Søk i denne bloggen

søndag 11. oktober 2020

Bok: "Sak 1569" (WW #15) av Jørn Lier Horst

Den norske forfatteren Jørn Lier Horst (f. 1970) er tidlegare etterforsker i politiet, men har dei siste åra livnært seg som krimforfatter. Lier Horst har og vore i TV og radio/podcast når det handler om kriminalsaker. Sak 1569 er den femtende boka i rekken om politimannen William Wisting.

William Wisting er inne i si andre ferieveke. Det er uvant for han å følge med på ein sak frå sidelinja, men med nettbrett og aviser går det på eit vis. Så får han eit brev i posten. I dagens digitale samfunn er det uvanleg å få brev i posten, men innhaldet er enda meir uvanleg. Eit enkelt ark med eit saksnummer på. Wisting fatter interesse, men forstår fort at det er ikkje ein av hans saker. Fleire brev kjem, men dei blir levert av avsenderen sjølv, og Wisting kjøper seg eit lite kamera som han fester i bilen med god utsikt til postkassen.

Samstundes blir det gjort nye funn på ei branntomt, og sjølv med ferie må han innom politistasjonen. Brevene blir stadig meir interessante, og Kripos med Adrian Stiller blir involvert. Ein liten tur til USA får Wisting til å eliminere personer i den kalde saken, men kven er det som sender brevene? Kven tok livet av Tone Vaterland den juli-dagen i 1999? Line og Amalie er med frå nabohuset, men det er noko muffens med den nye kjærasten til Line. Wisting liker ham ikkje, og etterkvart gjer visst ikkje Line det heller. 

Eg er ganske inhabil etterkvart for eg får meg ikkje til å mislike Wisting-bøkene uansett kva andre måtte meine. Jørn Lier Horst leverer eit solid stykke arbeid, og eg liker veldig godt alt eg lærer ved å lese bøkene om William Wisting. Det er få ting eg stusser over, og arbeidet med etterforskningen tar eg som god fisk for Lier Horst har god erfaring frå politiet. I Sak 1569 får me tilbakeblikk frå rettssaken i 1999, og det blir satt saman med dagens etterforskning. 

Bokhaust er dei siste åra synonymt med ny krimroman frå Jørn Lier Horst, men kvifor i alle dager kan ikkje boka kome om våren? Eg leser lite krim etter mørkets frambrot, men vart sittande med boka lørdag kveld. Tanken på at nokon haldt auge med Wisting fekk det til å grøsse langt nedover ryggen i kveldsmørket. Meg og mitt harehjarte!

Sak 1569 anbefales!

XOXO

| Utgitt: 2020 | Format: Innbundet, 368 sider | Forlag: Capitana |

2 kommentarer:

  1. Enig med deg der, liker alltid Wisting. Har lyttet denne. Spennende å følge etterforskningen. Krim uten så mye ekkel vold dette. ( har ikke omtalt den enda, den nye Blogger er ikke så funksjonell som forrige utgave) - God omtale.

    SvarSlett
  2. Det er ikke hverdagskost at vi leser de samme bøkene, men denne gangen klaffet det. Jeg er nok blant dem som har gått fra begeistret til lunken når det gjelder Wisting, men denne boken likte jeg godt (omtale kommer)
    Jeg har vært og hentet min 1001-bok for oktober, men stønnet høyt etter første kapittel :) Skal gjøre en ny innsats i kveld, jeg lover!
    Nyt resten av søndagen Elida :)

    SvarSlett