Søk i denne bloggen

tirsdag 31. januar 2023

Månadsoppteljing #92 | Januar i bøker

Januar var: Denne månaden har vart i evigheter, og eg er så glad for at det endeleg er tid for ein ny månad. For ein gåande trafikant betyr véret ganske mykje, og seinast i går hadde eg alle årstidene på ein dag. Det er ikkje ein hemmelighet at det har vore mykje sjukdom denne vinteren, og til og med ho med jernhelse og godt immunforsvar låg på sofaen i tre dager med influensa. Det er ingenting som ikkje er godt for noko, og liggande på sofaen fekk eg med meg semikongeleg begravelse frå Hellas. Sjølv om eg forstod ingenting av kva som vart sagt så var det interessant å sjå korleis det vart gjort.

I januar har eg lest: Den største snakkisen i utenlandsk media har vore britiske prins Harrys biografi, og den tok ein del tid og krefter. Eg har i tillegg høyrt ferdig Dickens' Barnaby Rudge og det gjorde godt å kunne krysse av ei bok som har stått som currently-reading sidan oktober i fjor.

I helga som var høyrte eg professor i litteratur og forfatter Janne Stigen Drangsholt snakke om Cormac McCarthys The Road på Sølvberget i Stavanger. Meget interessant, og i ekte Janne-stil. I går kveld var eg på mitt lokale bibliotek og høyrte journalist og forfatter Sven Egil Omdal snakke om nordmennene som var fanger i Sachsenhausen under andre verdskrig. Det var eit meget sterkt foredrag, og eg får lyst til å lese boka foredraget er basert på, Nordmennene i Sachsenhausen.

* Mina Loy: Engelsk kjøter (papir frå biblioteket)
* Prince Harry: Spare (digitalt med kindle)
* Alan Rickman: Madly, Deeply. The Diaries of Alan Rickman (digitalt med kindle)
* Dulce María Loynaz: Svart vin (papir frå biblioteket)
* Muriel Spark: Frøken Jean Brodies beste alder (papir frå biblioteket) 1001
* Gabriela Epstein: Claudia and the New Girl (BSC Graphic #9) (papir frå biblioteket)
* Jon Fosse: Stengd gitar (papir frå biblioteket)
* Jon Fosse: Blod. Steinen er (papir frå biblioteket)
* Mririda N'ait Attik: Froskens sanger (papir frå biblioteket)
* Charles Dickens: Barnaby Rudge (lyd frå Storytel)

I januar fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Charlotte Brontë: Villette (papir frå hylla) OTS
* Ann Radcliffe: The Mysteries of Udolpho (digitalt med kindle)
* Lucinda Riley: The Murders at Fleat House (lyd frå Storytel)
* Chimamanda Ngozi Adichie: Americanah (lyd frå Storytel) 1001

I januar kjøpte eg:

* Prince Harry: Spare (digitalt til kindle)
* Helene Uri: Han, hun og hen - håndbok i språk og makt (papirbok)

I februar skal eg: Eg skal tilbake til Sølvberget i slutten av februar og høyre Maria Navarro Skaranger snakke om Ringenes Herre. I år er det 50 år sidan den britiske forfatteren J.R.R. Tolkien døde, og eg har lyst til å lese bøkene om igjen. Det er 6 år sidan eg las trilogien sist, og eg har høyrt rykter om lydbøker med Andy Serkis (Gollum i filmene) som innleser. Det trur eg blir bra.

XOXO

søndag 29. januar 2023

Stemmens kontinent #3 | "Froskens sanger" av Mririda N'ait Attik

Mririda N'ait Attik (ca. 1900-ca. 1940s) var ein marokkansk poet. Det er lite info om hennar liv, men ifølge Wikipedia gifta ho seg tidleg og på grunn av eit mislukka ekteskap reiste ho. I 40-åra blir det sagt at ho var kurtisane, men etter andre verdskrig har ho forsvunne. Ingen veit med sikkerhet når ho gikk bort.

Froskens sanger er gjendikta av Hanne Bramness, og er ein omsetjing frå Les Chants de la Tassaout de Mririda N’aït Attik. Mririda N'ait Attik var analfabet, og det var den franske soldaten René Euloge som i 1959 skreiv ned sangene hennar og ga dei ut. Sangene er gode, men eg får ikkje noko utav dei. Det trur eg handler om kva dei handler om som skilsmisse, huslige problem og ubesvart kjærleik. Då dei kom ut var dei ganske tabu for slike ting skulle ikkje kome frå poeter, og særleg kvinnelege poeter.

