Søk i denne bloggen

søndag 8. oktober 2017

Bok: "Katharina-koden" (WW #12)

Forfatter: Jørn Lier Horst (f. 1970)
Utgitt: 2017
Format: Innbundet, 380 sider
Forlag: Gyldendal

Den norske forfatteren Jørn Lier Horst er tidlegare politimann, og tilfører i mine auge ei breiare og meir troverdig etterforsking i sine krimromaner. I tillegg til serien om William Wisting skriver han og for barn og unge, og produserer eit høgt antall bøker i året.

Me har kome til tolvte bok om William Wisting, og denne gong er det ei sporlaus forsvinning som er hovudsaken. For 24 år sidan forsvant Katharina Haugen, og kvart år etter forsvinninga har Wisting besøkt ektemannen hennar på årsdagen. Dette året er imidlertid Martin Haugen borte sjølv, og hjula begynner å rulle. Den yngre etterforskeren Adrian Stiller besøker politihuset i forbindelse med cold cases, og med ei anna forsvinning på den same datoen må Wisting og Stiller samarbeide. Det er ikkje alltid like lett når etterforskerne er ganske så ulike i personlighet og handling.

Eg er etterkvart litt inhabil til å snakke om Jørn Lier Horsts bøker for eg sluker dei rått, men med dagens samfunn slik det er tilfører Horst eit lite avbrekk. Det er ikkje mengden blod og gørr som er viktig i hans bøker, men heller korleis ein kan løyse saken og dei pårørande får ei avslutning. Eg er imidlertid litt bekymra for William Wistings framtid då skrivebordet hans er heilt tomt for nye saker. Kan det vera at Line Wisting får større oppgåver medan faren trer litt inn i skyggene i neste prosjekt? Akkurat det trenger ikkje vera negativt, men at Jørn Lier Horst må skrive meir vil eg gjerne. Anbefales!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar