Søk i denne bloggen

lørdag 1. juli 2017

Leserefleksjonar #20 | Juni i bøker

Juni var: Eg kan ikkje fatte og begripe kor denne månaden vart av, for eg syns nettopp eg skreiv oppsummering for mai. Det har vore travelt på jobb, travelt privat og samstundes har sommeren både kommet og gått. Håper den kjem tilbake når me nå skriver juli! Eg har vore på gratiskonsert i Kleppelunden, vore på fleire fotballkamper, tilbrakt ein laurdag med ønske om å få igjen ein fridag, hatt ein 8-åring på overnatting og markert Harry Potters 20-årsdag!

I juni las eg: Det er ikkje for mykje å skrive heim om, og eg har eit stille håp om at det skal løsne før Booker i juli. Dei tre øverste er lydbøker, og det er slik eg får leselista til å vekse for tida. Goodreads-målet gidder eg i alle fall ikkje sjå på! I går kveld begynte eg på ei spennande ny bok, og vips hadde eg lest 100 sider så det er framgang.
  • Zadie Smith: Swing Time
  • Julian Fellowes: Belgravia
  • Agatha Christie: Black Coffee (Poirot #7)
  • Synnøve Eriksen: Spionen (Jordbærdamene #16)
  • Jørn Lier Horst: Jakten på Tyven-tyven (Detektivbyrå nr 2 #14)
I juni kjøpte eg: Bokboksen landa i postkassen denne månaden og, også har eg kjøpt ei bok utanom. Jane Harpers Tørke (The Dry) har eg sett rundtforbi, og min filosofi er at viss du ikkje får ei spesiell bok ut av tankane på fleire dagar er det eit teikn på løp og kjøp!

Månadens store leseoppleving: Julian Fellowes kan det meste, og romanen Belgravia (som eg har skrevet om) var det beste av dei få bøkene eg har lest i juni.

Månadens lesesirkler/utfordringar: Belgravia er frå bokhylla, og Swing Time kan nomineras til Booker. Før eg kan konsentrere meg om eventuelle mål må lesesperren vekk.

I juli skal eg: Ha ferie! Eg har ei veke igjen på jobb, før eg skal ha fire veker ferie. Til den tid har eg bestilt sol, sol, sol. Eg skal igrunnen ingenting i ferien, men lesing i parken er eit mål. 27. juli kjem langlista til Booker, og eg er i gang med Eligible-lista (ekstern lenke). Storytel har vist seg frå si beste side, og eg har sikkert 12-15 bøker i lydbokhylla som kan nomineras. Tida vil vise om det fungerer å høyre (og få med seg innhaldet i) Booker-bøkene, men den tid, den sorg. Siste helga i juli skal eg sannsynligvis ha 2 små gutter på overnatting så det kan bli festlig.

Kva har du lest og opplevd i juni?

XOXO

8 kommentarer:

  1. Belgravia har jeg også lest, og likte den veldig godt! Krysser fingrene for mer lesemotivasjon i juli :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg trur nøkkelen denne gongen var ei knakande god krimbok - har lagt meg tidleg fleire kvelder på rad bare for å få lese på senga :-)

      Slett
  2. Woohoo, juli blir den store Booker-før-Booker måneden. Blir spennende å se om noen av de vi får lest/hørt blir å finne på langlisten når den publiseres i slutten av måneden. Jeg er stuck i en som jeg synes er godt skrevet men dessverre litt for kjedelig. Tror det blir McGregor på meg i stedet.

    SvarSlett
    Svar
    1. Woohoo, det er planen! Eg trur på fleire av bøkene eg vil lese, og det hadde passa meg utmerka om dei eg får lest er med då eg skal sitte barnevakt lørdag til søndag den veka Booker-langlista kjem ut. *dårlegplanleggingiknow*

      Slett
  3. Belgravia har jeg også lest, og likte den godt. Er litt nysgjerrig på den spennende krimmen som får lesesperren til å falle sammen, er det Jane Harper? Ønsker deg en strålende sommer Elida, høres deilig ut å nyte vakre Jæren i fire uker :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er Jane Harper, Tine! Eg hylla den på Instagram i går, og den blir bare betre :-) Tusen takk, det er ikkje så verst på Jæren når det er fint vér :-)

      Slett
  4. Jeg håper også at det løsner litt snart. Det er kjedelig å ikke ha særlig mye leselyst. Ikke at det stresser meg, men det er bare kjipt. Håper juli blir bra, Elida! ^^

    SvarSlett
  5. Takk for kommentar, det varmer et leseleit hjerte! Tror jeg skal lytte til din anbefaling om lydbøker (no pun intended), bare for å komme igang. Selv om jeg egentlig boikotter hele greia, ni kroner er enda til bare ni kroner. - Så sparer jeg i alle fall ryggen til sjauerne på flyplassen. Om ikke A, så B, etc etc.

    All mulig lykke til med guttepass, forresten. Skal tenke på deg mens jeg strever med å fungere i 40 hete grader ;-) Vi har alle vårt! Neida. Joda. God sommer :-)

    SvarSlett