Søk i denne bloggen

tirsdag 9. august 2022

3 x Penguin Little Black Classics | Polo, Suetonius og Apollonius of Rhodes


#16 Travels in the Land of Serpents and Pearls er eit utdrag frå Marco Polos reiser til India. Han skriver blant anna om ein konge som døydde 84 gonger, og korleis ta diamanter ut frå ei fjellhole full av slanger. Det er absolutt ikkje stor litteratur, og eg får ikkje lyst til å lese meir om Marco Polos reiser.

#17 Caligula er ein biografi om den romerske keiseren Caligula som utnemnte seg sjølv til gud. Han var morderisk og litt galen. På tross av kun fire år som keiser har han fått sin plass i historien. Etter mitt syn som noko me ikkje skal gjenta.

#18 Jason and Medea er eit utdrag frå den greske historien Argonautica. Det er ein tragisk kjærleikshistorie, men oppleves som om eg har hamna midt i noko som ikkje gjer meining. Mogleg historien hadde vore betre i sin heilhet. Akkurat det skal eg ikkje finne utav akkurat nå.


XOXO

| Forfattere: Marco Polo, Suetonius og Apollonius of Rhodes | Utgitt: 1298, 120, -250 | Format: Heftet, ca 50 sider | Forlag: Penguin Classics | 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar