Søk i denne bloggen

torsdag 10. november 2022

The 2022 Booker Prize | NoViolet Bulawayo, Percival Everett og Shehan Karunatilaka


NoViolet Bulawayo (f. 1981) er fødd i Zimbabwe og studert i USA. I 2013 debuterte ho med romanen We Need New Names, og hamna på Bookers kortliste som den første kvinnelege afrikanske forfatteren. Med årets roman, Glory, har det skjedd igjen og Bulawayo er tilbake på Booker-listene.

Glory er ein historisk roman med elementer frå George Orwells klassiker Animal Farm. Der Orwell brukte den russiske revolusjonen og Stalin som bakteppe bruker Bulawayo sitt lands historie. Robert Mugabe var president i Zimbabwe og Bulawayo skriver om hans avgang og ettervirkningene på ein satirisk måte. (Og nå er det 2 månader sidan eg las boka, gløymte å skrive om den, og har ingen minner om den så meir har eg ikkje å si om handlinga.) 

Eg hadde store forhåpninger for denne romanen då eg elska We Need New Names, men vart skuffa. Det er godt mogleg papirboka hadde vore betre, for lydboka var ingen god oppleving. Eg fulgte ikkje med i det heile tatt fordi det var så mykje gjentakelser, og det gjekk rett og slett over hodet på meg.

| Tittel: Glory | Utgitt: 2022 | Format: Innbundet, 403 sider | Forlag: Chatto Windus |


Percival Everett (f. 1956) er fødd og oppvokst i USA. Han er forfatter og ein høgt respektert engelskprofessor ved universitetet i California. Everett er ein produktiv forfatter med over 20 titler på samvittigheten. Med romanen The Trees har forfattaren debutert på Booker-listene.

The Trees er ein krimroman med innslag av historie og rasisme. I den vesle byen Money, Mississippi, blir fleire personer brutalt myrda. Når to farga detektiver frå Mississippi Bureau of Investigation kjem til byen blir dei møtt med skepsis og hat frå den lokale sheriffen, hans underordna og fleire andre kvite i Money. Det mystiske med drapene er at for kvar kvite mann som er drept ligger det ein farga mann ved siden av, og det er den same kvar gong. Korleis kan det ha seg? Ifølge historien vart denne farga mannen drept 65 år tidlegare. Er det hemn ute og går?

Percival Everett bretter ut eit lerret og eg er meget fornøgd. Romanen er ein sidevender av rang, og eg høyrte nesten i eit strekk for det var så bra. Endeleg noko bra på Booker-lista, og eg håper denne blir omsett til norsk for eg trenger å anbefale den til alle som liker krim (men leser ikkje engelsk).

| Tittel: The Trees | Utgitt: 2021 | Format: Heftet, 335 sider | Forlag: Influx Press |


Shehan Karunatilaka (f. 1975) er fødd og oppvokst i Sri Lanka. Han har studert på New Zealand og jobba i London, Amsterdam og  Singapore. For sin tredje roman, The Seven Moons of Maali Almeida, mottok Karunatilaka 17. oktober dette årets Booker-pris.

The Seven Moons of Maali Almeida er ein historisk roman med innslag av magisk realisme og LGBT. Hovudpersonen Maali Almeida vakner ein morgon død. Kroppen hans er senka i sjøen og han aner ikkje kven som har drept han. I eit land der kvar mann kjemper for seg, lista over potensielle drapsmenn er lang. Men til og med i livet etter døden er tida knapp. Almeida har sju måner på seg til å føre to personer saman og lede dei til fotografier som vil rocke Sri Lanka.

Vinnaren vart kåra, og eg hadde i grunnen ingen meining om kva eg syns om vinnaren for boka var ulest i øyeblikket. Nå er den lest, og eg sitter igjen med same kjensla som eg normalt gjer ved lesing av bøker frå Asia. Eg ønsker å læra, ønsker å forstå og samstundes er det mykje som går over hodet på meg. The Seven Moons of Maali Almeida er eit godt skrevet bok med ein flott historie som eg håper mange får augene opp for.

| Tittel: The Seven Moons of Maali Almeida | Utgitt: 2022 | Format: Innbundet, 386 sider | Forlag: Sort of Books |

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar