Søk i denne bloggen

fredag 5. august 2022

3 x Penguin Little Black Classics | Keats, Hardy og de Maupassant


#13 The Eve of St Agnes er eit utdrag frå John Keats dikt frå romantikkens æra. Eg er som oftast ein romantiker i litteraturens verd, men dette vart litt klissete for meg. John Keats er kjent for mange, og dei som liker hans diktning vil finne det bra.

#14 Woman Much Missed er ein generasjon eldre enn førre diktsamling, og etter mitt syn hjelper det. I tillegg så skriver Thomas Hardy til si avdøde kone. Der har du ein retning eg kan sette pris på. Og denne diktsamlinga er virkelig noko å skrive heim om. Anbefales!
Why did you give no hints that night
That quickly after the morrow's dawn,
And calmly, as if indifferent quite,
You would close your term here, up and be gone
Where I could not follow
With wing of swallow
To gain one glimpse of you ever anon!
#15 Femme Fatale er fire korte historier frå fransk sosietet og landsbyliv. Franskmannen Guy de Maupassant blir kalt faren av moderne noveller, og han kan sakene sine. Dette er morsomt, tatt på kornet og eg får lyst til å lesa meir de Maupassant.


Status etter 15 stykker: Det er sunt å laste nye forfattere inn i banken, og kaste seg uti noko ein ikkje skulle lese om det så gjaldt livet.

XOXO

| Forfattere: John Keats, Thomas Hardy og Guy de Maupassant | Utgitt: 1820, 1914, 1881 | Format: Heftet, ca 50 sider | Forlag: Penguin Classics |

2 kommentarer:

  1. En litt utenfor, og to midt i, ikke verst det. Artig at du leser disse bøkene, og veldig kjekt at du deler dine inntrykk. Den gjør med deg, denne serien, det 1001-lesesirkelen gjør med meg, inviterer inn nye forfattere. Er snart klar med augustutfordringen, en helt ny forfatter for meg :)
    Riktig god helg Elida!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Tine! Det er nokon dagar eg ikkje veit om det er verdt det, men så får eg kommentarer som din, og det gjer det verdt det. Eg har heile boksen på 80 bøker + nokon ekstra så må jo få lest dei på eit tidspunkt :-)

      Slett