Søk i denne bloggen

torsdag 23. juni 2022

"Du er bonde" av Kristin Auestad Danielsen

Kristin Auestad Danielsen (f. 1981) er ein norsk forfatter, busett i Stavanger. Ho debuterte i 2005 med diktsamlinga Alle i Norge, i tre, i hengekøyer og har etterpå gitt ut ytterligere tre diktsamlinger. Ho har og bidratt til to andre samlinger av tekster, og gitt ut to eigne romaner. Du er bonde er hennar andre roman.

"Du er bonde er ein fabel om arv, plikt og seksualitet i det moderne samfunnet." Dette er baksideteksten og det var ikkje det som drog meg mot romanen i utgangspunktet. Det var den lokale tilhørigheta, og det at nokon skreiv roman om bønder og odelsjenter (for dei uinnvidde så er eg faktisk odelsjente). Så skuffa over ei bok som eg var i går kveld er det lenge sidan eg har vore, og meir om det kjem.

Romanen handler om to odelsjenter seint i tenåra som har overtatt kvar sin gard i Gjesdal kommune i Rogaland. Dei er begge namnlause, men etter det eg forstår så er den eine klar for gardsdrift og gjer garden til eit mønsterbruk. Den andre odelsjenta er lat og vil helst ligge på sofaen heile dagen, og planter til slutt skog over heile garden, som ei slags antidrift. Kapitla er korte, enkelte stader berre ei side, språket er førsteklasses nynorsk, så kva er det som gjer meg så skuffa?

For det første er det dei to namnlause. Eg har store problem med å halde styr på kven som gjer kva når to karakterer av same kjønn ikkje har namn i romanen. Det øydelegger mykje for mi oppleving av boka. I tillegg er det så mykje rart innhald i romanen at framdrifta stoppa opp fleire gonger. Etter å ha lest om kva ein fabel er så forstår eg både meir og mindre. Ein fabel kan ha moralistisk eller satirisk handling, og kan ha dyr i hovudrolla skriver Wikipedia. Om eg vart klokare av den betegnelsen er uvisst, men eg likte ikkje boka meir av den grunn. Så var det ein heil del meir eller mindre uinteressante fakta om kva filmer dei to jentene likte, om då Noreg fekk ny konge (i 1991) og Lady Dianas død (i 1997). Dette var viktig for dei to jentene som vaks opp på 1990-talet, men for meg som nok er fødd seinare enn disse jentene var det bare irriterende. 

Eg anbefaler heller Kristin Auestad Danielsens første roman Vår vesle (2018) og lar det bli med det.

XOXO

| Forfatter: Kristin Auestad Danielsen | Utgitt: 2022 | Format: Innbundet, 152 sider | Forlag: Det norske Samlaget | 

6 kommentarer:

  1. Spennende bokvalg du har gjort deg, og veldig interessant å lese dine innvendinger. Det du sier om to navnløse hovedpersoner av samme kjønn, kjenner jeg irriterte meg, bare etter å ha lest din omtale. Det samme gjelder "unødvendig" fyllmasse som ikke gir romanen noe.
    Takk for interessant omtale Elida :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Tine! Eg var så gira for denne romanen og så skuffa i går kveld. Prøver meg på å skrive sjølv om romanen ikkje gir meg noko, og kjenner at eg traff blink med delvis slakt i dag.

      Slett
    2. Når jeg leser bøker som skuffer eller kjeder meg, så orker jeg ikke bruke tid på å skrive om dem også. Ofte er det også vanskeligere å begrunne hvorfor boken ikke traff, det er mye lettere å skryte av bøker som gir en noe. Ja til slakt, får bli det nye mottoet :)

      Slett
    3. Samd med deg at det er vanskeleg å skrive noko vettugt om bøker som skuffer eller kjeder. I 9 av 10 tilfeller blir det ein kort omtale på Goodreads.

      Slett
  2. Denne har jeg lest og sitter vel med samme inntrykk som deg. Boken gav meg ingenting. Ideen var interessant men det stoppet liksom der for ingen av hovedpersonene gjorde inntrykk og jeg undret meg på hva intensjonen med boken var.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er godt å høyre at det ikkje bare er meg, for eg tenkte om eg faktisk var stokk dum og at alt gjekk over hodet på meg.

      Slett