Ein smakebete:

Fornærmelsen (eit utdrag)

Du tar feil, du mor til min forhenværende mann,
hvis du tror jeg lider.
Du kan si til ham som dro fra meg
at de gode og onde dagene vi delte
er visket bort fra tankene, fra hjertet,
slik strå blir spredd for vind...

(...)

Det er som om jeg aldri skulle kjent ham.

Du som var min svigermor, gå og fortell din sønn
at jeg ikke kan huske hans navn!

XOXO

| Utgitt: 1999 | Format: Heftet, 42 sider | Forlag: Cappelen Damm |

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

mandag 23. januar 2023

"Frøken Jean Brodies beste alder" av Muriel Spark

Muriel Spark (1918-2006) var ein populær skotsk forfatter. Ho skreiv ei rekke bøker innan fiksjon og sakprosa, mottok fleire høgthengande priser, var på Bookers kortliste tre gonger og var æresdoktor ved fleire universiteter. Romanen Frøken Jean Brodies beste alder blir omtalt som hennar beste bok.

Frøken Jean Brodies beste alder foregår i Edinburgh i 30-åra. Seks jenter er med i den såkalla Brodie-klikken som er nøye utvalgt av læraren, frøken Brodie. Jentene får delta i frøken Brodies uortodokse undervisning. Kvar og ein av jentene blir fortalt at dei er spesielle for ein ting, og dette skal dei bli berømt for. Skulen til frøken Brodie og jentene ønsker å bli kvitt frøken Brodie, og bare nokon år fram i tid skal ein av dei forråde frøken Brodie. Ingen veit kven, men det skjer i frøken Brodies beste alder.

Min første tanke då eg las denne boka var filmen Mona Lisa Smile (ekstern lenke), og etter det eg husker har noko av den same handlinga. Frøken Jean Brodies beste alder blir beskrevet som morsom og ein moderne klassiker, men eg finner ingenting morsomt med ein jenteklikk på kostskule. Eg klarer ikkje relatere til karakterene, og forstår ikkje korleis Jean Brodie framleis har jobb ved skulen. Ho lærer dei jo ingenting frå ein satt læreplan. Det einaste positive eg fant ved romanen er at den er kort, og nå kan eg levere den tilbake på biblioteket.


Frøken Jean Brodies beste alder er på 1001-lista, og derfor las eg den. Nå kan eg krysse av ei bok i lesesirkelen min, og velge ei anna bok neste gong.

XOXO

| Originaltittel: The Prime of Miss Jean Brodie | Utgitt: 1961 | Min utgåve: 2014, omsett av Merete Alfsen | Format: Innbundet, 143 sider | Forlag: Forlaget Oktober |

søndag 22. januar 2023

Stemmens kontinent #2 | "Svart vin" av Dulce María Loynaz

Dulce María Loynaz (1902-1997) vaks opp og budde så og si halve livet på Cuba. Familien hennar var steinrik og ho hadde ein skjerma oppvekst. Frå 1937 til 1958 ga ho ut eit titals bøker, og i 1922 mottok ho Cervantes-prisen. Det er den spanske Nobel-prisen, og ho var den andre kvinna i historien som mottok den.

Svart vin er gjendikta av Tove Bakke, og har utdrag frå Versos, Juegos de Agua, Poemas sin nombre og Bestiarium. Dikta er både korte og lange, og handler om mykje forskjellig. I tillegg er dikta omsett til nynorsk, og det må vera den beste måten å lesa dikt på.

Eit par smakebeter:

Viss du elskar meg, elsk heile meg

Viss du elskar meg, elsk heile meg,
ikkje i soner av lys eller skugge...
Viss du elskar meg, elsk meg svart
og kvit. Og grå, grøn, blond,
mørk...
Elsk meg dag,
elsk meg natt...
Elsk meg ein tidleg morgon for ope glas!

Viss du elskar meg, del meg ikkje opp:
Elsk heile meg... Eller elsk meg ikkje!

XIV

I det tomme huset har rosene stått lavande raude,
og dei smalvengde svalene har bygt seg reir...

Korfor seier dei at det står tomt?

XOXO

| Utgitt: 1999 | Format: Heftet, 91 sider | Forlag: Cappelen Damm |
Andre bloggere har også lest denne: Beathe

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

lørdag 21. januar 2023

"Spare" av Prince Harry

Prins Harry (f. 1984) er nummer fem i den britiske arverekka. Spare er hans debutbok, og tittelen gjenspeiler på det å vera reserven til arvingen. I dag bur prins Harry i USA med sin familie.

Det er mykje det går an å si om om den britiske kongefamilien, men at dei er konservative og satt i deira veremåte er eg ikkje i tvil om. Så sår nokon tvil. Nokon med eit utgangspunkt som det ikkje burde hatt. Ein 12-åring går bak si mors kiste gjennom Londons gater. Og går rett tilbake til kostskolen etterpå. 

