Søk i denne bloggen

mandag 26. juni 2017

"Harry Potter and the Philosopher's Stone" 20 år

I dag er den første Harry Potter-boka, Harry Potter and the Philosopher's Stone, 20 år. Det er nesten ikkje til å tru at historien om den unge trollmannen har eksistert i så mange år, og fanger stadig nye lesere. Eg hadde ein 8-åring på overnatting sist helg og han har ikkje kome til Harry Potter ennå (men gutten leser Detektivbyrå nr 2, og det er godt nok for denne bokdama), men eg gler meg til han kjem til min kjære Harry Potter. Han var forøvrig veldig interessert i min POP-samling av Potter-figurer, men the Dementors-figuren (fangevokterne i Azkaban) den måtte gøymas i skapet då det vart leggetid. Den var hakket for skummel å sjå på! :-)
Eg har intet mindre enn fire utgåver av den første
boka, og alle er like kjære for meg.
Den første utgåva eg fekk av Harry Potter er gitt ut i Noreg i 2000, så eg kan tenka meg det var i dei tider eg begynte å lese. Søskenbarnet mitt introduserte meg for universet, me hadde overnatting heima hjå meg og leste annakvart kapittel den kvelden fram til me sovna. Etterpå trur eg at eg lånte dei av ho, men så husker eg at eg fekk dei fire første gjennom Bokklubben, også fekk eg ei ny Harry Potter-bok dei neste åra når dei kom ut til bursdagen. Den siste las eg på engelsk, og det tok meg 3 dager. Gjorde ikkje så mykje anna dei tre dagane! Seinare har eg lest dei fleire gonger, og høyrt dei to gonger på engelsk med Stephen Frys stemme.

Gratulera med dagen til alle Harry Potter-venner!

XOXO

3 kommentarer:

  1. Hurra!

    Husker så godt første gangen jeg leste Harry Potter and the Philosopher's Stone, magisk!

    SvarSlett
  2. Vil du anbefale å lese de på norsk el engelsk når man er voksen og kun har sett filmene (flere ganger)? Og ja, jeg er treig når det gjelder disse.. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Å, du har mykje bra i vente! :-D

      Eg personleg leser dei helst på engelsk, men det har med oversettelsen å gjere. I den norske oversettelsen er og namna oversatt, til dømes Ronny Wiltersen/Ron Weasley, Hermine Grang/Hermione Granger og min favoritt (not!) Tommy Ding/Dean Thomas. Om akkurat det ikkje irriterer så les gjerne på norsk. Om du er dreven til å lese på engelsk så vil eg anbefale engelsk. Det flyter betre, og om du ser filmane med engelsk tale så ville eg i alle fall prøvd :-) Lykke til!

      Slett