Søk i denne bloggen

tirsdag 21. juni 2022

"Andre boller. Nye stemmer i barnelitteraturen" av Anne-Maren Hammerbeck m.fl.

Reklame // mottatt leseeksemplar

Dette er historisk: Andre boller. Nye stemmer i barnelitteraturen er eit knippe bidrag til den nye barnelitteraturen. 14 debutanter med 12 bidrag i ulike sjangre som lyrikk, novelle, korttekst og biletbok. Eg som er ein ivrig leser av barnebøker mottok denne med spent nysgjerrighet, og den innfrir (med små unntak).

Min favoritt er Elisabeth Lønning Bueie med bidraget Veit du at mamma kanskje skal flytte? Det er ein sår forteljing om ein gut som får med seg meir enn han har evne til å forstå. Mor og far er uenige til stadighet, og guten dikter opp skilsmisse-scenarioer. Til slutt rømmer han til den personen som kan hjelpe, nemlig mormor. Her blir mor, far og gut samde om korleis framtida blir, og dei beklager seg til guten sin.

Biletbok-bidraget Jeg har en hemmelighet av Elvina Vladi Kvisle, Kristine Sundsdal og Marylynn Moe faller ikkje i smak. Eg skal vera ærleg og si at eg hadde aldri plukka den boka opp og lese for ungar. Teikningane er mørke, skrifta tung å lese og historien er tynn. Eg leser høgt for ungar fem dagar i veka, og når du må snu boka for å få med deg alle orda så detter eg ut, og eg tviler på at ungane heng med.

Forlaget Vigmostad og Bjørke har gjort eit godt stykke arbeid med denne boka, og eg gler meg til fortsettelsen frå muligens fleire av debutantene.

XOXO

| Forfattere: Anne-Maren Hammerbeck, Elin Eika Bringa, Elvina Vladi Kvisle, Kristine Sundsdal, Marylynn Moe, Elisabeth Lønning Bueie, Camilla Sørbye, Ellen G. Simensen, Ketil Kolstad, Linda Sandbæk, May Therese Vorland, Linda Therese Antonsen, Marit Øverland Ilstad, Olav Fangel | Utgitt: 2022 | Format: Innbundet, 105 sider | Forlag: Vigmostad og Bjørke |

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar