Søk i denne bloggen

søndag 4. august 2019

Booker-longlist: "Lanny" av Max Porter

Den britiske forfatteren Max Porter (f. 1981) er ein tidlegare bokhandler og redaktør, og mest kjent for debutromanen Grief is the Thing with Feathers (2015). Porter har publisert ei rekke noveller og sakprosa, og med romanen Lanny har han debutert i Booker-samanheng.

I ein småby utføre London bur Lanny med foreldrene sine. Småbyen høyrer til dei som bur der nå, og spøkelsene frå mange år sidan. Lanny er ikkje som gutar flest - han er meir drøymande - og sjølv om far Robert gjerne skulle ha sett guten sin på fotballbanen går han med på å la Lanny male saman med den aldrande Pete. Sistnemnte er og var ein kjent kunstner. Legenden om Dead Papa Toothwort lusker i bakgrunnen, men det er ikkje lett å forstå om denne karakteren figurerer i småbylegendene eller kun i Lannys hode. Då Lanny blir borte endrer stemninga i boka seg frå behagelig til ubehagelig. Setningane blir meir som pistolskot og du vil for alt i verda lese vidare for å vite om guten kjem til rette.

Eg som lesar er litt meir enn vanleg avhengig av kapitler i bøker, men det får eg ikkje her. I første del er det avsnitt som sier kven som snakker eller tenker, i andre og tredje del må du nærmast tenke deg til det sjølv kven som har snakker. Det er litt irriterande for meg, men samstundes så fungerer det.

Foreløpig seiler denne opp som favoritt blant dei Booker-bøkene eg har lest til nå med forbehold om endringar underveis. Anbefales!

XOXO

| Utgitt: 2019 | Fornat: Innbundet, 213 sider | Forlag: Faber and Faber |

3 kommentarer:

  1. Godt du er i gang med Booker-lesingen din, jeg følger spent med. Er i feriemodus fremdeles, og holder meg til bøker som ikke krever så mye :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Bøker som ikkje krever så mykje las eg på ferie, nå er det Booker som gjelder :-)

      Slett
  2. Jeg har faktisk Grief is the Thing with Feathers stående ulest på hylla...

    SvarSlett