Forfatter: Jørn Lier Horst (f. 1970)
Utgitt: 2016
Format: Innbundet, 220 sider
Forlag: Gyldendal
Den norske forfatteren og tidlegare politimannen Jørn Lier Horst er eit velkjent namn i krimverda. Han får ikkje bare merksemd i vårt langstrakte land; naboer i aust og vest er interessert i bøkene hans. Serien om William Wisting er for vaksne, men den produktive forfatteren står og bak serier for barn og ungdom.
Når det mørkner er ellevte bok i serien om politietterforskeren William Wisting, men den kunne like godt fått nummeret null. Wisting er på veg til ein samling for nye politistudenter, men blir hefta av ei kvinne i besøksstolen på kontoret. Ho kjem med ein konvolutt adressert til Wisting, og seinare same dag inviterer han studentane til å vera med å løyse ei nesten 100 år gammal krimgåte. Umiddelbart har me hamna 33 år tilbake i tid. Wisting er lukkeleg gift med Ingrid, nybakt tvillingpappa, og fersk og ambisiøs konstabel på politivakta. Julen nærmer seg, og Wisting jobber ein del overtid for å få endene til å møtes. Då ein venneteneste fører Wisting på sporet av ein uoppklart forbrytelse får me som har lest Lier Horst ei stund sjå konturane av den Wisting som me kjenner godt.
Når det mørkner er sjølvsagt alt for kort, men den er oppslukande, spennande og veldig gøy. For meg som har lest alle bøkene om William Wisting er det veldig gøy å få eit innblikk i kva som forma Wisting som både menneske og politimann. I tillegg er det tvillingane som allereie i ein alder av 6 mnder har personlighet lik den me kjenner frå tidlegare bøker, Line spesielt. Eg seier som Marianne: Bankers julegave! Anbefales!
XOXO
Det høres ut som om at skal jeg lese noe norsk krim, så burde det bli Jørn Lier Horst. Har hørt mye bra om denne boka og bøkene hans generelt. Leser jo nesten aldri krim, bortsett fra Agatha Christie i ny og ne, og det er mye av krim som ikke frister (både norsk og utenlandsk). Har lest noe av Camilla Läckberg, men fikk helt fnatt av den siste jeg leste av henne, Løvetemmeren. Synes den var så ekkel, så etter det har jeg styrt litt unna, tror jeg.
SvarSlettJørn Lier Horst er laid-back og veldig ofte koselig krim. Eg er og veldig glad i Agatha Christie, og Hans Olav Lahlum er inspirert av ho. Han kan du og lese om du syns Läckberg er skummel. Eg har lest alle krimbøkene til sistnemnte og Løvetemmeren var over the top!
SlettVeldig enige om Horst, ja :) Man kan liksom ikke mislike bøkene hans. Jeg har ennå flere tilgode i forfatterskapet (ikke så flink med kronologi jeg vettu). NÅ har jeg gått igang med Tom Kristensen. Han er også superdyktig på krim, med mer thrilleraktige innslag. Øko-krim som oftest. Knasende god sålangt!
SvarSlettDet er ikkje mogleg å mislike bøkene hans - eg har i alle fall ikkje gjort det til nå. Spent på å høyre meir om Kristensen, han har eg ikkje lest.
Slett