Søk i denne bloggen

onsdag 30. juni 2021

Månadsoppteljing #73 | Juni i bøker

Juni var: Eg syns nettopp juni begynte, og eg kan ikkje vera den einaste som syns det går litt fort framover. Stort sett godvér (trur ungane hadde ein ettermiddag inne på grunn av regn), sykkelturer, og styrketrening. For kven har eg blitt som frivillig står opp kvart på seks for å trene før jobb? På godvérsdagar er dørstokkmila skyhøg, men ein kan ikkje vinne kvar dag.

Eg var og ein tur ute av fylket og inn med bussen i neste. Bergen viste seg frå si beste side, og smilet mitt gjekk nesten rundt då eg gjekk rundt Lille Lungegårdsvann. Bergen er ein stor favoritt i dette landet, og eg kjem snart tilbake. Høgdepunktet var besøket på Troldhaugen. Der har eg ikkje vore si eg var 15 år, og det var så artig å sjå det frå ein vaksens perspektiv. På bussen til Bergen kom nyheten om Lucinda Rileys dødsfall, og det var spesielt å besøke Troldhaugen dagen etter dødsfallet. For dei som har lest andre bok i De syv søstre-serien, Stormens søster, så foregår den delvis i Bergen, og det er snakk om ein frosk Pa Salt har på kontoret. Eg måtte sjølvsagt kjøpe ein slik frosk. Alt i alt ein meget fin tur, og det interessante er at når ein reiser på tur med ikkje-lesande folk ender ein opp i klesbutikker istadenfor bokhandelen. Kom heim med null bøker, og det skjer aldri når eg er på tur aleine ;-)

I juni har eg lest: Eg må innrømme at eg er ikkje spesielt fornøgd med lesinga denne månaden. Det har vore trått i perioder, men eg finner ikkje heilt utav kva det er som gjer det. Er det bøkene, humøret, det gode véret (som fører til sykkeltur istadenfor boklesing)? Mogleg ein kombinasjon, men boklysten kjem alltid tilbake igjen. Eg har lest litt denne månaden likevel, og det beste var Kristin Tveitens debutroman. Den blogga eg om, la ut på Instagram, og Samlaget plukka opp anmeldelsen min. Det var ein fin mandag.

* Anna James: Tilly and the Bookwanderers (Pages & Co. #1) B
* Susanne Kaluza og Leonard Furuberg: Hvorfor har vi ikke president i Norge? B
* Neil Gaiman: Chu's Day B
* Neil Gaiman: Chu's First Day of School B
* Neil Gaiman: Chu's Day at the Beach B
* Louise Glück: Vill iris B
* Olga Ravn: Den kvite rosa B
* Margaret Atwood: Morgon i det nedbrende huset B
* Haruki Murakami: After Dark B
* Kristin Tveiten: Menneske og møll B

I juni fullførte eg ikkje: Eg har levert uleste bøker på biblioteket, har nyleg fortsatt på andre bok av George R.R. Martin, og skal nå gjera eit heiderleg forsøk på å ikkje lytte til Harry Potter før sommaren er over. HP er det eg lytter til når verda går imot, og Stephen Frys stemme får meg gjennom det aller meste.

I juli skal eg: Eg får sommarferie på fredag, og tanken på fire veker utan ein plan er interessant. Eg kan ikkje sitta heime kvar dag så eit par hotellnetter må eg få til. Eg har ein vag plan om Haugesund så lenge covid-smitten held seg vekke. Eg får sannsynligvis og første vaksinedose i løpet av juli, og det er verdt å feire.

XOXO

1 kommentar:

  1. Høres ut som en deilig tur til Bergen. Skjønner at det var spesielt å være på Troldhaugen, da Lucinda døde. <3
    Av bøkene dine har jeg lest Atwood, denne gang.
    Håper du får en fin juli og at leselysten kommer tilbake.:) Det gjør den jo før eller siden:)

    SvarSlett