Spare er britiske prins Harrys biografi, i hovudsak ført i pennen av J.R. Moehringer, og fortalt i prinsens perspektiv. Han skriver brutalt ærleg, hudlaust og til tider hjerteskjærande om sitt liv frå den skjebnesvangre dagen i 1997 då hans elska Mummy, prinsesse Diana, døyr i ei bilulukke. Samstundes er den avslørende, og eg sår tvil om dei involverte i avsløringane har fått lese boka på forhånd. Dette gjelder i hovudsak kong Charles og prins William. Det er og muligens brot på sikkerhet i boka då prins Harry fortel kor blant anna dronning Elisabeths soverom var.

For å vera heilt ærleg så veit eg ikkje heilt kva prins Harry vil med denne boka, for om målet var ein gjenforening med faren og broren så har han bomma. Det er fleire rojalister som sår tvil om alt stemmer, eller om prins Harry pynter på sannheten for å få meir medkjensle. Eg er litt i begge leire. Prins Harry er ikkje den første som bryter ut av ein kongefamilie, men uten å faktasjekke det så er nok han den som har gjort det med mest publisitet rundt.

Min indre rojalist hadde ein ungpikedraum om å bli prinsesse, og i barndom/ungdom hadde eg prinsen klar. Med dagens medie-bilete er eg sjeleglad for at det ikkje vart prins på meg, men eg stiller spørsmål ved måten prins Harry møter omverda på. Han sier han ønsker eit privatliv, men signerer avtale med Netflix verdt titalls millioner og blir intervjua i hytt og gevær. Han ønsker ikkje at vakter skal fotfølge han, men går til sak om han ikkje får vakter i heimlandet. Kva trenger du vaktene til frå eit land til eit anna?

Dei siste åra har den britiske kongefamilien gått gjennom store endringer. Den største av dei er utan tvil dronning Elisabeths bortgang. Korleis dei neste åra for kongefamilien blir er ikkje satt i stein, og om det er plass til prins Harry oppi dette må andre enn meg svare på. Det som eg derimot trur er at denne måten å gjera det på var ikkje så lurt. I boka fortel prins Harry at han ved fleire anledninger har gjort forsøk på å snakke med familiemedlemmer, men at det har ikkje fungert. Det syns eg er vondt å lesa om med tanke på at prins Harry var ikkje den einaste som gjekk bak kista den dagen i september-97. Hvilke demoner sliter andre med, og er det årsaker til at ingen vil snakke om til dømes prinsesse Dianas død? 

Dette vart litt mange og lause tanker, og eg skal avslutte med å si at eg likte ikkje boka. Eg får ikkje til dei korte kapitla, språket synger ikkje til meg og det er for mange gonger eg tenker at dette trenger eg ikkje vite. Eg har ikkje meir sympati for prins Harry enn før eg las boka, meir nysgjerrig på kva som stemmer og ikkje. Det er mange teorier om det, men ein ting står klart. Britiske medier er nådelause og spesielt mot dei dei ikkje liker. Prins Harry og grevinne Meghan er dessverre (i mine auge) eit par som ikkje er så godt likt. Over og ut!

XOXO

| Utgitt: 2023 | Format: Digitalt med kindle, 409 sider | Forlag: Random House | 

torsdag 12. januar 2023

Stemmens kontinent #1 | "Engelsk kjøter" av Mina Loy

Mina Loy (1882-1966) var fødd i London, England, men reknes ofte som ein stor amerikansk lyriker. Ho veksla heile livet blant ulike kunstneriske uttrykk og kjente seg muligens ikkje heima i poet-rolla. På 40-talet levde ho blant uteliggere i New York før ho døydde gløymt og nærmast ukjent i Colorado, USA. (løselig basert på Cappelen Damms omtale)

Engelsk kjøter er gjendikta av Hanne Bramness og er basert på The Lost Lunar Baedeker/The Last Lunar Baedeker. Det er ei kort bok på ca 50 sider og eg syns det var mykje bra i den. Dikta er for det meste korte og konsise, men rommer meir og enkelte gonger spinner tankene. Mina Loy var og venn med Gertrude Stein og den amerikanske poeten har fått sitt eige dikt.

Eit par smakebeter:

Geniets forsvarstale (utdrag)

Dere kan føde oss
eller vie dere til oss
men disse kroppslige tilfeldighetene
bestemmer ingenting -

Gertrude Stein

Curie
i ordenes laboratorium
knuste hun
bevissthetens tonnasje
frøs den ned
for å utvinne
ordets radium

XOXO

| Utgitt: 1998 | Format: Heftet, 55 sider | Forlag: Cappelen Damm |

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).