Hilde Sæterøy Palladino er ein norsk forfatter som bur vekselvis i Noreg og utlandet. Den som frykter snøen er hennar første roman.
Terapeuten Bjørk Isdahl blir oppringt av ein tidlegare klient ein sein kveld, og dei avtaler å møtes. Bjørk får aldri snakke med den narkomane kvinna Azora for Bjørk blir vitne til at Azora tar sjølvmord. Under åstedsgranskinga finner politiet eit bilete av Bjørk på Azora med teksten "Jeg vet hvorfor du har mareritt." Bjørk har mareritt, men det har ho aldri delt med nokon.
Nå starter ei jakt etter å vite kven Azora var, og hvilken forbindelse ho hadde til Bjørk. Bjørk har i sitt tredveårige liv trudd at barndommen og ungdomstida var ganske A4, men utan å vere klar over det ender ho opp med å etterforske sitt eige liv. Det er få personer ho kan spør og kven veit om dei snakker sant? Kven var Azora, kvifor tok ho kontakt med Bjørk for så å ende livet, og kan ein stole på det ein har blitt fortalt? Og kva med mareritta? Spørsmåla er mange, og heldigvis for både Bjørk og lesaren blir dei svart på. Det slår meg med den opne slutten at historien om Bjørk kan fortsetje, og det er eg glad for.
H.S. Palladino er eit nytt friskt bekjentskap i norsk krim, og det er godt at Cappelen Damm tør å satse på nye kvinnelige stemmer i krimverda. Palladino skriver meget godt, kapitlene er korte og konsise, og heile tida er det eit slør av hemmeligheter over romanen. Forfatteren undersøker kor mykje eit menneske kan fortrenge når minner ikkje gjer oss godt, og beskriver eit rufsete Oslo med løse fugler og skyggesider. Eg leser lite krim fordi då søv eg dårleg, men akkurat denne måtte eg ha med meg. Harehjarte i meg er glad for at eg las slutten ute i sola, og ikkje i nattemørket. Anbefales!
XOXO
Andre som har skrevet om den: Tine.
| Forfatter: Hilde Sæterøy Palladino | Utgitt: 2022 | Format: Innbundet, 400 sider | Forlag: Cappelen Damm |
Denne har jeg også lest, spennende krim :) Ønsker deg en fortsatt fin søndag Elida!
SvarSlettGod søndag, Tine!
SlettDenne likte jeg også veldig godt:)
SvarSlettSå bra!
Slett