå at eg skulle ønske biblioteket hadde oppe idag:-)
SvarSlett