Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Maja Lunde. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Maja Lunde. Vis alle innlegg

lørdag 26. september 2015

Bok: "Bienes historie"

Forfatter: Maja Lunde (f. 1975)
Utgitt: 2015
Format: Innbundet, 455 sider
Forlag: Aschehoug

Den norske forfatteren Maja Lunde har skrevet barne- og ungdomsbøker, og skrevet manus for TV. I år er ho aktuell med sin første roman for vaksne, Bienes historie.

Bienes historie blir fortalt av tre ulike stemmer i kvart sitt år. Familiefaren og frøhandleren William bur i England på 1800-talet. Han har mistet all vilje til å leve, men etter å ha lest ei bok om bier står han opp frå senga og byggjer ei heilt ny bikube som skal sette standarden for bikuber. Birøkteren George bur i USA med familien i 2007. Han har ein liten gard, men ynskjer å utvide og håper at sonen ein dag skal bli meir interessert i biene enn i sine eigne studier. I framtidas Kina i året 2098 arbeider Tao med handpollinering. Verda slik me kjenner den er vekke, og Tao strever med arbeidet sitt og den evige dårlege samvittigheten overfor sonen som ho kun får ein time med kvar dag. Ho ynskjer at han skal få eit anna utgangspunkt enn det som er framtida nå, men med ein time kvar dag er det ikkje så enkelt.

Det er lenge sidan eg har lest ein så drivande roman som Bienes historie. Før eg visste ordet av det var halve boka lest, og den andre halvparten vart lest neste dag. I mitt hovud vitner det om godt skrevet bok. Maja Lunde har gjort sin research (som viser igjen på takkelista bakerst i boka), og med gode setninger og cliffhangere mellom stemmene så må du bare lese vidare for å vite meir om dei ulike personane. Samtidig som det handler om bier i ulike tider er det sterke historier om relasjoner mellom foreldre og barn, og forventninger frå ein generasjon til ein anna. Maja Lunde klarer på elegant vis å balansere tre stemmer i ei bok, og samtidig trekkje tråder mellom stemmene. Denne kan eg godt sjå på bokbloggerprisens liste neste år. Anbefales!

XOXO