Søk i denne bloggen

lørdag 10. februar 2024

Stemmens kontinent #23 | "Å koma tilbake frå fienden" av Joy Harjo

Joy Harjo (f. 1951) er ein amerikansk poet, musiker, dramatiker og forfatter. Ho var den 23. United States Poet Laureate, og den første Native American til å ha den tittelen. Joy Harjo er ei aktiv dame som skriver, underviser på fleire universitet og lager og turnerer med musikken sin. Ho har publisert ti diktsamlinger og tre bøker for barn og mottatt ei rekke priser.

Å koma tilbake frå fienden er gjendikta til nynorsk av Lars Amund Vaage. Samlinga består av 17 lengre dikt. Det er mykje av Joy Harjo i dikta, blant anna hennar identitet som Muscogee-indianar. I etterordet skriver Vaage: "Det er trugande avgrunnar i diktinga hennar. Avgrunnen er både den tragiske historia til den nordamerikanske urbefolkinga og hennar eiga eksistensielle redsle. Men det historiske og personlege heng saman på ein særskild måte hos Harjo. Det er som om den tragiske lagnaden til folket hennar alltid ligg under i dikta, i kvar strofe, kvart ord."

Eit par smakebeter:

Kall det frykt

Det finst ein kant der skuggane
og beina til somme av oss går
baklengs.
Snakkar baklengs. Det finst ein kant.
Kall det eit hav av frykt for mørkret. Eller
sei det med andre songar. Under ribbeina
er hjarto våre blodige stjerner. Lys opp
lys opp, og hestar som galopperer bort
følgjer bogane til ribbeina.

Staden der musikaren blei ein bjørn

Sjelene våre hermar etter lysa i Mjølkevegen. Me har alltid
visst kor me skulle
for å bli oss sjølve igjen i den menneskelege komedien.

Det er eit korleis som forvirrar oss. Ein saksofon kan gjera
alt vanskeleg.

XOXO

| Utgitt: 2006 | Format: Hefta, 61 sider | Forlag: Cappelen Damm | 

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar