Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Boris Pasternak. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Boris Pasternak. Vis alle innlegg

fredag 11. mai 2018

Bok: "Doctor Zhivago"

Forfatter: Boris Pasternak (1890-1960)
Originaltittel: Доктор Живаго, omsett av Richard Pevear og Larisa Volokhonsky
Utgitt: 1957
Min utgåve: 2011
Format: Lydbok, lest av Philip Madoc, 18t25min38sek
Forlag: Random House

Den russiske forfatteren Boris Pasternak vart fødd i Moskva der faren jobba som maler og illustratør for Tolstoj. Pasternaks einaste roman, Doctor Zhivago, mottok han nobelprisen for i 1958, men Pasternak har skrevet mange noveller og dikt. Doctor Zhivago var bannlyst i Sovjetunionen fram til 1988, men det hindra ikkje forleggere i å både trykke opp og gi den ut på fleire språk.


Doctor Zhivago handler om Yuri Zhivago som er doktor og poet. Det første møtet med Zhivago finner sted i hans mors begravelse då Zhivago er ti år, og han blir tatt hånd om av sin morbror då faren lenge har vore ute av biletet. Sentralt i historien står forholdet mellom Zhivagos to kvinner: Hustruen Tonja, men aller fremst den vakre Lara. Pasternak spenner opp eit lerret like stort som i Tolstojs Krig og fred med eit stort antall ulike mennesker og historier. Temaene i romanen er mange slik som det historiske, men og dei psykologiske som melankoli, ensomhet, kjærlighet, skyld og skjebne.

Eg har veksla litt mellom papir og lyd, og heldigvis for mitt velbefinnende fant eg ein flott oversikt over hovudpersonene i romanen i papirutgåva. Som andre russiske forfattere eg har lest er det sjølvsagt med fleire namn på kvar person og då gjelder det å halde tunga beint i munnen. Romanen er god, det er det ingen tvil om, men eg held ennå fast på at Anna Karenina er hakket lettere å lese enn Doctor Zhivago, om enn ikkje så romantisk anlagt.

XOXO