Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Henning Mankell. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Henning Mankell. Vis alle innlegg

fredag 20. juni 2014

Glassnøkkelvinner: "Faceless Killers" (Wallander #1)

Forfatter: Henning Mankell (f. 1948)
Originaltittel: Mördare utan ansikte
Utgitt: 1991
Min utgåve: 2003
Oversetter (frå svensk til engelsk): Stephen T. Murray
Format: Kindle, 280 sider
Forlag: Vintage
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Krim, Nye forfattere

I pinsehelga reiste eg til Sverige med Kindle'n fullstappa av lått og løye, og det eg endte opp med å lese heile helga var Henning Mankells første bok om Kurt Wallander. Eg har tidlegare sagt at krim er mi løysing på manglande leselyst, men nå byrjer det å bli i overkant. Mördare utan ansikte er ikkje bare første bok om Wallander, men det er og den første boka som vant krimprisen Glassnøkkelen. Det faktum, og det faktum at eg er besatt av 1001 bøker, er årsaken til at boka vart kjøpt til Kindle'n.

 
I Mördare utan ansikte møter me politimannen Kurt Wallander. Han har nyleg gått gjennom eit samlivsbrot, dottera har lagt han for hat, og faren er på god veg inn i senilitet. Så blir Wallander oppringt og må kome ut til eit småbruk for der har det skjedd eit mord. Ein eldre mann er slått ner og drepen, og det står ikkje så bra til med kona hans heller. Wallander set i gang etterforskning og då den eldre kona seinare døyr på sjukehuset etter å ha kviskra "utlending" set Wallander himmel og jord i rørsle for å fange den/dei som har begått dobbeltdrapet. Etterforskninga går sin vante gang slik eg er vant med frå andre politiromaner, men det går nokre månader også står etterforskninga i stampe. Uansett hvilken stein Wallander og teamet hans løfter på så skjer det ingenting. Er det mogleg å drepe to mennesker, og gå fri?
 
Det var litt creepy å lese om eit drap på eit småbruk når eg satt i hagen på eit lite småbruk i Sverige og las den delen. Mördare utan ansikte var ein meget god introduksjon til Kurt Wallander-universet, og det kan fort bli interessant å følgje denne mannen vidare på sine eventyr. Wallander er ein typisk politimann med både sine svin på skogen, familieforhold, interessante medarbeidere og eit mogleg nytt dameforhold. I dagens smarttelefonunivers er det interessant å lese ei krimbok der dei har telefon i tenestebilen, og alt kan ikkje sjekkas ved eit par tastetrykk på pc eller mobil. Anbefales!
 
XOXO