Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Ballantine Books. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ballantine Books. Vis alle innlegg

torsdag 28. september 2023

"The Kennedy Women" av Laurence Leamer

Laurence Leamer (f. 1941) er ein amerikansk prisvinnande journalist og forfatter. Han har publisert to romaner og eit Broadway-skodespel, men er mest kjent for sine sakprosa-bøker.

The Kennedy Women
 handler om kvinnene i Kennedy-familien frå Bridget Murphy i 1849 til Caroline Kennedy i 1995. Boka følger familien gjennom fleire generasjoner der den mest prominente generasjonen er søskenflokken som bestod av president John F. Kennedy, senator og justisminister Robert F. Kennedy og senator Edward Kennedy. Som du legger merke til så har eg lista opp mennene i flokken og dette er ei bok om kvinnene. Faktum er at dei får mest merksemd sjølv om dei to første har vore døde i mange år.

Joseph og Rose Kennedy fekk 9 barn, 4 sønner og 5 døtre. I fleire tiår har denne familien hatt noko med amerikansk politikk, offentlig tjeneste, underhaldning og forretninger. I offentlighetens lys er det dei tre søstrene Patricia Kennedy Lawford, Eunice Kennedy Shriver og Jean Kennedy Smith som er mest kjent i flokken av kvinner, men brødrenes koner, Jaqueline Kennedy, Ethel Kennedy og Joan Kennedy, og alles døtre er med i boka. 

Eg har lest om Kennedy-familien tidlegare, og eg blir like fascinert kvar gong. Men kvifor? Fordi det handler om det same som rojale familier: Slekt og slekters gang. Familietre og eit samansurium av ulike medlemmer som både gir og tar. Det er mykje kjærleik og gode tanker i familien Kennedy, men det er og mykje vondt og vanskeleg. Det kan ikkje vera lett å vera ein del av ein så prominent familie som Kennedy, og det er fleire av familiens medlemmer som har hatt problem med alkohol og/eller narkotika. Det er heller ikkje ukjent at elskere og elskerinner har kome og gått blant fleire i årenes løp.

The Kennedy Women er ingen enkel bok å gi seg i kast med, men for den interesserte er det ei gullgruve. Laurence Leamer har snakka med fleire medlemmer av Kennedy-familien, tidlegare naboer og andre bekjente av familien for å lage ei så troverdig bok som mogleg. Det er side opp og side ner med takksigelser og notater, og ingen kan si at bokas innhold ikkje er godt granska og undersøkt. Eg er mektig imponert, men ser og føre meg at den generasjonen som kjem etter Caroline Kennedy og Maria Shriver (for å nemne eit par av Rose Kennedys barnebarn) har muligens eit meir privat ønske enn mange andre. Boka anbefales!

XOXO

| Utgitt: 1994 | Format: Heftet, 935 sider | Forlag: Ballantine Books |

torsdag 13. august 2015

Booker-shortlist: "A Spool of Blue Thread"

Forfatter: Anne Tyler (f. 1941)
Utgitt: 2015
Forlag: Ballantine Books
Anna: Kjøpt papirutgåve, 387 sider
Mål/utfordringer: Bookerprisen

Den amerikanske forfatteren Anne Tyler har skrevet eit tyvetals bøker, og mottok i 1988 Pulitzerprisen i fiksjon for romanen Breathing Lessons. A Spool of Blue Thread er hennar første nominasjon til Booker-prisen.

A Spool of Blue Thread handler om familien Whitshank i tre generasjoner. I nåtida møter me Abby og Red Whitshank og deira fire barn og ei rekkje barnebarn. I brotstykker får me høyre om foreldra til Red, og historien om Junior og Linnie Mae dominerer den eine delen av boka. Abby og Red oppdrog barna i eit solid bygd hus (Red hadde eige byggefirma) og fortset å bu i huset etter at barna har flytta ut. I Anne Enrights bok, The Green Road, og i denne er det to jenter og to gutar, og dei har alle skapt sitt eige på kvar sitt vis. Fordelinga av kor mykje ein får vite om kvart barn er likevel skeiv, og med Abby som forteljar, har ho fokusert meir på sine søner enn på sine døtre. Amanda og Jeannie veit me lite om; dei er begge gift med kvar sin Hugh, begge har barn og begge har jobb. Kva dei tenkjer utover i boka blir det sagt lite om. Sønene Denny og Douglas (populært kalt Stem) får desto større plass.

I byrjinga av boka ringjer Denny heim til sine foreldre og fortel at han er homofil, men då Red reagerer på ein brysk måte høyrer dei lite frå Denny dei neste åra. Dette var før mobiltelefon og internett si tid, og det var ikkje lett å finne folk utan telefonnummer og adresse. Douglas er eigentleg ikkje ein Whitshank, han vart tatt inn i familien som to-åring då faren døydde, men ingen lovformelig adopsjon er foretatt. Han er gift med den ivrige kyrkjegjengaren Nora, og dei har tre søner. Då Abby får eit snev av senilitet og Red langsomt blir døv, flytter Douglas tilbake til barndomsheimen med familien sin. Det skaper visse gnisningar mellom brørne, men kva systrene tenkjer får me høyre lite om. Ein årleg strandtur for stort og smått er obligatorisk, så ei veke kvart år er Abby og Red samla med sine barn, svigerbarn og barnebarn i eit leigd hus ved sjøen. Då kjem det fram at ein anna familie har feriert i nabohuset i årevis, men ingenting har blitt gjort for å bli kjent med kvarandre. Dei har simpelthen bare observert den andre familien i årevis.

Då longlist vart publisert vart det spekulert i om Tylers bok var årets "kosebok" på lista. Eg er ikkje redd for å innrømme at eg kjeda meg noko heilt enormt når eg las denne boka, rett og slett fordi det skjer så intenst lite. Det er nærmast eit ikkje-eksisterande plot i denne romanen, og sjølv ikkje den flotte historien om Junior og Linnie Mae klarte å redde førsteinntrykket mitt av denne boka. Det vart som ein monolog som aldri tar slutt. Eg veit at boka fins på Storytel og mogleg den er betre i lydform, men eg ynskjer ikkje å sjå A Spool of Blue Thread på shortlist om ein månad.

XOXO

Andre anmeldelser: Ann Helen og Linn.