![]() |
| #2 |
![]() |
| #3 |
![]() |
| #1 |
Forfatter: John le Carré (f. 1931)
Originaltittel: Call for the Dead (#1), A Murder by Quality (#2), The Spy Who Came in from the Cold (#3)
Utgitt: 1961, 1962, 1963
Mine utgåver: 2010, 2011
Oversetter: Lotte Holmboe (#1), Eldor Martin Breckan (#2)
Format: Heftet, 201 sider (#1), 184 sider (#2), lydbok lest av Lasse Kolsrud, 7t41min (#3)
Forlag: Cappelen Damm
Mål/utfordringar: 1001 bøker, off the shelf, nye forfattere, krim
Britiske John le Carre introduserer i Telefon til avdøde George Smiley. Han er tidlegare britisk etterretningsagent og har nettopp intervjua Samuel Fennan. Kun dager seinare blir Fennan funnet myrda, og Smiley oppsøker enka, Elsa. Det er visse mistanker rundt Fennans mord, men den britiske etteretningstjenesta har ingen plan om å oppklare mordet. George Smiley tråkker sjølv oppi eit ormebol (lånt frå bokas bakside) for å gjera eit forsøk på å løyse saken.
I andre bok om George Smiley, Mord av klasse, blir Smiley invitert av Miss Brimley til Carne skole. Det har blitt begått eit mord ved den høgt akta kostskulen, og medlemmane av den lokale overklassen konstaterer at mordaren fins i deira eigne kretser. Smiley kjemper ikkje ein kamp mot klokka, men overklassen er intrikate mennesker, og det skal ikkje mykje til før dei fjerner mennesker som ikkje gjer sitt beste for å passe inn.
I tredje bok, Spionen som kom inn fra kulden, blir me kjent med Alec Leamas som ynskjer å kome inn i agentmiljøet igjen. Hans overordnede syns ikkje dette er positivt, og sender Leamas ut på viddene. Denne tredje boka var le Carrés internasjonale gjennombrot, og er ei av tre bøker som står på 1001-lista. Boka var lesesirkelbok i mars, og då skreiv Melusine, Boktanker og Monika om ei eller fleire av bøkene (eksterne lenker).
George Smiley er den mest kjente av John le Carres gjentakende karakterer. Han er ikkje den mest spennande karakteren, men eg er fast bestemt på å lese resten av serien om Smiley. Den største motivasjonen er at 3 av 8 titler står på 1001 lista, og eg er ein meget kronologisk leser. Eg er ikkje overbevist om at spionkrim er min type krim, men kryss er kryss.
XOXO



