Søk i denne bloggen

onsdag 19. oktober 2022

"Gjestene" av Agnes Ravatn

Agnes Ravatn (f. 1983) er norsk forfatter og skribent. Ho har fleire romaner og essay-samlinger på samvittigheten, og fleire bokpriser. Gjestene er hennar sjette roman.

I Gjestene møter me juristen Karin som saman med ektemannen Kai har fått låne ei arkitektteikna hytte ved Oslofjorden. Eigaren er ei tidlegare skulevenninne av Karin. Karin føler ho alltid kjem til kort i livet og spesielt samanlikna med skulevenninna, og då hyttenaboen er forfatter Per Sinding dikter Karin opp ei historie om seg sjølv. Kai må bare følge etter, og snart er løgnene så innvikla at det virker vanskeleg å kome utav dei.

Då det vart annonsert at Agnes Ravatn skulle kome ut med ny roman vart fallhøgda stor. Eg har alt Ravatn har skrevet i bokhylla, og er stor fan. Så korleis skrive om ei bok som alle andre enn deg hyller opp i skyene? For sanninga er at Gjestene er ikkje mi type bok i det heile tatt. Eg likte ikkje hovudpersonane, eg syns Karin var sytete og ugrei, den stakkars mannen hennar gjer sitt aller beste og er positiviteten sjølv. Og kvifor kome opp med ein haug med løgner overfor hyttenaboene som garantert har møtt eigaren? Er det så galt å vera jurist og snekker i møte med eit forfattarpar? Me har vel alle hatt den skulevenninna som ein eigentleg ikkje liker, og framleis ikkje liker i vaksen alder, men det er mange måter å vera direkte sjalu på. Her syns eg ikkje det fungerer, eg tar rett og slett ikkje humoren i boka. Vil eg anbefale den? Joda, for den er godt skrevet og den er på nynorsk, og ein kan ikkje like alt. Her var rett og slett fallhøgda meget stor.

XOXO

| Forfatter: Agnes Ravatn | Utgitt: 2022 | Format: Innbundet, 176 sider | Forlag: Samlaget |

2 kommentarer:

  1. Interessant! Denne likte jeg svært godt, selv om jeg ikke syns Karin var spesielt spiselig. Usannsynlig og useriøs, men Ravatn pirker borti noe av folkesjela her også. Kanskje den delen som enkelte ikke er like stolte over? Likte den skarpe snerten, og at historien var helt på kanten og kanskje over.

    SvarSlett
    Svar
    1. Meget når eg leser at den hylles overalt ellers. Eg fekk det ikkje til, og bare irriterte meg. Til slutt skumma eg meg ferdig og la den vekk.

      Slett