Søk i denne bloggen

søndag 13. august 2023

"Gjenklang"-serien av Nora Dåsnes og Hannah Mileman

Nora Dåsnes (f. 1995) er ein norsk illustratør og barnebokforfatter. Ho har stadfesta sin posisjon i norsk litteratur med utgivelser som Ti kniver i hjertet og Ubesvart anrop. Saman med Hannah Mileman (f. 1995) vant ho NorskeSeriers manuskonkurranse i 2014. I juli 2020 kom første bok i serien Gjenklang og serien har gått sin seiersgang gjennom Bookstagram Noreg i sommar.

Gjenklang-serien består av 10 bøker, skrevet i 2020 og 2021, og starter i 1912. Sytten år gamle Ella Holter bur hjå ein fosterfamilie på Eina, og har kvart år på sin bursdag fått eit kort og ein sum penger frå ein far ho ikkje husker. Fosterfamilien veit ikkje stort dei heller, og då sytten-årsdagen kjem og går utan bursdagskort blir Ella både undrende og bekymra. Fosterforeldrene har problem med å behalde Ella som fosterbarn om pengene uteblir, og Ella flytter til Kristiania.

I Kristiania blir ho møtt av sin fosteronkel, Alfred Holter, som arbeider i herskapshuset til von Tillisch-familien. Nedenunder regjerer fru Berg som saman med Alfred, Inga og Jenny utgjer staben. Ella får arbeid som tjenestepike utan tidlegare arbeidserfaring eller referanser. Ovenpå bur Margrethe von Tillisch. Ho er enke etter ei tragisk ulykke, og det er broren hennar, Johannes von Tillisch som styrer hushaldninga. Margrethe von Tillisch har tre barn, Helena, Lucas og Maria. Førstnemnte skal gifte seg med ein brite, men det får tidleg i serien eit tragisk utfall.

Johannes von Tillisch styrer huset med jernhand, og det blir tidleg klart at han er ikkje ein mann du tråkker på tærne. Alle går på tå hev rundt Johannes, og han veit å bruke sine kontakter og spioner for alt det er verdt. Ella Holter er ei jente med bein i nesa, og planen hennar er å finne familien sin. Det vil vise seg å vera ein lang og omstendelig prosess, og det er fleire som ønsker å stikke kjepper i hjulene for fleire av Ellas krumspring. 

Eg har lest få serieromaner, og skal eg først lese ein serie så må det klaffe med blant anna tidsperiode. Gjenklang-serien går akkurat, då den har bikka 1900-talet. Litt merkelig igrunnen då eg stadig leser bøker gitt ut på 1800-talet, men eg trur det har med at dei vart skrevet og publisert på 1800-talet. Uansett så lider eg og av FOMO (fear of missing out = redd for å gå glipp av noko) og då Mie/barnebokuniverset satte i gang denne serien så krøyp eg langsomt inn i Allbok-appen og lånte første bok. Bøkene gikk raskt unna, hadde ein pause ca halvveis før siste bok vart lest i går. 

Eg kan ikkje med handa på hjartet si at eg har likt alt, men det er sekvenser eg har likt betre enn andre. Eg syns faktisk det skjer vel mykje, og undrer meg over om det virkelig fantes personer som Johannes von Tillisch, og alle disse hendingane som skjer i løpet av serien. Eg vart og kjent med eit heilt anna Oslo enn det kjente før serien, og måtte fleire gonger sjekke dagens kart for å sjå etter avstander og diverse. Me har vore mange som har lest serien i sommar, og eg trur det er nokon som held på ennå. Det blir nok fleire serieromaner etterkvart, innimellom alt anna, for det er god underhaldning.

XOXO

| Titler i serien (kronologisk): I familiens fotspor, Rømlingen, Sommerhuset, Teppefall, Høst i Kristiania, Rettssaken, Solverv, I unåde, Skolen, Reisen hjem | Utgitt: 2020-2021 | Format: Digitalt, 256 sider pr bok | Forlag: Cappelen Damm |

1 kommentar:

  1. Kjekt å lese om denne serien, jeg har jo fått med meg at du leser den. Artig å høre om en serie som har gått sin seiersgang i Norge. Jeg tror jo at jeg som leser så mye får med meg litt av det som skjer, men nei, absolutt ikke :)
    Det gjør ingenting, jeg vet at jeg da burde/skulle vært på Instagram og liknende, men, ja du vet.
    Håper du har en fin søndag!

    SvarSlett