Ann Helen Kolås Ingebrigtsen er ei venninne av meg, men eg har kjøpt og betalt "Eg blir her" sjølv. Innhaldet i romanen var heilt ukjent for meg då eg fekk den i posten.
Ann Helen Kolås Ingebrigtsen (f. 1980) er ein norsk forfattar. Ho er norsklærar på dagtid, og forfattar på kveldstid. I 2020 debuterte ho med ungdomsromanen Sinne (intern lenke til min anmeldelse) og mottok blant anna Bokbloggerprisen og Årets Ulest. Eg blir her er hennar andre utgivelse.
Eg blir her handler om Oda som bur i ei lita bygd på Vestlandet med far, besten og besta. Faren er ein original som maler bilete av fjell, har laga hobbypub i løa og som drikker ein del. Ungdomstida kunne vore enklere, og det hjelper ikkje at ein sommergjest slår kollbøtte på kjenslene til Oda. Ho har jo kjærast - kan ikkje denne Daniel berre halde seg vekke?
I går kveld lo eg høgt, fekk medkjensle med Oda, og tenkte at det var ikkje så verst å ha eit A4-liv i mi ungdomstid. Det er noko spesielt med ungdomsromanen når den klarer å fange leseren som ikkje har vore ungdom på ein del år. Kolås Ingebrigtsen skriver godt, og lar leseren tenke framfor å forklare alt. Eg er imponert over debutboka frå 2020, denne er hakket betre. For nynorsk-forkjemperen er det gull, og ein ungdomsroman frå Vestlandet kunne ikkje ha blitt skrevet på eit anna mål. Anbefales!
Ho set tennene i ein diger skulebolle og gir meg den andre. Det er ei intern greie mellom oss. Vi synest det er så gøy når det står at det blir servert "noko å bite i" på møte og sånt, så vi begynte å fleipe med det. Når vi skal møtast, avslutter vi alltid med at vi må ta med noko å bite i. Ein gong tok Emma med ein bitering på skulen og gav meg midt i timen. Ho kviskra at det var noko å bite i, og det rakna heilt for meg. Læraren blei dritsur og kasta oss til slutt på gangen. Eg trur vi flirte resten av dagen. (s. 19)
XOXO
| Forfatter: Ann Helen Kolås Ingebrigtsen | Utgitt: 2022 | Format: Innbundet, 156 sider | Forlag: Det Norske Samlaget |
Jeg begynte på denne i går etter å ha hatt den liggende en liten stund og oppdaget en hyggelig hilsen inni fra Ann Helen-da ble jeg veldig glad! Sånt er koselig!
SvarSlettJeg likte Sinne veldig godt og denne også så langt. Jeg leser ungdomsromaner av og til, eller ser serier ment for ungdom, men det hender likevel at det fenger meg selv om jeg er i midten av femtiårene. Her kjenner jeg meg veldig igjen i Oda i forhold til faren som drikker mye, og dessverre er dette noe mange ungdommer opplever-at en av foreldrene er sid på flasken.
Helt enig med deg, en ungdomsroman fra Vestlandet bør skrives på nynorsk-sier jeg som er kav Bæærgensk!
Ha en fin uke, Elida :-)
Det er meget koselig å få helsinger i bøker av forfattere ein kjenner :-) Som regel sitter eg og himler med augo over ungdomsromaner- og serier, men ikkje denne gongen.
SlettTrist å lese om ditt forhold til alkohol, og eg trur og det er noko fleire kan kjenne seg igjen i.
God veke til deg, Beathe!
Så kjekt å høyre, Beathe! Håper du liker boka. :)
SlettTusen takk for nydeleg omtale. Så glad for at du likte boka.
SvarSlett<3 Eg skulle bare lese littegrann i går ettermiddag/kveld ;-)
SlettSå fin omtale Elida! Jeg opplevde det samme som deg, skulle bare begynne på boken, og vips så var det gått noen timer, og boken var lest. Digger smakebiten, jeg gikk inn etter en kopp te etter jeg hadde lest den sekvensen, og gubben så på meg med ??? siden jeg småfniste for meg selv.
SvarSlettDet var godt å komme i barnehagen igjen :)
Takk, Tine! Eg lo høgt då eg las det med biteringen så då måtte det vera med. Eg begynner på mandag, og gler meg til å starte med faste rutiner igjen :-)
SlettDenne boka gleder jeg meg veldig til å lese!
SvarSlett